Statens vegvesen

E134 Vats får veglys

Del

Statens vegvesen skal montera veglys på E134 i Vindafjord, frå Øvre Vats Bedehus til krysset mot Øygardsvegen.

Statens vegvesen monterer veglys på denne E134-strekninga i Vats i Vindafjord i Rogaland. Illustrasjon: Statens vegvesen
Statens vegvesen monterer veglys på denne E134-strekninga i Vats i Vindafjord i Rogaland. Illustrasjon: Statens vegvesen

Dei førebuande arbeida på den 1,5 kilometer lange strekninga startar måndag 1. desember.

Heile prosjektet skal etter planen vera ferdig innan utgangen av første kvartal 2026.

– Arbeidstidene blir måndag-fredag klokka 07.00-17.00. Det blir lysregulering av trafikken medan vi jobbar. Respekter dette, for alles tryggleik, seier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

I tråd med regelverket vert det også nedsett fartsgrense medan vi ikkje jobbar, legg han til.

Gang- og sykkelvegen vil vera delvis fråverande i periodar, men sidearealet vil vera mogleg å gå på.

Det kan vera noko redusert framkomst, men entreprenør Jostein Myge AS stiller med erfarne folk som har gjort slike jobbar mange gongar før.

Dei vil vera observante og behjelpelege om det er personar som treng hjelp for å koma seg forbi.  Spesielt vil dei vera opptekne av skuleborn som passerer.

Nøkkelord

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye