Nordisk råds litteraturpris-nominerte Arne Lygre med nytt skodespel
1.4.2025 12:08:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Arne Lygre er aktuell med eit nytt skodespel på Hovudscenen. Nok ein gong er det Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell som står for regi og scenografi, slik dei gjorde med den overraskande braksuksessen Tid for glede. I Ikkje ein lyd handlar det om å høyre til, og å lande i sitt eige liv.

IKKJE EIN LYD
av Arne Lygre
URPREMIERE SØNDAG 6. APRIL KL. 16.00
HOVUDSCENEN
Alle kjem frå ein plass. Mange kjem frå ein mindre plass. Mange av oss har reist heimanifrå av ulike grunnar. Nokre flyktar frå noko. Andre dreg ut med store draumar. Nokre vil berre vekk.
Men så er det også dei som reiser heim igjen. Kanskje vil dei tilbake for å finne eit rolegare liv. Kanskje draumen brast, og dei søker å finne noko håpar dei la igjen der heime. Felles for mange som reiser tilbake, er at dei håpar å finne noko som kan kallast røter, seg sjølv eller ei tilhøyrsle dei ikkje fann der ute.
I Ikkje ein lyd samlast sju vaksne menneske på ei øy ein sommar, der dei saman håpar å kunne skape noko av det dei har sakna.
Skugge frå fortida
Under det heile dirrar eit traume frå ungdommen. Det var ein gut som forsvann, som dei alle leitte etter, men som ikkje blei funnen. No kjem også han tilbake, men som ein annan, som ei kvinne. Som ein som ikkje gav ein lyd frå seg i alle desse åra.

Suksess-lag bak framsyninga
På scenen har scenograf Nia Damerell skapt tre mikrohus, som handlinga kretsar rundt og inni. Det blir festar, det blir lette og tyngre samtalar der mykje om livet, kven ein er og har vore kjem til overflata. Johannes Holmen Dahl er ein regissør som har vist eit godt handlag med teater der ordet står i sentrum. Sist han gav seg i kast med ein ny tekst av Arne Lygre var med suksessen med Tid for glede, som blei sett av over 30.000 publikummarar.

Dramatikar i vinden
Arne Lygre er ein høgt prisa dramatikar som har nådd ut til eit stort internasjonalt publikum. Teaterstykka hans er omsett til over 20 språk, og blir sette opp over heile verda. I 2004 vann han Brageprisen for novellesamlinga Tid inne, og no er han aktuell kandidat til Nordisk råds litteraturpris.
Leikent ensemblePå scenen står eit leikent og sterkt ensemble på sju, klare til å formidle Lygres ferskaste teatertekst. Fire har vendt tilbake til heimplassen. To er nye i det vesle samfunnet, mens ein av dei aldri drog. Nokre har funne til øya for å kome unna livet dei hadde, andre for å finne tilbake til det som eingong var, det som dei kanskje har mista.

Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder
























Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
Suksessmusikalen Änglagård kjem til Noreg14.4.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Colin Nytleys ikoniske film Änglagård blei elska av publikum da han kom ut i 1992. For tre år sidan hadde musikalversjonen urpremiere i Sverige og blei ein umiddelbar publikumssuksess. I 2027 blir Änglagård årets store muskalhending, når framsyninga får Noregspremiere på Det Norske Teatret.
Pippi er klar for sirkus10.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.
OHG-revyen er Årets revy!7.4.2026 09:49:04 CEST | Pressemelding
Juryen har talt: Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!? er årets beste skolerevy!
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom