Statens vegvesen

Tar i bruk rundkøyring på E39 i Veibustkrysset onsdag morgon

16.12.2025 14:13:23 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og natt til onsdag vil trafikken blir ført over på ei midlertidig rundkøyring.

Illustrasjonen viser nytt køyremønster med rundkøyring i E39 Veibustkrysset. Rundkøyringa får rabattar, og fartsgrensa gjennom krysset blir no sett ned til 50 km/t.
Illustrasjonen viser nytt køyremønster med rundkøyring i E39 Veibustkrysset. Rundkøyringa får rabattar, og fartsgrensa gjennom krysset blir no sett ned til 50 km/t. Statens vegvesen

- Arbeidet har så langt gått etter planen. Vår entreprenøren, Busengdal AS, har plassert mykje kortreist stein frå Kongshaugstranda kloakkrenseanlegg, for å bygge  omkøyringsveg langs E39. Dette kjem til nytte i neste fase til våren, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.

Trafikken gjennom Veibustkrysset på E39 inn mot Ålesund frå sør vil gå som skissa over viser fram til månadsskiftet april/mai. Då vil det bli ei ny endring i køyremønsteret.

Hovudentreprisen i Veibustkrysset starta opp i byrjinga av november, og med ein mild desember såg entreprenøren ein moglegheit til å etablere rundkøyringa allereie no før jul.

- Det er mykje anleggstrafikk i området no, og ein rundkøyring vil betre trafikktryggleiken i anleggsfasen for alle trafikantar, seier Walbø.

På nyåret skal entreprenøren starte med å sprenge ut fjell sør for E39, for å gjere plass til nye av- og påkøyringsramper på E39 og bygge opp ny omkøyringsveg på sørsida av eksisterande veg.

-Vi oppfordrer folk til å vere merksam på endra køyremønster og sette ned farten, minner Walbø om.

Kontakter

Bilder

Illustrasjonen viser nytt køyremønster med rundkøyring i E39 Veibustkrysset. Rundkøyringa får rabattar, og fartsgrensa gjennom krysset blir no sett ned til 50 km/t.
Illustrasjonen viser nytt køyremønster med rundkøyring i E39 Veibustkrysset. Rundkøyringa får rabattar, og fartsgrensa gjennom krysset blir no sett ned til 50 km/t.
Statens vegvesen
Last ned bilde
Dronefoto fra Veibustkrysset viser at arbeidet med å bygge om krysset er kome godt i gang.
Dronefoto fra Veibustkrysset viser at arbeidet med å bygge om krysset er kome godt i gang.
Statens vegvesen
Last ned bilde
Entreprenøren Busengdal AS har fleire gravemaskinar i drift i Veibustkrysset.
Entreprenøren Busengdal AS har fleire gravemaskinar i drift i Veibustkrysset.
Statens vegvesen
Last ned bilde
Oversiktskart
Oversiktskart
Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye