Riksantikvaren vil frede området rundt Bergenhus
12.11.2025 10:06:04 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Områdefreding av Noregs viktigaste innsegling skal no ut på høyring.

Bergenhus festning syner Bergens viktige rolle som handels- og maktsenter heilt frå mellomalderen og fram til i dag.
– Historia til Bergen som levande hamneby er uløyseleg knytt til innseglinga til Vågen og Bergenhus festning, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– No ser vi fram til å få innspel i høyringa. Vi veit at bergensarane engasjerer seg i historia til byen sin, og vi trur det kjem til å kome mange gode innspel, seier Geiran.
Fredinga skal sikre at den framtidige utviklinga i og rundt Vågen er føreseieleg, og at den skjer på festningens premissar. Bergen har alltid vore ein hamneby, og fredinga sikrar denne forteljinga for framtida.
– Den nære tilknytinga til kulturmiljøet i og rundt Vågen er også viktig for verdsarven på Bryggen. Festninga er eit symbol på byen, og saman med Bryggen er Vågen heilt unik i norsk og internasjonal samanheng, seier Geiran.
Områdefredinga på Bergenhus har vore varsla i fleire omgangar, og den skal ivareta området rundt Bergenhus festning og Skuteviken.
Sjølve festninga blei freda ved føreskrift i 2006, Skuteviksbodene i 1983 og Bryggen vart verdsarv i 1979. Det har heilt frå starten vore intensjonen at festningsområdet skal sikrast med ei områdefreding.
– Det er dei største skipa, for eksempel cruiseskip og supply-båtar, som avgrensingane først og fremst vil gjelde, seier Geiran.
– Relativt store fartøy, som f.eks. seilskip, mindre og mellomstore passasjerfartøy, store fiskefartøy, og lystfartøy vil kunne legge til i fredningsområdet som før, seier Geiran
Frist for å senda inn innspel er 1. februar.
Nye regler sikrar nasjonalmonumentet
I fredingsforslaget er fredingsområdet i hamna delt inn i ulike soner. Her er det to sonar som har avgrensingar for anløp av større fartøy. Den skal sikre opplevinga av Bergenhus og kulturmiljøet rundt.
Det ligg også føre to alternativ til avgrensingar. Felles for begge alternativ er at større skip no som hovudregel skal legge til ved Skoltegrunnskaien.
– Sjølv om fredinga kjem med avgrensingar, så er dei til for å sikre at området er tilgjengeleg for Bergens befolkning også frå sjøen og frå områdane rundt. Dette er også eit viktig punkt i kommuneplanen, vedtatt av Bergen kommune. Bergens identitet er nært knytt til livet i hamna, sjøen og sjøfart, og fredinga sikrar den forteljinga om Vågen og Bergenhus for framtida, seier Geiran.
– Samstundes ønskjer vi ikkje fri tilgang for dei største cruiseskipa og supplybåtar som ruvar over festningsområdet. Det er dette me freistar å holde att på med desse avgrensingane. Det skal ikkje gjelde mindre fartøy, som eksempelvis verna fartøy, og heller ikkje Forsvarets kampfartøy, flåtebesøk og kongeskip, seier Geiran.
Hamnebyen Bergen
Bergenhus og Sverresborg var det kongelege og kyrkjelege maktsenteret i Noreg i mellomalderen.
Her finst det restar etter anlegg frå mellomalderen, som kyrkjer, klosteranlegg, borg- og festningsanlegg, kongsgard og bispegard.
Området, med bygningar og anlegg, spenner over eit stort tidsrom, frå mellomalder og fram til 1900-talet. Bergenhus blei alt på 1840-talet omtala som nasjonalmonument av blant anna J. C. Dahl, og er nemnd i tekster av Henrik Wergeland.
I Skuteviken strekk sjøfartshistoria seg heilt tilbake til mellomalderen. Nokre av sjøbodene stammar frå seint 1600-tal. Kulturmiljøet her er svært verdifullt, og vart freda i 1983. Næringsverksemda var den same her som på Bryggen, som i dag er ein av Noregs åtte stader på UNESCOs verdsarvliste.
– Vår vurdering er at områdefredinga er nødvendig for å gje eit godt, varig og forutsigbart vern og forvaltingsgrunnlag for området rundt festninga, seier Geiran.
I 2024 var det 328 cruiseanløp til Bergen Havn, fordelt på Jekteviken, Hurtigrutekaien, og i fredingsområdet. Forslaget til regelverk i området vil få tyding for hamna si kapasitet, men dei aller fleste skip kan takast imot i hamna også i åra som kjem.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder




Dokumenter
Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger13.3.2026 13:46:23 CET | Pressemelding
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
Se oversikten: Disse 208 kirkene får tilskudd9.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 kan det utbetalt en halv milliard kroner til kirkebevaring.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til bygder, byar, næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til prosjekt som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byar, næring og industri.
12 millioner til brannsikring av viktige trehus23.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 deler ni fylker 12 millioner til brannsikring av våre verdifulle trehusområder.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom