Det Norske Teatret

Suksessversjon av Les Misérables får noregspremiere

Del

Danske kritikarar jubla da teaterversjonen av Les Misérables hadde premiere på Betty Nansen Teatret i København, og framsyninga hanka inn den gjæve teaterprisen Reumert for Beste samspel. No skal eit norsk publikum få oppleve "Les Mis" i rå teaterform.

Francisco Kalle Navarro som Marius og Sigrid Kandal Husjord som Cosette.
Francisco Kalle Navarro som Marius og Sigrid Kandal Husjord som Cosette. Foto: Camilla Winther/ Betty Nansen Teatret.

LES MISÉRABLES
av Victor Hugo
NOREGSPREMIERE TORSDAG 13. NOVEMBER KL. 19.00
SCENE 2

Victor Hugos Les Misérables er ei av verdenslitteraturens mest gripande historier om naud og sosial urettferd. Forteljinga om straffefangen Jean Valjean, aleinemora Fantine, dotter hennar Cosette og den unge idealisten Marius har gripe generasjonar av leserar, og ikkje minst musikalpublikumerar.

Sosiale forskjellar og utanforskap

Med sin teaterversjon ønskjer regissør og teatersjef Kjersti Horn å stille spørsmålet: Treng vi hierarki? Ho har gjennom karrieren engasjert seg intenst i det ho kallar utanforskap. For henne handlar Les Misérables om dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil. I ei tid da dei sosiale forskjellane også her heime i Noreg stadig aukar, sørger Kjersti Horn for at vi ikkje kan sjå bort frå alt det og dei miserable vi – og samfunnnet vårt – har skapt.

Hvis du vil se dette innholdet fra www.youtube.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Kjersti Horn om oppsetjinga under prøvane ved Betty Nansen Teatret

Tett-på-teater

Videoregissør Borgar Skjelstad er med skodespelarane på scenen og fangar opp det som skjer. I kjent stil for regissør Kjersti Horn er framsyninga som eit einaste langt one-take-filmopptak, der publikum får sjå skodespelarane heilt tett på på ein storskjerm som dekker store delar av scenen. Her blir Les Misérables til eit epos om å forsøke å vere eit godt menneske for einkvar pris.

Hvis du vil se dette innholdet fra www.youtube.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Videoinstruktør Borgar Skjelstad om film i teateret

Foto frå den norske oppsetjinga kjem på premieredagen.

Kontakter

Bilder

Francisco Kalle Navarro som Marius og Sigrid Kandal Husjord som Cosette.
Francisco Kalle Navarro som Marius og Sigrid Kandal Husjord som Cosette.
Foto: Camilla Winther/ Betty Nansen Teatret.
Last ned bilde
Marius (Francisco Kalle Navarro) og Cosette (Sigrid Kandal Husjord).
Marius (Francisco Kalle Navarro) og Cosette (Sigrid Kandal Husjord).
Foto: Camilla Winther/ Betty Nansen Teatret.
Last ned bilde
Cosette (Sigrid Kandal Husjord).

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye