Sparebanken Møre og Innovasjon Noreg sikrar 100 millionar til vekstbedrifter i fylket
17.2.2025 06:03:00 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding
Innovasjon Noreg har signert ein samarbeidsavtale med Sparebanken Møre. Gjennom vekstgarantiordninga kan Sparebanken Møre låne ut til saman 100 millionar kroner til bedrifter i regionen som manglar tilstrekkeleg tryggleik.

Vekstgarantiordninga er til for innovative, små og mellomstore bedrifter som veks raskt, men har vanskar med å stille tryggleik for finansiering. Gjennom avtalen garanterer Innovasjon Noreg for 75 prosent av tapa banken får viss bedrifta ikkje kan oppfylle sine forpliktingar. Lånet kan vere på inntil åtte millionar kroner per bedrift.
Innovasjon Norges vekstgaranti er resultatet av eit samarbeid med Det europeiske investeringsfondet (EIF), som igjen er ein del av EUs ordning InvestEU.
Fyller klart behov hos bedriftene
- Gjennom samarbeidet med Sparebanken Møre får fleire bedrifter i fylket auka tilgang til kapital for å vekse og drive innovasjon. Vi ser at mange verksemder slit med å finne investorar som er villige til å ta risiko i ein fase då bedriftene veks mykje og har lite dei kan stille som tryggleik. Difor er vi spesielt glade for å kunne tilby vekstgaranti saman med Sparebanken Møre. Den fyller eit veldig klart behov, seier Helge Gjerde, direktør i Innovasjon Noreg Møre og Romsdal.
Terje Krøvel, leiar for næringslivsmarknad i Sparebanken Møre, seier at banken har god erfaring med vekstgarantiordninga. - Vi har vore med frå starten, og er veldig fornøgde med å få på plass ein ny samarbeidsavtale med Innovasjon Noreg. Avtalen gir oss ein betre moglegheit til å bidra med vekstkapital til raskt veksande og innovative bedrifter i vårt nedslagsfelt.
Allereie i gang
Sparebanken Møre er allereie i gang med å signere finansieringsavtalar gjennom den nye vekstgarantiordninga. Ei av bedriftene er Effee AS, som spesialiserer seg på robotiserte løysingar for reparasjon til industrikundar. Dei hjelper kundane med å reparere utstyr i staden for å erstatte det, og eliminerer manuelt arbeid som gir utfordringar med tryggleiken.
Bakgrunn
Vekstgarantiordninga er resultatet av eit samarbeid med Det europeiske investeringsfondet (EIF). Målet er å bidra til entreprenørskap, vekst, innovasjon, forsking og utvikling, grøn og digital omstilling og sysselsetjing. Ordninga nyttar private og offentlege midlar til støtte for ei berekraftig utvikling. Innovasjon Noreg inngjekk eit nytt samarbeid med EIF i 2024 og har lansert ei betydeleg satsing på ordninga.
Nøkkelord
Kontakter
Innovasjon Noreg: Helge Gjerde, direktør for Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, helge.gjerde@innovasjonnoreg.no, telefon 90 10 56 91.
Sparebanken Møre: Terje Krøvel, leiar for næringslivsmarknad i Sparebanken Møre,
terje.kroevel@sbm.no, telefon 91 15 36 30.
Bilder


Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Innovasjon Noreg får to nye styremedlemmar19.5.2026 12:54:42 CEST | Pressemelding
Tidlegare næringsminister Monica Mæland og konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth, er valde inn i styret i Innovasjon Noreg.
Innovasjonstalen 2026: Innovasjon er beredskap12.5.2026 13:45:00 CEST | Pressemelding
Næringslivets rolle og betydningen av innovasjon for beredskap var temaet da Innovasjonstalen gikk av stabelen i Bodø tirsdag 12. mai.
Ny ordning for å få flere kongresser til Norge4.5.2026 13:30:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge lanserer nå en ny tilskuddsordning for å hjelpe norske fagmiljøer i konkurransen om å arrangere internasjonale kongresser i Norge.
På lag med næringslivet i 202517.4.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge med nesten ti milliarder i finansieringer i 2025.
Norge selges til verden i Lofoten – Bergen blir neste15.4.2026 18:06:51 CEST | Pressemelding
Mens over 800 deltakere fra 32 land møtes i Lofoten for å selge Norge som reisemål under Norwegian Travel Workshop (NTW), er det nå klart at Bergen blir vertskap for arrangementet neste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom