Kva for augeblikk formar liva våre?
Nokre hendingar sender oss menneske i ei heilt ny retning og endrer liva våre for all framtid. I Göran Tunströms vakre og sorgtunge forteljing Juleoratoriet går det tre generasjonar før familien finn fred med Solveig Nordenssons brutale død.

JULEORATORIET
av Göran Tunström
PREMIERE LAURDAG 22. NOVEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN
Juleoratoriet er ei forteljing om korleis hendingar kan forme menneske gjennom generasjonar, og korleis alle liva våre på sett og vis er fletta saman.
I framsyninga møter vi Aron Nordensson som mistar den høgt elska kona si, og seinare seg sjølv. Solveig Nordensson hadde ein draum om å oppføre Bachs juleoratorium i kyrkja i den vesle byen Sunne. Det skal gå tre generasjonar før denne draumen blir verkeleg. Aron, ektemannen, søker tilflukt i stilla. Sonen Sidner leitar etter kjærleik og samhald etter moras død, og må reise til den andre sida av jorda for å finne det. Først barnebarnet Victor blir i stand til å realisere bestemoras visjon om å oppføre det monumentale verket.
Nordisk Råds litteraturpris
Juleoratoriet fortel vakkert og sårt om sorg og kjærleik, og om musikkens heilande kraft. Romanen kom ut i 1983 og er blir sett på som eit av Göran Tunströms viktigaste verk. Den fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984 og blei filmatisert i 1996.
På Det Norske Teatret blir forteljinga om den ulykksalege familien eit lågmælt og meditativt verk fortald med svenske viser, jazz og klassiske songar som følgje, avrunda med Bachs juleoratorium.
Morten Svartveit
Morten Svartveit har rolla som Aron, mannen til Solveig Nordensson. Svartveit blei kjend for eit større publikum som karakteren Espen Eide gjennom NRK-serien Heimebane. Han har også mellom anna spelt rolla som Anders Knudsen i Viaplay-serien Okkupert, og var svogeren til Pørni. I fjor var han å sjå på filmlerretet som litt håplaus pappa i Victoria må dø. Han har vore fast tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2019, og vore del av fleire framsyningar, mellom anna Bibelen. Han har også hatt større roller i musikkteaterframsyningane Woyzeck, Bienes historie og i musikalane Spelemann på taket, Sweeney Todd og Tenk om.
Oddgeir Thune
I rolla som sonen til Aron, Sidner, finn vi Oddgeir Thune, kjent frå ei rekke film- og TV-produksjonar dei seinare åra. Mellom anna har han vore ektemann i suksessfilmen Elskling, kjærasten til Pørni og naken fortidsmann i Beforeigners. Han har vore knytt til Det Norske Teatret sidan 2013, og tatt del i produksjonar som Andre verdskrigen, Tid for glede og hadde hovudrolla i Oresteia.
Kyrre Hellum
Som Victor, barnebarnet til Aron og Solveig, og son til Sidner, finn vi Kyrre Hellum. Han er for mange alle mest kjent som den vonde Snerk i Julekongen på NRK. Han har elles vore med i ei rad TV-produksjonar, mellom andre i ei større rolle i TV-serien Black Widows. Han har også spelt i fleire filmar, der Den stygge stesøsteren og Full dekning er mellom dei nylegaste titlane. Han har vore knytt til Det Norske Teatret sidan 2012, og mellom anna vore del av produksjonane Bibelen, Oslo, Lehmantrilogien og Tid for glede.

Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder

























Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Medmenneske opnar Olav Duun-året 20268.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.
Serhat Yildirim tek over for Jonas Benyoub5.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Jonas Benyuoub trer til side og gir hovudrolla i suksessframsyninga Da vi var yngre vidare til skodespelar Serhat Yildirim.
Julian Blaue om kunst og sjalusi4.12.2025 14:55:31 CET | Pressemelding
Scenekunstnaren Julian Blaue og forfattaren Edy Poppy er begge kjende for å nytte sine eigne liv i kunsten sin. No kjem kunstnarparet til Scene 3 med ei framsyning om sjalusi, kunstnarleg avundsjuke og kva teater eigentleg er.
Sara Khorami blir Sally Bowles i Cabaret2.12.2025 09:35:18 CET | Pressemelding
Det er første gong Sara Khorami står på scenen i ein musikal, når ho tar publikum med til dei harde 30-åra og den lurvete Kit Kat Klub i Cabaret. I oktober neste år møter vi henne som den uimotståelege nattklubbsongerinna Sally Bowles, ei rolle som tidlegare er gjort av mellom andre Judy Dench, Liza Minelli og Emma Stone.
Årets Juleroser med Herborg Kråkevik, Frida Ånnevik og Solveig Kloppen14.11.2025 11:12:44 CET | Pressemelding
I fjor starta Det Norske Teatret ein ny tradisjon med Herborg Kråkeviks overskuddsprosjekt Juleroser, eit levande juleblad, på Hovudscenen. Også i år skrur vi julestemninga på maks. Det skjer tre søndagar i advent. Årets Julerose-artist, Frida Ånnevik, er med på scenen. Det er også Solveig Kloppen, Birkelunden Mannskor og Det Norske Teatrets skodespelarar Ina Svenningdal, Johan Hveem Maurud og Kim Helge Strømmen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom