Den norske kirke

Bøn for kronprinsesse Mette-Marit i gudstenester på søndag

4.6.2026 11:22:25 CEST | Den norske kirke | Pressemelding

Del

I Den norske kyrkja er det ofte forbøn for kongen og hans hus. På søndag oppmodar biskopane i folkekyrkja å særskilt be for kronprinsessa og familien. 

På søndag vert det forbøn for Kronprinsesse Mette-Marit i Den norske kyrkja. Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja.
På søndag vert det forbøn for Kronprinsesse Mette-Marit i Den norske kyrkja. Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja.

Biskopane i Den norske kyrkja oppmodar til å ta ein eit forbønsledd om kronprinsessa i gudstenesta søndag.

Mange søndagar ber kyrkjene for «Kongen og hans hus». 

– Når ein i Kongehuset er alvorleg sjuk er det naturleg at vi tek dette konkret med i forbøna, seier leiande biskop Olav Fykse Tveit.

Han seier at kongen og kronprinsen den siste tida har fortalt ope i media om ei alvorleg sjuk kronprinsesse.

– Eg håpar alle som ber, vil vere med på å be for kronprinsesse Mette-Marit. I Den norske kyrkja vil vi be for ho og dei som står ho nær denne sundagen.

Bøna som er sendt ut til alle prestane i folkekyrkja ser slik ut:

I denne tida ber vi særleg for kronprinsesse Mette-Marit, som er ramma av alvorleg sjukdom. Vi ber og for dei som står henne nærast.

Gud, ver nær med di omsorg, gjev trøyst, mot og styrke. Lat henne kjenne at ho ikkje er åleine, men omslutta av bøn og kjærleik.

Miskunnsame Gud, ta i mot oss og våre bøner. Lat ditt ljos skine over oss alle. Gud, vi ber.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

På søndag vert det forbøn for Kronprinsesse Mette-Marit i Den norske kyrkja. Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja.
På søndag vert det forbøn for Kronprinsesse Mette-Marit i Den norske kyrkja. Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja.
Last ned bilde

Om oss

65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane. 

Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D

Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet. 

kyrkja.no

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Den norske kirke

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye