Den norske kyrkja seier unnskyld til skeive
I dag sa Olav Fykse Tveit, den leiande biskopen, unnskyld for skam, smerte og skade som Den norske kyrkja har påført skeive. Han uttrykte sa samtidig takk til alle som hadde bidrege til endring.

På London Pub i Oslo i dag, sa Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit, unnskyld til alle skeive og pårørande.
– Den norske kyrkja har påført skeive skam, stor skade og smerte. Det skulle ikkje skjedd. Difor seier eg i dag: Unnskyld!
Innleiingsvis lista preses opp ei rekke av måtane kyrkja gav skeive skader og smerte, mellom anna at kyrkja nekte likekjønna par å gifte seg, at kvalifiserte skeive ikkje fekk jobbe i kyrkja – og at HIV og AIDS vart kalla Guds straff over homofile.
– Dette har ført til at skeive har kjent på skam, som resultat av ei rådande forteljing av kva kjærleik som er riktig eller feil, og press frå kyrkja til å skjule eller fornekte kven dei var, sa Fykse Tveit.
Samtidig var han oppteken av å takke dei som hadde bidrege til utvikling i kyrkje og samfunn:
– Takk til alle som har kjempa. For seg sjølv og for andre. Takk til deg som tok kampen åleine, og til deg som organiserte deg. Takk til deg som heiste flagget, i påvente av nye vedtak i kyrkja. Utan dykk hadde vi ikkje stått her i dag.
Les heile talen: Unnskyld til skeive
Kjære alle saman,
Vi er samla på London pub. Dette er ein symboltung stad. Ein trygg stad for skeive gjennom nesten femti år. Men også staden der terroren råka under Oslo Pride 25. juni for tre år sidan.
Takk for at vi får vere her!
I 2022 erkjente biskopane i Den norske kyrkja at den institusjonen vi leier har påført skeive smerte og skade. Då er det rett at vi også tar ansvar som kyrkje, og seier unnskyld.
Nokon kan tenkje at det er for seint, nokon meiner det er for tidleg. Vi meiner det er rett å ikkje vente lenger.
Vi, biskopane i Den norske kyrkja, markerer i dag verken eit startpunkt eller at vi er i mål. Likevel er dette ein merkedag. Dei siste åra har vi hatt ei rekkje møter og samtalar med skeive og deira ulike interesseorganisasjonar. Det er raust når dei som tidlegare opplevde seg fordømt av kyrkja, har tatt i mot oss med opne armar. Det er nåde.
Eg gler meg over dette, og ser fram til å møtast vidare!
Fleire har formulert og fortalt sine historier, og latt oss få del i dei. Det gjer sterkt inntrykk å lytte til medmenneske sine opplevingar og livserfaringar. For mange har det kosta mykje å dele, å gjere seg sårbar – også på den måten. Takk til alle som har delt si forteljing!
Vi har høyrt om kva kyrkja har betydd. På godt og vondt – men mest på vondt i denne samanhengen. Det gjeld haldningar til skeive og deira liv. Det handlar om kyrkjas praksis i formelle og uformelle møter og samtalar – i alt som er sagt og alt som ikkje er sagt.
Det har hatt store negative følgjer for mange menneske:
– Kyrkja nekta lesbiske og homofile å jobbe i kyrkja, sjølv om dei var kvalifiserte.
– Frivillige medarbeidarar fekk ikkje plass eller bidra i fellesskapen i kyrkja – på grunn av legning eller samliv.
– HIV og AIDS vart kalla Guds straff over homofile. Det legitimerte stigmatisering og fordøming av HIV-positive. Deira pårørande har framleis sår etter dette.
– Lenge nekta kyrkja å gje forbøn for likekjønna par og å vie dei til ektefolk i kyrkja.
– Kyrkjas rom er enno ikkje trygge nok for transpersonar.
– Mange av dei som bryt med normene til kjønn og samliv vart halde utanfor av kyrkjefellesskapen.
– I samtalar har representantar frå kyrkja redusert den skeive kjærleiken til å vere følelsar, som kunne skrus av som ein brytar med eit klikk.
Dette er nokre døme, og vi veit at det er fleire – diskriminering, forskjellsbehandling og trakassering.
Dette har ført til at skeive har kjent på skam, som resultat av ei rådande forteljing av kva kjærleik som er riktig eller feil, og press frå kyrkja til å skjule eller fornekte kven dei var.
Mange opplever at det er ikkje plass for dei. Nokon har sagt frå seg medlemskap i kyrkja, nokon fortel at dei mista trua. Det har vore ei stor påkjenning – for dei det gjaldt og deira familie og vener.
Gud skaper oss alle i sitt bilete, med det verd og den verdi det inneber. Bibelen fortel om menneske som fekk møte Jesus. Han reiste dei opp, og viser oss alle kva fellesskap er.
Det er også vårt oppdrag som kristne. Men som vi har erkjent, har vi feila gang på gang: Ord, haldningar og handlingar har stått i vegen. Mange har sett kva som har skjedd, utan at endring har fått rom.
Gjennom fleire tiår har prestar og diakonar i sjelesorg og fortrulege samtalar teke i mot skeive sine livserfaringar. Om tap, om det såre, men også om trua, håpet og kjærleiken. For mange har dette vore gode samtalar, men kyrkja si stemme i det offentlege rommet har ofte sagt noko anna.
I 1954 kalla Bispemøtet skeive ei «samfunnsfare av verdensdimensjoner» og på 80–90-talet fekk fordøming av HIV-positive stå uimotsagt i kyrkja. Men noko har skjedd dei siste tiåra: I 2007 opna Kyrkjemøtet for at «homofile i partnarskap» kunne bli vigsla til stillingar i kyrkja. I 2016 vedtok Kyrkjemøtet at likekjønna par kunne gifte seg i kyrkja. Og godt er det!
Å seie unnskyld forpliktar. Det handlar om korleis vi no skal møte kvarandre.
Kvar gong skeive og kyrkje er eit tema i offentleg debatt, er det ei belastning for skeive generelt – og særleg for skeive tilsette.
I 2020 kom ein rapport om skeive tilsette i kyrkja med tittelen «Å være en sak». Den viste at det å vere skeiv tilsett i Den norske kyrkja har vore ei stor belastning for den einskilde. Det har skapt minoritetsstress og gjort det vanskeleg å gjere den jobben dei var tilsett for å gjere. Slik kan vi ikkje ha det, og dette har kyrkja som arbeidsgjevar ansvar for.
På måndag fekk vi presentert ein rapport om korleis transpersonar erfarer kyrkja, som eit trygt eller utrygt rom. Her har vi framleis mykje å lære, til dømes kor viktig regnbogeflagget kan vere for å skape tryggleik.
I dag ser vi at menneske med LHBT+-identitet mistar sine grunnleggjande rettar mange stader i verda. Dei vert utsett for vald og stigmatisering. Ikkje sjeldan skjer det med ei form for religiøs grunngjeving, også i kristentruas namn. Vi må alle ta ansvar for å motverke dette – ikkje minst kyrkja.
Trua på Gud kan gje oss mot til å vere den vi er. Mot til å stå opp for andre og for oss sjølve. Mange skeive har vore modige og gjort det. Takk og lov!
Dei har langsamt, steg for steg, gjort mykje for å gje ny innsikt og skape nye haldningar. Nokre har stått i kampar og stormar åleine, andre har stått saman og organisert seg i lag med støttespelarar. Det gjev håp om at endring alltid er mogeleg, og at vi ikkje må gje opp.
Endringane har teke tid. Det har vore krevjande for mange. Nokre heldt rett og slett ikkje ut. Nokon av dei som skulle høyrt vår unnskyldning, er ikkje lenger mellom oss.
Endringane har teke tid, og noko har faktisk endra seg. Eit samfunn der ein kan elske den ein vil, og vere den ein er, gjer Noreg og verda til ein betre stad.
Difor er det i dag også på sin plass å seie: Takk!
Takk til alle som har sett ord på sine erfaringar og opplevingar.
Takk til alle som har kjempa. For seg sjølv og for andre.
Takk til deg som tok kampen åleine, og til deg som organiserte deg.
Takk til deg som heiste flagget, i påvente av nye vedtak i kyrkja. Utan dykk hadde vi ikkje stått her i dag.
Takk for fellesskap på regnbogegudstenester.
Takk for at kyrkja får rom i Pride-paradar, skulder ved skulder. Takk for at vi kan gå vidare saman.
Takk til deg som sa frå kva du opplevde, sjølv om det var best for deg å halde avstand.
Takk til deg som trass i det som var undertrykkjande, ikkje gav opp trua og kyrkja.
Takk til alle som har gjort sitt for at folkekyrkja er på ein annan stad i dag, enn vi var før.
Den norske kyrkja har påført skeive skam, stor skade og smerte. Det skulle ikkje skjedd.
Difor seier eg i dag:
Unnskyld!
Nøkkelord
Kontakter
Emil EngesetKommunikasjonsdirektør
Tel:47906092ee457@kirken.noAnders Emil KaldholPressekontakt og seniorrådgiver
Tel:98801428ak547@kirken.noLenker
Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Forutsigbar finansiering av folkekirken bygger fellesskap15.10.2025 10:42:26 CEST | Pressemelding
– En forutsigbar finansiering av folkekirken bygger fellesskap over hele landet. Det er et viktig premiss for budsjettforhandlingene på Stortinget, sier kirkerådsleder Harald Hegstad.
Presseinvitasjon: Den norske kirke vil si unnskyld til skeive30.9.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Den norske kirke inviterer til London Pub 16. oktober. Der vil preses Olav Fykse Tveit på vegne av Bispemøtet i Den norske kirke vil si unnskyld til skeive. Etterpå er det gudstjeneste i Oslo domkirke. Pressen er invitert til både London Pub og Oslo domkirke, og bes melde seg på til ak547@kirken.no før 15. oktober kl. 12.00.
Over 200 ungdommer i kirkesommerjobb22.9.2025 08:35:00 CEST | Pressemelding
I sommer hadde flere hundre ungdommer sommerjobb i Den norske kirke. – Fin sommerjobb der fokuset går bort fra penger, men heller på medmennesker, forteller en av ungdommene.
Stig Lægdene er ny biskop i Nord-Hålogaland18.9.2025 19:15:00 CEST | Pressemelding
Kirkerådet har tilsatt Stig Lægdene som ny biskop i Nord-Hålogaland bispedømme. Han kommer fra stillingen som domprost i Tromsø. Den nye biskopen presenteres i Tromsø domkirke i morgen, 19. september kl. 11.00.
Presseinvitasjon: Møt ny biskop i Nord-Hålogaland15.9.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Denne uken tilsetter Kirkerådet ny biskop i Nord-Hålogaland bispedømme. Presse inviteres til pressemøte med den nye biskopen fredag 19. september kl. 11.00 i Tromsø domkirke eller å følge digitalt. Påmelding for presse til ak547@kirken.no i forkant.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom