Medietilsynet: Spermageddon er ikkje skadeleg for unge over tolv år
Engasjementet har vore stort framfor premieren på den nye norske kinofilmen Spermageddon. Mange meiner den ikkje eignar seg for publikum under 15 år, men Medietilsynet slår fast at SF Norge er innanfor retningslinjene når filmen har fått aldersgrense 12 år.

– Medietilsynet har fått ein del førespurnader heilt sidan den første traileren for filmen blei vist, og allereie før jul kom dei første tipsa og ønska om ei høgare aldersgrense på filmen, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten.
Distributør set aldersgrensa
Sekkelsten fortel at det er ei utbreidd oppfatning at Medietilsynet set aldersgrense på kinofilmar.
– Tidlegare var dette Medietilsynets ansvar, men etter ei lovendring, har det dei siste to åra vore slik at kinofilmdistributørane set aldersgrenser på filmane. Medietilsynet har laga retningslinjene for korleis dette skal gjerast, og vi har ansvar for å kontrollere at aldersgrensene er i tråd med regelverket. Men vurderingane blir altså i utgangspunktet gjorde av distributør, seier Sekkelsten.
Eigna, passande eller skadeleg?
Filmen om sædcella Simen og livet i pungen til Jens, som i løpet av filmen får sin seksuelle debut, har fått 12 års aldersgrense i Noreg. Kritikarane meiner det seksuelle temaet og det svært seksualiserte språket i filmen ikkje er noko for barn, og at filmen burde ha aldersgrense 15 år. Mange har bidratt til ein underskriftskampanje om dette, og saka har fått stor merksemd i media.
– Her er det viktig å skilje spørsmålet om kva slags innhald som er eigna for barn, frå spørsmålet om kva som kan vere skadeleg. Formålet med aldersgrensa er å verne barn mot skadeleg innhald, seier Sekkelsten.
Det skal nemleg ikkje bli tatt omsyn til om filmen eignar seg eller er passande for barn. Aldersgrense etter bildeprogramlova skal settast med utgangspunkt i kva ein går ut frå er skadeleg for barn i ulike aldersgrupper. I dette ligg blant anna ei vurdering av om innhaldet kan skape angst, vekke uro, verke skremmande eller opprivande. Kva som eignar seg eller er passande for barnet, er opp til foreldra å vurdere.
– Dette har samanheng med at staten ikkje skal gripe lenger inn i den grunnleggande retten barn har til ytrings- og informasjonsfridom enn det som er nødvendig for å verne dei mot skadeleg innhald, forklarer Sekkelsten.
Har vurdert Spermageddon
På bakgrunn av fleire publikumsførespurnader, har Medietilsynet altså sett og vurdert Spermageddon i etterkant av førpremieren. Vurderinga har også involvert eit ungdomspanel.
Filmen har gjennomgåande grov humor og seksualisert språkbruk, noko som ikkje blir tillate for dei yngste, men vanlegvis ikkje blir vurdert som skadeleg for barn over 12 år. Medietilsynet har også vurdert om innhaldet kan verke forstyrrande, støytande eller grenseoverskridande slik at det er skadeleg for unge under 15 år.
– Medietilsynet har komme til at filmens tydeleg urealistiske og humoristiske teikneserieunivers bidrar til å skape avstand til handlingane i filmen. Derfor er vår vurdering at 12-årsgrensa distributøren har sett, ikkje er i strid med retningslinjene, seier Sekkelsten.
– Vi har likevel vore i dialog med distributøren og bedt om informasjonstiltak i samband med filmen, slik at foreldre er klare over innhald og tematikk, og at dette ikkje er ein film som er meint for yngre barn, seier ho vidare.
Foreldre kan la barn under aldersgrensa sjå
Sekkelsten understrekar at Medietilsynet ikkje har opna for at det eigentleg er 9 års aldersgrense på Spermageddon. "Ledsagerregelen" gir foreldre høve til å ta med barn ned til ni år på filmen, men Sekkelsten påpeikar at dette og filmens aldersgrense er to ulike vurderingar.
– Ledsagerregelen gir føresette høve til å overprøve aldersgrensa, sidan dei er nærast til å vurdere sitt eige barns modnad. Dei kan derfor avgjere om eit barn litt under aldersgrensa kan få sjå filmen saman med ein vaksen. Denne moglegheita endrar ikkje aldersgrensa som blir sett av kinofilmdistributøren, og er heller ikkje ein del av Medietilsynets vurdering, avsluttar Sekkelsten.
Meir om korleis aldersgrenser blir sette finn du her.
Og her er retningslinjene som kinofilmdistributørane skal bruke for å vurdere aldersgrenser.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noHanne Nistad Sekkelstendirektør for juridisk og regulatorisk avdeling
Tel:48076123hanne.sekkelsten@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet: færre regelbrot, men fleire sanksjonar i fjor24.2.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet gav i 2024 tre gebyr og seks åtvaringar etter regelbrot. Det er det høgaste talet på sanksjonar på fleire år.
Ny ordning gir økte midler til film- og tv-produksjon20.2.2025 09:01:26 CET | Pressemelding
Stortinget har bestemt at strømmetjenestene må investere i norske filmer og tv-produksjoner. Medietilsynet skal håndheve regelverket.
Medietilsynet: Sosiale medier bør reguleres etter føre var-prinsipp19.2.2025 11:06:35 CET | Pressemelding
Et føre var-prinsipp bør legges til grunn når det gjelder regulering av sosiale medier. Det skriver Medietilsynet i sitt høringssvar til utredningen fra Skjermbrukutvalget.
Innovasjonsstøtten til medier kommer senere i år på grunn av regelendringer19.2.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Årets utlysning og tildeling av innovasjonstilskudd til redaktørstyrte medier kommer først til høsten på grunn av endringer i regelverket.
Det europeiske medierådet er etablert14.2.2025 10:08:34 CET | Pressemelding
Mediemyndigheter fra 30 europeiske land er med i Det europeiske medierådet, som nå er etablert. Rådet skal blant annet bidra til å motvirke inngrep i pressefriheten både fra statlige og kommersielle aktører.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom