Ny stenging på E16 Bergen-Voss om 14 dagar
5.9.2025 14:44:35 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Laurdag 20. september blir det støyp av ny portal-seksjon på Dalseidtunnelen. Dette betyr at E16 vert stengd frå laurdag kl. 07.00 og fram til søndag 21. september kl 12.00.

- Støypejobben sist helg gjekk etter planen, og trafikkavviklinga gjekk noko betre enn første helgen. No er me klare til nok ein stor støyp om ca 14 dagar. Dette blir den tredje av totalt fire støypar, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
Slik som sist, må europavegen haldast stengd medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengd for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.
Stengt i over eitt døgn
E16 blir stengd ved Dalseidtunnelen frå kl 07.00 på morgonen laurdag 20. september og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.
Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.
Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.
Ved svært dårlege vêrmeldingar, kan støypen bli flytta fram ei veke, til laurdagen etter.
Skredsikring
Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.
I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet. Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Sjølve betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026.
Kontakter
Eirik Matre RøtheProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging Tunneloppgradering
Tel:412 06 131eirik.rothe@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ny gul midtstripe på rv. 415.6.2026 18:28:25 CEST | Pressemelding
Strekningen mellom Stasjonsbyen og Ljosåna på rv. 41 er ferdig utbedret og har fått gul midtstripe. Nå starter Statens vegvesen bygging av den neste parsellen, Ljosåna–Sundtjørn.
E6 i Innlandet: Asfaltering mellom Kolomoen og Skaberud gir redusert framkommelighet5.6.2026 10:16:30 CEST | Pressemelding
Fra 10. til 12. juni skal Statens vegvesen asfaltere E6 i retning Oslo mellom Kolomoen og Skaberud i Stange kommune. Arbeidet pågår hele døgnet og vil føre til redusert framkommelighet og noe venting. Vi ber trafikantene sette av ekstra tid.
Arbeidet med hovudkablane til nye Sotrabru starta i dag4.6.2026 15:02:46 CEST | Pressemelding
Litt før klokka 10:00 torsdag blei den første av totalt 82 delkablar trekt over fjorden, og dermed er ein av dei mest sentrale fasane i bygginga av brua i gang.
Lærling markerte byggestart på rv. 804.6.2026 13:27:41 CEST | Pressemelding
Byggingen av fem kilometer ny rv. 80 mellom Sandvika og Sagelva er i gang. Skal gi tryggere og raskere veg mellom Bodø og Fauske.
Viktig vedlikehold av E6 Skogn-Ronglan fra søndag kveld4.6.2026 11:03:41 CEST | Pressemelding
Fra førstkommende søndag til fredag 12. juni blir det utført nødvendig vedlikeholdsarbeid på E6 mellom Skogn og Ronglan. Arbeidet utføres på kveld og natt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom