Det Norske Teatret

Medmenneske opnar Olav Duun-året 2026

8.1.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding

Del

På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.

Ameli Isungset Agbota spelar rolla som den gode og ansvarsfulle Ragnhild.
Ameli Isungset Agbota spelar rolla som den gode og ansvarsfulle Ragnhild. Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret

MEDMENNESKE
av Olav Duun
PREMIERE LAURDAG 17. JANUAR KL. 17.30
HOVUDSCENEN

Medmenneske
av Olav Duun har fengsla lesarar i snart eit hundreår som roman, og seinare som teater. I 2026 er det 150 år sidan forfattaren blei fødd. I høve jubileet set Det Norske Teatret opp eit av Duuns hovudverk som stiller nokre evige spørsmål som er like relevante i dag. For stemmer det at alle har det vonde i seg?

På garden Stavsund har dei pensjonerte gardbrukarane Didrik (Geir Kvarme) og Tale (Sigrid Kandal Husjord) tatt plass i kårboligen medan sonen Håkon (Preben Hodneland) og svigerdottera Ragnhild (Ameli Isungset Agbota) har flytt inn i våningshuset i lag med den nyfødde sonen. Dei driv eit kvernbruk i tillegg til den øvrige gardsdrifta, og har så dei klarar seg.

Den vonde

Men gamle Didrik har verketrong og er sjølvrettferdig. Han får det for seg at han skal etablere eit kvernbruk i konkurranse med sonen. For Didrik er alle forhold, også dei familiære, forretningar. Han er villig til å gå over lik for å få "sin rette", som han kallar det. 

Didrik forsøker å få grandtanta, Kvitugla (Marianne Krogh), til å testamentere ein sum pengar til seg så han får råd til å kjøpe seg ei tomt til kvernbruket. Foto: Siren Høyland/ Det Norske Teatret.

Den gode

Svigerdottera Ragnhild på si side, gjer sitt beste for å redde sin eigen og andre sin familie. Ifølge svigermor Tale er ho godheita i eigen person. Ragnhild er sjølvutslettande i gjerninga for å hjelpe dei som treng det, og gjere godt for fellesskapen. Men ho er også både smart og driftig. 

Ragnhild gjer alt ho kan for å redde den lite sjølvstendige og tafatte husbonden sin, Håkon. Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.

Er det lagnaden, eller er det ein listig plan i det godes teneste som legg snubletrådar for den slue Didriks renkespel? Det vonde drep du ikkje med øks heiter det i Medmenneske. Men Didrik blir drepen, og det med øks. 
Tilbake står den hjartegode Ragnhild, med blod på hendene.

Aktuell i samtida

Medmenneske er lagt til eit trøndersk bondesamfunn mot slutten av 1800-talet, ei tid med store omveltingar. Romanen handlar også om framskritta i bondekulturen og behandlar modernitetens inntog. For regissør Johannes Holmen Dahl er dette av interesse. Dette blir understreka av Erik Hedins komposisjonar som miksar elektroniske lydbilde med fele og Nia Damerells nøkterne kostyme og scenografi. Desse gir gjenklang av fortid, men verkar moderne på same tid.
LES MEIR OM MEDMENNESKE

Olav Duun, 1928. Foto: Anders Beer Wilse

Olav Duun

Olav Duun (1876 - 1939) er kjend som ein av dei fremste forfattarane våre, og blei hyppig nemnt som kandidat for Nobelprisen i litteratur. Faktisk utropte Aftenposten han feilaktig til vinnar i 1926!.
LES MEIR OM DUUN

Duun-jubileet 2026

I høve jubileet inviterer Det Norske Teatret våren 2026 til samtalar, opplesingar og introduksjonar om forfattarskapen og arven etter Duun.
LES MEIR OM DUUN-JUBILEET

I rollene

Kontakter

Bilder

Ameli Isungset Agbota skal spele rolla som Ragnhild.
Ameli Isungset Agbota skal spele rolla som Ragnhild.
Foto: Pernille Sandberg/ Det Norske Teatret
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota spelar rolla som Ragnhild.

Foto: Pernille Sandberg/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota spelar rolla som Ragnhild.
Ameli Isungset Agbota spelar rolla som Ragnhild.
Foto: Pernille Sandberg/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Sigrid Kandal Husjord som Tale, Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Sigrid Kandal Husjord som Tale, Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Thea Lambrechts Vaulen som Indiana.
Thea Lambrechts Vaulen som Indiana.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Leo Magnus de la Nuez som Karl-Albert.
Leo Magnus de la Nuez som Karl-Albert.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Marianne Krogh som Kvitugla, Geir Kvarme som Didrik.
Marianne Krogh som Kvitugla, Geir Kvarme som Didrik.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Mohammed Aden Ali som Paul.
Mohammed Aden Ali som Paul.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild, Sigrid Kandal Husjord som Tale.
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild, Sigrid Kandal Husjord som Tale.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Preben Hodneland som Håkon, Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Preben Hodneland som Håkon, Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Sigrid Kandal Husjord som Tale, Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Sigrid Kandal Husjord som Tale, Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Kjersti Dalseide som Lea.
Kjersti Dalseide som Lea.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Preben Hodneland som Håkon, Geir Kvarme som Didrik.
Preben Hodneland som Håkon, Geir Kvarme som Didrik.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Lise Sørensen, Kaja Fjellberg Pettersen.
Lise Sørensen, Kaja Fjellberg Pettersen.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild, Geir Kvarme som Didrik.
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild, Geir Kvarme som Didrik.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Preben Hodneland som Håkon, Geir Kvarme som Didrik, Sigrid kandal Husjord som Tale.
Preben Hodneland som Håkon, Geir Kvarme som Didrik, Sigrid kandal Husjord som Tale.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Ameli Isungset Agbota som Ragnhild.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye