Julian Blaue om kunst og sjalusi
Scenekunstnaren Julian Blaue og forfattaren Edy Poppy er begge kjende for å nytte sine eigne liv i kunsten sin. No kjem kunstnarparet til Scene 3 med ei framsyning om sjalusi, kunstnarleg avundsjuke og kva teater eigentleg er.

THOSE WHO DON´T EXIST/ DEI SOM IKKJE FINST
av Julian Blaue i Falk sin regi
TYSDAG 9. OG ONSDAG 10. DESEMBER KL. 19.00
SCENE 3
Julian Blaue er ein kunstnar og dramatikar med ekstreme opp- og nedturar. Kjærasten og forfattaren Edy Poppy har nådd nye kunstnarlege høgder i livet. Kanskje er det difor Blaue vil utslette egoet til alle som driv med kunst? Særleg Poppy sitt? Han hevdar at kunsten berre blomstrar når han vert manifestert utover egoet. Men kva med Blaues ego?
Dei som ikkje finst er skrive av Julian Blaue, og det er han sjølv, kjærasten Edy Poppy, barna og venene deira som spelar karakterane.
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
Medmenneske opnar Olav Duun-året 20268.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.
Serhat Yildirim tek over for Jonas Benyoub5.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Jonas Benyuoub trer til side og gir hovudrolla i suksessframsyninga Da vi var yngre vidare til skodespelar Serhat Yildirim.
Sara Khorami blir Sally Bowles i Cabaret2.12.2025 09:35:18 CET | Pressemelding
Det er første gong Sara Khorami står på scenen i ein musikal, når ho tar publikum med til dei harde 30-åra og den lurvete Kit Kat Klub i Cabaret. I oktober neste år møter vi henne som den uimotståelege nattklubbsongerinna Sally Bowles, ei rolle som tidlegare er gjort av mellom andre Judy Dench, Liza Minelli og Emma Stone.
Årets Juleroser med Herborg Kråkevik, Frida Ånnevik og Solveig Kloppen14.11.2025 11:12:44 CET | Pressemelding
I fjor starta Det Norske Teatret ein ny tradisjon med Herborg Kråkeviks overskuddsprosjekt Juleroser, eit levande juleblad, på Hovudscenen. Også i år skrur vi julestemninga på maks. Det skjer tre søndagar i advent. Årets Julerose-artist, Frida Ånnevik, er med på scenen. Det er også Solveig Kloppen, Birkelunden Mannskor og Det Norske Teatrets skodespelarar Ina Svenningdal, Johan Hveem Maurud og Kim Helge Strømmen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom