Lyser ut trafikksikringstiltak på rv. 7 i Måbødalen
30.10.2025 14:45:35 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Tunnelane i Måbødalen skal utbetrast, før forventa trafikkauke over Hardangervidda når Lærdalstunnelen blir nattestengt neste haust. Arbeid i fire tunnelar er no utlyst.

- I samband med oppgradering av Lærdalstunnlen som startar neste haust, ventar me ei auke i trafikken på Rv.7 over Hardangervidda. For å gjere vegen betre rusta for trafikken, lyser vi difor ut eit prosjekt for å auke trafikksikkerheita i tunnelane og generelt på strekninga, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
Måbødalen ligg i Eidfjord kommune, og det er no lyst ut arbeid i fire tunnelar på strekninga på rv. 7:
- Kvernhushaugtunnelen - opna i 1983 og er 542 meter lang.
- Måbøtunnelen - opna i 1986 og er 1893 meter lang.
- Storegjeltunnelen - opna i 1980 og er 842 meter lang.
- Dalbergtunnelen - opna i 1967 og er 335 meter lang.
Årsdøgntrafikken i Måbødalen er på ca. 1600 køyretøy, men det er stor trafikkauke på sommaren og mykje aktivitet i samband med turistme til Vøringsfossen. Tunnelane har bratt stigning på ca. 8%.
Får utstyr til å avdekke varmgang
Mellom anna skal det monterast opp termoskannar som registrerer varme i bremsar og motor på tunge køyretøy. Dersom systemet registrerer for høg temperatur, skal køyretøy leiast inn på oppstillingplass for avkjøling.
Andre tiltak som skal gjerast:
- Montering av stengepunkt, bommar og raudblink.
- Levering og montering av naudstasjonar, naudstyreskap, rømningslys og fordelingar.
- Montering av skilt og skiltgalger.
- Graving av grøftar og legging av trekkerøyr.
- Kamera ved bommar.
- Tellesløyfe for automatisk trafikkteljing.
- Automasjon.
- Gatelys.
Vegtrafikksentralen vil få betre oversikt over strekninga når det nye utstyret er installert, med nye bommar og kamera. Per i dag finst det ikkje bommar som kan stenge vegen, dersom bilar får problem i ein av tunnelane.
Statens vegvesen forventar oppstart på arbeidet i månadsskiftet febr/mars, og første delfrist er i slutten av juni. Alt arbeid skal vere ferdig og utstyr testa før Lærdalstunnelen startar oppgraderingsarbeid i september.
Kontakter
Eirik Matre RøtheProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging Tunneloppgradering
Tel:412 06 131eirik.rothe@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ny gul midtstripe på rv. 415.6.2026 18:28:25 CEST | Pressemelding
Strekningen mellom Stasjonsbyen og Ljosåna på rv. 41 er ferdig utbedret og har fått gul midtstripe. Nå starter Statens vegvesen bygging av den neste parsellen, Ljosåna–Sundtjørn.
E6 i Innlandet: Asfaltering mellom Kolomoen og Skaberud gir redusert framkommelighet5.6.2026 10:16:30 CEST | Pressemelding
Fra 10. til 12. juni skal Statens vegvesen asfaltere E6 i retning Oslo mellom Kolomoen og Skaberud i Stange kommune. Arbeidet pågår hele døgnet og vil føre til redusert framkommelighet og noe venting. Vi ber trafikantene sette av ekstra tid.
Arbeidet med hovudkablane til nye Sotrabru starta i dag4.6.2026 15:02:46 CEST | Pressemelding
Litt før klokka 10:00 torsdag blei den første av totalt 82 delkablar trekt over fjorden, og dermed er ein av dei mest sentrale fasane i bygginga av brua i gang.
Lærling markerte byggestart på rv. 804.6.2026 13:27:41 CEST | Pressemelding
Byggingen av fem kilometer ny rv. 80 mellom Sandvika og Sagelva er i gang. Skal gi tryggere og raskere veg mellom Bodø og Fauske.
Viktig vedlikehold av E6 Skogn-Ronglan fra søndag kveld4.6.2026 11:03:41 CEST | Pressemelding
Fra førstkommende søndag til fredag 12. juni blir det utført nødvendig vedlikeholdsarbeid på E6 mellom Skogn og Ronglan. Arbeidet utføres på kveld og natt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom