Medietilsynet: færre regelbrot, men fleire sanksjonar i fjor
24.2.2025 06:50:00 CET | Medietilsynet | Pressemelding
Medietilsynet gav i 2024 tre gebyr og seks åtvaringar etter regelbrot. Det er det høgaste talet på sanksjonar på fleire år.

Medietilsynet gjennomførte 33 tilsynsaktivitetar i fjor, om lag på nivå med året før. Medietilsynet fører tilsyn med kringkastingsregelverket, bildeprogramlova og reglane for mediestøtte. Tal på sanksjonar i form av gebyr eller åtvaring auka frå seks i 2023 til ni i 2024.
Det blei gitt tre gebyr som følge av brot på kringkastingslova i fjor. Dette gjaldt saker der det enten var klare regelbrot eller gjentatte brot på same føresegn. Dei aktørane som fekk gebyr, er Discovery, NRK og Radio Midtfylket. Dei seks åtvaringane kom etter fem brot på kringkastingslova og eitt på bildeprogramlova.
– Vi legg vekt på informasjon og rettleiing i tilsynsarbeidet og har god dialog med aktørane om regelverket. Nokon gonger tilseier alvoret i regelbrotet likevel at vi må reagere med åtvaring eller gebyr, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Reglar skal beskytte publikum
I 2024 var dei fleste tilsynsaktivitetane knytte til korleis tilbydarane følger reglane om reklame, sponsing og produktplassering.
– Formålet med desse reglane er blant anna å beskytte publikum mot for stort kommersielt trykk og gjere dei merksame når dei blir utsette for kommersielle bodskap, seier Velsand.
Medietilsynet har faste kontrollar med korleis reglane for reklame, sponsing og produktplassering blir følgde opp knytt til nylanseringar av ulike tv-programseriar kvar vår og haust. I 2024 viste vårkontrollen at det var færre brot enn tidlegare, noko som gjorde at Medietilsynet nedskalerte kontrollen noko på hausten.
Rettleiing om aldersgrenser
Etter ei lovendring set distributørane nå sjølve aldersgrenser på kinofilmar, mens Medietilsynet fører tilsyn ved mistanke om feil aldersgrense.
I 2024 blei det ført tilsyn med elleve kinofilmar. I tre tilfelle vurderte Medietilsynet at aldersgrensa på filmen var i strid med retningslinjene, og i eitt av tilfella fekk distributøren åtvaring. Medietilsynet gav rettleiing i 27 saker, og i alle tilfella blei Medietilsynets vurdering følgd.
Heile Tilsynsrapporten 2024 finn du her.
Fakta om Medietilsynets tilsynsaktivitetar i 2024
- Det blei gjennomført 33 tilsynsaktivitetar: 20 tilsyn etter kringkastingsregelverket, 11 etter bildeprogramlova og kontroll med 2 aktørar som fekk produksjonstilskott.
- Det blei gitt fem åtvaringar og tre gebyr for brot på kringkastingsregelverket.
- Ofte blir fleire program og fleire aktørar kontrollerte i eitt og same tilsynet. Resultatet kan vere at reglane i all hovudsak er følgde i majoriteten av programma eller hos dei fleste aktørane, sjølv om eit tilsyn avdekker brot.
- Det primære verktøyet for Medietilsynet for å sikre at reglane blir følgde, er dialog og rettleiing. Dersom aktørar bryt regelverket fleire gonger, dersom det er grove brot, eller dersom aktørane ikkje viser vilje til å gjere endringar når Medietilsynet påpeikar brot, kan Medietilsynet gi åtvaring, gebyr eller tvangsmulkt.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Ny handlingsplan mot spilleproblemer: Medietilsynet styrker innsatsen mot problematisk dataspilling27.3.2026 17:43:20 CET | Pressemelding
Råd til foreldre og yrkesgrupper som jobber med barn og unge om hvordan problematisk dataspilling kan forebygges, er blant Medietilsynets tiltak i regjeringens nye handlingsplan mot spilleproblemer.
Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 202427.3.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet gav to åtvaringar og eitt gebyr i 2025. Dermed blei det gitt færre sanksjonar enn dei tre siste åra, og langt færre enn året før, da det blei gitt seks åtvaringar og tre gebyr for brott på lovverket.
Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur19.3.2026 10:23:51 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.
Lagabui 46 miljovnna mediadoarjagis sámi gillii ja kultuvrii19.3.2026 10:23:08 CET | Pressemelding
Norgga Mediabearráigeahčču rahpá dál mediadoarjaga ohcamušaid sámi ođas- ja áigeguovdilis mediain. Dán jagi juogaduvvo measta 46 miljovnna ruvnno ođđa njuolggadusaid mielde doarjagiid birra sámi ođas- ja áigeguovdilis mediaide.
Medietilsynet: Design i sosiale medier legger til rette for overdreven bruk blant unge26.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Funksjoner og design i sosiale medier og andre digitale tjenester bidrar til hyppig og kontinuerlig bruk, en opplevelse av avhengighet og søvnmangel blant de unge, viser en ny rapport fra Medietilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom