Agrilogg vinn regional landbrukspris!
7.9.2026 09:30:07 CEST | Innovasjon Norge | Pressemelding
Agrilogg AS vinn bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Møre og Romsdal for 2026.

Bjørn Tore Aksnes og Jan Øystein Aksnes tok imot prisen som vart utdelt av Innovasjon Norge under Dyregod-dagane på Batnfjordsøra 6. september.
- Dette var litt uventa, sa vinnarane.
Agrilogg AS frå Ørsta var tidleg ute med ei programvareløysing for landbruket, og dei er i dag ein leiande leverandør med eit allsidig system som er utvikla i tett dialog med brukarane. Systemet svarer ut dokumentasjonskrav, gjev meir effektiv ressursbruk og skal gjere bonden meir produktiv.
Gründerane i Agrilogg har og andre nysatsingar under oppsegling. Mellom anna har dei på gang eit konsept som tek sikte på å løyse utfordringar knytt til sal og distribusjon av lokalmat.
- Bondebuda er eit «non-profit»-initiativ frå Agrilogg, dvs Agrilogg skal ikkje tene på forretninga. Målet er at lokale bønder skal tene meir i forhold til å levere matvarer til dei store matvarekjedene. Vi satsar på fleire Bondebuder rundt i landet! Berre ta kontakt, oppfordra vinnarane.
Juryen trekk fram føljande grunngjeving for prisen:
Agrilogg AS er ei innovativ teknologiverksemd med sterk forankring i landbruket.
I tett samspel med næringa utviklar selskapet digitale verktøy som løyser viktige landbruksutfordringar og gjer bonden meir produktiv. Selskapet kan vise til god vekst og lønnsemd sidan oppstarten, og har skapt fleire kompetansearbeidsplassar i distriktet.
Juryen bestod av representantar frå Møre og Romsdal Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt representantar frå Innovasjon Noreg.
Helge Gjerde, regiondirektør i Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, fortel at han er imponert over selskapet frå Ørsta:
- Agrilogg representerer den typen innovasjon me treng i norsk landbruk. Selskapet har identifisert eit reelt behov og utvikla ei løysing som gir praktisk nytte for brukarane, samstundes som den legg til rette for ei meir effektiv gårdsdrift og eit betre beslutningsgrunnlag for bonden, seier Gjerde.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noInnovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Pål T. Næss fra Gelato blir leder for Innovasjon Norges New York-kontor5.8.2026 15:59:47 CEST | Pressemelding
Pål T. Næss blir ny leder for Innovasjon Norges kontor i New York. Flere andre eksportkontorer skal ledes av erfarne næringslivsprofiler.
Turistveksten fortsatte i 20252.7.2026 11:25:48 CEST | Pressemelding
Utenlandske feriereisende brukte 44 milliarder kroner i Norge i 2025 – seks milliarder mer enn året før. Veksten skyldes i hovedsak at flere utenlandske turister besøkte Norge.
Stor reiselyst – interessen for Norge øker24.6.2026 14:55:24 CEST | Pressemelding
Reiselysten i Europa er rekordhøy, og mange europeere kan tenke seg en ferie i Norge de kommende årene. Samtidig oppgir mer enn halvparten at økonomisk eller politisk uro påvirker ferieplanene deres.
Røros og Østerdalen får bærekraftmerke – reisemål nummer 50 i Norge5.6.2026 08:58:36 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge har tildelt Røros og Østerdalen Merket for Bærekraftig reisemål. Samtidig nås en milepæl med reisemål nummer 50 i den nasjonale merkeordningen.
Innovasjon Noreg får to nye styremedlemmar19.5.2026 12:54:42 CEST | Pressemelding
Tidlegare næringsminister Monica Mæland og konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth, er valde inn i styret i Innovasjon Noreg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom