Pippi er klar for sirkus
10.4.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.

PIPPI PÅ SIRKUS
av av Maria Blom, Björn Ulvaeus & Tilde Björfors
Basert på boka Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren
NOREGSPREMIERE LAURDAG 18. APRIL KL. 17.00
Når Pippi blir med Tommy og Annika på sirkus, vil ho ikkje sitte passiv og sjå på - ho vil vere med! Pippi får møte mellom andre Miss Carmencita, linedansaren Elvira og ein illsint sirkusdirektør. Det blir tumultar og misforståingar - men publikum elskar det!
Pippi er som alltid uredd og handlekraftig, og går ikkje av banen for å snakke dei vaksne imot. Til slutt tek ho utfordringa om å slåst med verdas sterkaste mann.

Suksess i Sverige
Pippi på sirkus hadde opphavleg premiere i Sverige i 2022, og fekk strålande mottaking av kritikarar og publikum. No er Pippi straks klar for å møte det norske folket.
Hovudscenen er fylt med spektakulær scenografi, glitrande kostyme, dyr, spreke artistar, musikarar og skodespelarar som gjer seg klare for å skape vaskeekte sirkus på teater.

ABBA-Björn gler seg til Noregspremieren
- Skal eg verkeleg gå inn og skrive om Astrid Lindgrens karakterar, kan eg verkeleg gjere det? Er det rett av meg å gjere det? spurde Björn Ulvaeus seg da han skulle i gang med å lage ein musikal av Pippi Langstrømpe.
No ser han fram til å komme på premieren for å sjå den norske versjonen av framsyninga han har vore med på å skape.
Les heile intervjuet.

Natalie er Pippi: Bestefar var sirkusartist!
Natalie Bjerke Roland skal dele rolla som Pippi med Catharina Vu. På teaterscenen har Natalie dei seinare åra gjort stor suksess både som Evita og i suksessmusikalen Europavisjonar. På TV har ho hatt hovudrolla i TV2-serien Fling. Men det som kanskje kvalifiserer aller mest til rolla som Pippi, er at ho har ein oldefar som var sirkusartist!
– Da han møtte oldemor, måtte han slutte med sirkuslivet, fortel Bjerke Roland.
Les heile intervjuet.

Sirkusregissøren: Her er alt mogleg
Tilde Björfors har turnert verda rundt med skandinavias første nysirkustrupp, Cirkus Cikör, som ho sjølv var med på å starte, og er professor i faget. No skal ho sørge for at Pippi på sirkus er full av spretne hopp, høge svev og fortrollande kunststykke.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder








Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
OHG-revyen er Årets revy!7.4.2026 09:49:04 CEST | Pressemelding
Juryen har talt: Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!? er årets beste skolerevy!
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
Pippi på sirkus i Relæxt versjon12.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme. - Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.
Gazaliv og Palestinaprogram12.2.2026 11:41:16 CET | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom