Mot ei grønare helseteneste
14.4.2025 09:25:01 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.

No er Spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar for 2024 klar. Rapporten framhevar framsteg innanfor miljøvennleg drift og berekraftige tiltak i spesialisthelsetenesta. Dette er den sjuande rapporten i rekkja, og for første gong er den heildigital.
Store steg
Rapporten gir fleire gode døme på arbeidet med samfunnsansvar som skjer i sjukehus og helseføretak i landet, og det kjem godt fram at det er mange miljømedvitne medarbeidarar i sjukehusa med initiativ og tankar om korleis vi saman kan ta kloke val i vegen vidare.
Døme på dette er tiltaksbanken som Helse Førde har arbeidd fram, med forslag til miljøtiltak dei ulike avdelingane i sjukehusa kan gjere. Tiltaksbanken har fått stor merksemd, blir teke i bruk nasjonalt og er gjord tilgjengeleg for alle sjukehus.
Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i arbeidet med miljø og berekraft, og har eit stort ansvar når det gjeld å forvalte ressursar på ein berekraftig måte.
Rapporten viser korleis spesialisthelsetenesta har teke store steg for å redusere unødig forbruk, spesielt bruken av eingongsutstyr. Dette tiltaket bidreg til å redusere avfallsmengda og fremje bruk av fleirgongsutstyr, som ofte er av betre kvalitet og kan vaskast, reparerast og brukast igjen.
Klimarekneskap
Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF understrekar viktigheita av miljøvennleg drift og berekraftige løysingar.
– Dette er ein viktig og god rapport som alle burde lese. Eg er imponert over arbeidet som er gjort. Det viktigaste er likevel at det gode arbeidet med å redusere tenesta sitt klimaavtrykk held fram og blir forsterka, seier Bryne.
For andre gong presenterer rapporten ein fullstendig klimarekneskap som dekkjer både direkte og indirekte utslepp. Dette inkluderer utslepp frå gassar og forbruk av olje og energi, og estimert utslepp frå innkjøp av varer og tenester.
Spesialisthelsetenesta har eit mål om 40 prosent reduksjon av utslepp innan 2030, klimarekneskapen viser at sidan 2019 har tenesta totalt redusert med 11 prosent. Når kjøp av gjenvinningskraft er trekt frå er reduksjonen heile 37 prosent sidan 2019.
Dei regionale helseføretaka har sett ambisiøse mål for framtida, inkludert å redusere forbruket av usterile hanskar og eingongsvarmejakker. Desse tiltaka er ein del av ein breiare strategi for å sikre berekraftig drift og fremje sosial rettferd i helse- og omsorgstenesta.
Nøkkelord
Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Anbefalingar om å styrkje tilbodet for gynekologisk kreft12.10.2026 12:53:12 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF vil utvikle og styrkje behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft gjennom eit tett regionalt samarbeid og meir robuste fagmiljø. Anbefalinga er at kirurgisk behandling av eggstokkreft på sikt blir samla ved Haukeland universitetssjukehus. Kirurgi for livmorkreft skal framleis bli utført både ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus.
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom