Det kokar over på Scene 3 i mai og juni
Skulle du gjerne ha lært deg å lage Vest-Afrikas mest populære rett, jollof rice? Eller er du klar for ein kveld der du kan få den komplette samlinga av byens heitaste spelkort? Dette – og mykje meir – kan du oppleve på Scene 3! I tillegg blir det undergrunnsteater, konsert, stand up og Tekken-turnering i mai og juni.

ULIKE SIDERETTAR PÅ SCENE 3
2. MAI - 6. JUNI
SCENE 3
I tillegg til teaterframsyningar byr kuratorane Tani Dibasey og Only Slime på ulike siderettar til teaterprogrammet på Scene 3. Her er det mykje ulikt å få med seg for den som likar seg utanfor komfortsona, og for den eventyrlystne.

Lær deg å lage jollof rice med Bridget Dery!
Medan ho deler dei beste tipsa om korleis ein lagar den herlege ghanesiske retten - vil ho også gi råd om romantiske relasjonar, mental helse og sjølvverd.
Også inkludert: Litt reggae-dansing, litt african beats… og overraskingar!

Dette er for dei innvigde, dei som kjenner til Eiichiro Oda sitt meisterverk av ein tekneserie, One Piece.
Mankirat Singh og Aleksander Holmen er ekte fans, og vil gå djupt inn i bakhistoria til dette teikna universet, som har gjort inntrykk på så mange over heile verda.

Mohammed Hassan og Taume P. Dery inviterer til ein uortodoks runde med stand up!
Det vil også bli dansenummer, musikkinnslag og overraskande gjestar.

Visste du at Scene 3 har sine heilt eigne eksklusive trading cards, som det går an å spele med?
Alle karakterane som er med på Scene 3 gjennom året har sitt eige kort, og ulike skills, styrkar og svakheiter. Denne kvelden blir det ein grand tournament med Scene 3-trading cards!

Mange som er fødde på 80- og 90-talet har eit nostalgisk forhold til spelet Tekken.
Kvelden før nasjonaldagen inviterer Scene 3-gjengen til å få ut agget på Tekken, og det til levande musikk.

Velkommen til eit nachspiel frå helvete!
Oslo Vanker er ei interaktiv teaterframsyning som utforskar det unge festmiljøet i Oslo. Vi møter fem ikkje-lovande unge vaksne i kjellaren på DUNKDUNK, der draumar og ambisjonar blir drukna i lystig galskap.

"Den mest spennende debuten i norsk musikk på lenge", skreiv Aftenposten om EPen Deep Fishing da den kom ut i 2021, og trilla fem på terningen.
6. juni kan publikum oppleve det eklektiske elektronikabandet på Scene 3. Dei blandar element frå jazz og improvisert musikk med klubbmusikk. Dei nyttar akustiske instrument som trekkspel, gitar, piano og blandar det med tunge bassrytmar, synthar og programmerte trommer.
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder
Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Julian Blaue om kunst og sjalusi4.12.2025 14:55:31 CET | Pressemelding
Scenekunstnaren Julian Blaue og forfattaren Edy Poppy er begge kjende for å nytte sine eigne liv i kunsten sin. No kjem kunstnarparet til Scene 3 med ei framsyning om sjalusi, kunstnarleg avundsjuke og kva teater eigentleg er.
Sara Khorami blir Sally Bowles i Cabaret2.12.2025 09:35:18 CET | Pressemelding
Det er første gong Sara Khorami står på scenen i ein musikal, når ho tar publikum med til dei harde 30-åra og den lurvete Kit Kat Klub i Cabaret. I oktober neste år møter vi henne som den uimotståelege nattklubbsongerinna Sally Bowles, ei rolle som tidlegare er gjort av mellom andre Judy Dench, Liza Minelli og Emma Stone.
Årets Juleroser med Herborg Kråkevik, Frida Ånnevik og Solveig Kloppen14.11.2025 11:12:44 CET | Pressemelding
I fjor starta Det Norske Teatret ein ny tradisjon med Herborg Kråkeviks overskuddsprosjekt Juleroser, eit levande juleblad, på Hovudscenen. Også i år skrur vi julestemninga på maks. Det skjer tre søndagar i advent. Årets Julerose-artist, Frida Ånnevik, er med på scenen. Det er også Solveig Kloppen, Birkelunden Mannskor og Det Norske Teatrets skodespelarar Ina Svenningdal, Johan Hveem Maurud og Kim Helge Strømmen.
Kva for augeblikk formar liva våre?11.11.2025 07:05:00 CET | Pressemelding
Nokre hendingar sender oss menneske i ei heilt ny retning og endrer liva våre for all framtid. I Göran Tunströms vakre og sorgtunge forteljing Juleoratoriet går det tre generasjonar før familien finn fred med Solveig Nordenssons brutale død.
Suksessversjon av Les Misérables får noregspremiere6.11.2025 07:05:00 CET | Pressemelding
Danske kritikarar jubla da teaterversjonen av Les Misérables hadde premiere på Betty Nansen Teatret i København, og framsyninga hanka inn den gjæve teaterprisen Reumert for Beste samspel. No skal eit norsk publikum få oppleve "Les Mis" i rå teaterform.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom






