OHG-revyen er Årets revy!
7.4.2026 09:49:04 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Juryen har talt: Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!? er årets beste skolerevy!

ÅRETS SKOLEREVY: OHG-REVYEN I ALLE DAGER!?
TORSDAG 23. APRIL KL. 17.30 OG 20.30
HOVUDSCENEN
Avisene trilla 6 på terningen for OHG-revyen 2026. Ikkje overraskande var det også dei som stakk av med sigeren under Revykavalkaden som gjekk av stabelen 24. mars. Premien er å få vise revyen på sjølve Hovudscenen på Det Norske Teatret - så da er det berre for gjengen bak å begynne å øve igjen!

Blodslit og engasjement
Kvart år legg hundrevis av skoleelevar ned hundrevis av timar for å lage den aller beste revyen. Ei stor gruppe dedikerte elevar set alt anna på pause, for å gi publikum eit show dei seint vil gløyme. Det er beinhardt arbeid, blodslit, skyhøge ambisjonar og masse engasjement. Revykavalkaden bidreg til å løfte fram talentet som bur i alle skolerevyane - og under finalen fekk alle revyan vist fram det beste nummeret sitt.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder









Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
Suksessmusikalen Änglagård kjem til Noreg14.4.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Colin Nytleys ikoniske film Änglagård blei elska av publikum da han kom ut i 1992. For tre år sidan hadde musikalversjonen urpremiere i Sverige og blei ein umiddelbar publikumssuksess. I 2027 blir Änglagård årets store muskalhending, når framsyninga får Noregspremiere på Det Norske Teatret.
Pippi er klar for sirkus10.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom