Ventar over ein million kyrkjebesøk
1.12.2025 07:35:00 CET | Den norske kirke | Pressemelding
Jula er ei kristen høgtid og mange er innom kyrkja i løpet av desember. Dei meir enn 2000 gudstenestene på julaftan er det som samlar flest.

Den norske kyrkja forventar at meir enn ein million menneske kjem innom kyrkja i løpet av årets siste månad.
– Jul og kyrkje heng saman. Med meir enn 1600 kyrkjer over heile landet vil det vere mange moglegheiter til å få høyre juleevangeliet og synge Deilig er jorden. For mange er det dette som gir julestemning.
Det seier Harald Hegstad, som er leiar i Kyrkjerådet.
Med julekonsertar, lysmesser, skulegudstenester, barnehagevandringar, adventssamlingar og overnatting for 11-åringar er det eit variert program i kyrkjene før jul. Det mest populære er sjølvsagt gudsteneste på julaftan, der det er venta nærare ein halv million deltakarar.
Adventstida, som starta i går, handlar om å vente og å førebu seg på det som skal skje i jula, fortel Hegstad:
– Å gradvis tenne fleire lys i adventsstaken er ein fin måte å førebu seg på jula. Det kan ein både gjere heime rundt frukostbordet, eller på ei gudsteneste i kyrkja.
Nøkkelord
Kontakter
Anders Emil KaldholPressekontakt og seniorrådgiver
Tel:98801428ak547@kirken.noBilder

Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Ungdom får sommerjobb i kirken25.6.2026 12:52:03 CEST | Pressemelding
I sommer skal ungdommer være vertskap i åpen kirke, gi omvisning og gjøre praktiske oppgaver i menigheter over hele landet. Kirkerådets leder er særlig glad for å kunne gi jobb til de under 18 år. Se oversikt over hvilke menigheter som har fått sommerjobb-støtte fra kirken nasjonalt her.
Sjefsbiskop Olav Fykse Tveit: – Ikkje gjer skeive til ei sak16.6.2026 08:09:56 CEST | Pressemelding
I fjor sa Den norske kyrkja unnskyld til skeive. No minner preses Olav Fykse Tveit om belastninga som Pride-merksemd kan påføre skeive. Han oppmodar alle til å vere medvitne korleis vi møter kvarandre.
Bøn for kronprinsesse Mette-Marit i gudstenester på søndag4.6.2026 11:22:25 CEST | Pressemelding
I Den norske kyrkja er det ofte forbøn for kongen og hans hus. På søndag oppmodar biskopane i folkekyrkja å særskilt be for kronprinsessa og familien.
Dette er den nye biskopen i Stavanger21.5.2026 19:00:00 CEST | Pressemelding
Kirkerådet har tilsatt Tor Magne Nesvik som ny biskop i Stavanger bispedømme. Han kommer fra stillingen som prost i Ytre-Stavanger og konstituert domprost i Stavanger. Den nye biskopen presenteres i Stavanger domkirke i morgen, 22. mai kl. 11.00.
Presseinvitasjon: Møt ny Stavanger-biskop18.5.2026 14:46:33 CEST | Pressemelding
På torsdag tilsetter Kirkerådet ny biskop i Stavanger bispedømme. Pressen inviteres til å møte den nye biskopen i Stavanger domkirke fredag 22. mai kl. 11.00.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom