Kan spare enorme raskostnadar, men stortinget seier nei
Ny teknologi og innovative løysingar kan forhindre skadar når uvêret herjar, likevel blir det ikkje prioritert.
![Bildet viser ei øydelagt bru](/data/images/public/5124396/18416312/5371f9f9-d44d-402d-85fd-ca18b5ee0cf3-w_720.jpg)
Ekstremvêra «Hans» og «Jakob» har herja på kvar sin side av landet. Brukollaps, stilleståande godstransport og menneske i isolerte bygde. Når uveret rammar, så rammar det nokre stadar ekstra hardt. 96 milliardar kroner trengs for å sikre riks- og fylkesvegar mot ras. Nær 70 prosent av summen gjeld for fylkesvegane, vegar som er heilt avgjerande i folk sin kvardag.
Uvêr kostar
I 2023 gjekk eit 250 meter langt stein- og jordras i Vågå kommune i Innlandet. Raset gjekk over både kommunal- og fylkesveg, og forbi hus som ligg nedanfor vegen.
Ny veg er flytta på, og den er sikra med boltar, grøfta er tetta så vatn ikkje trenger igjennom vegen, for vatn kan utløyse nye ras. Prislapp: 6,7 millionar kroner.
— Ekstremvêret «Hans» gjorde skader for minst 400 millionar kroner i Innlandet. Vi har Noregs største fylkesvegnett med 7000 kilometer veg, og vi set att med ein stor del av rekninga. Uver kostar oss både ressursar og pengar, og dette viser kor viktig det er å satse på langsiktig arbeid for å førebyggje skadar frå flaum og skred, seier Iselin Vistekleiven, hovudutvalsleiar for samferdsel i Innlandet.
For lite bidrag
I Energi- og miljøkomiteen si innstilling til stortingsmeldinga «Tryggare framtid – Førebudd på flaum og skred» skriv medlemmane frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti at det er viktig å førebygge og gjere tiltak for å utbetre ras- og skredpunkt langs veg- og banestrekningar.
Medlemmane meiner at fleire punkt kan sikrast ved å ta i bruk teknologi og innovative løysingar, og at sikringstiltaka kan bli iverksett raskare. Det vil auke tryggleiken langs fleire strekningar og er meir påliteleg og forutsigbart for folk og næringsliv.
Randi Walderhaug Frisvoll, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, er difor overraska over at nye teknologiske løysingar ikkje er løfta fram som ei satsing i komiteen sine forslag og tilråding til Stortinget.
Smartare sikring
Førebygging kan spare samfunnet for mykje pengar. På oppdrag frå Finans Norge har Menon Economics og Norges Geotekniske Institutt sett på den samfunnsøkonomiske verdien av å førebygge mot klimaendringar. Konklusjonen er at førebygging er lønsamt. For kvar krone som er investert i å redusere flaum og skred blir mellom fire og seks kroner spart.
Nasjonal rassikringsgruppe meiner det er avgjerande å få ei insentivordring og eit innovasjonsprogram på plass, i tillegg til ordinære løyvingar.
— Skal vi sikre smartare må vi ta i bruk dei teknologiske nyvinningane vi har i møte med klimaendringane. Det må settast av ein årleg pott på 500 millionar kroner til dette, seier Frisvoll.
Sikring er statleg ansvar
I vest er det andre utfordringar. Under ekstremvêret Jakob i november 2024 kollapsa plutseleg Edna bru i Ullensvang kommune i Vestland. Ædnafossen hadde uvanleg mykje vatn i seg, og plutseleg gav brua etter. Til saman har Jakob kosta Vestland fylkeskommune 200 millionar kroner.
— Tiltak blir meir og meir aktuelt med klimaendringane som skjer, ikkje minst for veg og infrastruktur. Vi må kunne sikre fylkesvegane på same måte som resten av vegnettet, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.
Andre bruer står på Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si liste for å bli byta ut. Ikkje fordi bruene er gamal og treng vedlikehald, men fordi dei ikkje kjem til å tole neste flaum. I Vestland er ikkje desse bruene prioritert.
— Flaumsikring er eit statleg ansvar. Statlege NVE må sikre midlar til flaumsikring av fylkesvegbruene. Fylkeskommunen får sine midlar frå staten, og då kan ikkje NVE sidestille flaumsikring av riksvegar og fylkesvegar, seier Askeland.
Nasjonal rassikringsgruppe meiner også at staten i altfor liten grad bidreg når det gjeld klimatilpassing, førebygging og sikring av vegar som er heilt nødvendige å bruke i beredskap og kriser.
— Beredskapen vår er heilt avhengig av at framkomme på vegane, som må vere sikre og opne. Klimaendringane vil gi meir rasproblematikk framover. Skredsikring, førebygging mot ekstremvêr, ras og flaum er klimatilpassing i praksis, seier Frisvoll.
Kontakter
Randi Walderhaug FrisvollNasjonal rassikringsgruppe
Tel:+47 950 67 335Tel:+47 950 67 335randi.w.frisvoll@gmail.comLise Ådlandsvik DobbeSekretariatNasjonal rassikringsgruppe
Tel:92621973lise.adlandsvik.dobbe@vlfk.noBilder
![Bildet viser ei øydelagt bru](/data/images/public/5124396/18416312/5371f9f9-d44d-402d-85fd-ca18b5ee0cf3-w_240.jpg)
Følg pressemeldinger fra Nasjonal rassikringsgruppe
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal rassikringsgruppe på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal rassikringsgruppe
Skal det ta 330 år å rassikre veiene våre?18.10.2024 12:43:10 CEST | Pressemelding
Leder av Nasjonal rassikringsgruppe, Randi Walderhaug Frisvoll, reagerer på regjeringens manglende bevilgninger til rassikring i forslag til Statsbudsjett. Nå krever gruppa en opptrappingsplan og to milliarder mer per år til rassikring av fylkesvegene.
Må vi fortsatt leve med skred og utrygghet langs vegene våre?26.3.2024 09:37:39 CET | Pressemelding
I Stortingsmeldingen om Nasjonal transportplan 2025-36 foreslår Regjeringen å bruke noe mer til rassikring av fylkesvegene og prioriterer flere rasfarlige riksvegstrekninger. «Men, dette blir for puslete når vi ser klimaendringer og sikringsbehovene rundt om i landet. Stortinget må sikre flertall for en satsing på rassikring som monner og som tar i bruk teknologi og innovative løsninger», sier leder i Nasjonal rassikringsgruppe, Randi Walderhaug Frisvoll.
Ras, flom og ekstremvær øker – mener regjeringen alvor med forebygging?19.10.2023 10:04:34 CEST | Pressemelding
Nasjonal rassikringsgruppes styre gjennomførte nylig en reise til områder i Innlandet som ble kraftig herjet av oversvømmelser, utglidninger og ras under ekstremværet «Hans» i august i år. Gausdal kommune og Innlandet fylkeskommune viste fram de enorme ødeleggelsene i en av mange kommuner som ble rammet. Regjeringen sier vi må forberede oss på å møte flere alvorlige flom- og skredhendelser, men mener de alvor?
Regjeringen må prioriterer rassikring av vegene høyere - naturfaren bare øker9.10.2023 08:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen foreslår for 2024 å bevilge 941 millioner kroner som rammetilskudd til fylkeskommunenes skredsikringsarbeid på fylkesvegene. En minimal bevilgning som ikke hensyntar høy prisstigning eller økt naturfare som følge av klimaendringer.
Regjeringen skaper utrygge rammer for rassikring av vegene våre25.10.2022 11:40:13 CEST | Pressemelding
Regjeringens forslag til Statsbudsjett skaper utrygge rammer for rassikring Nasjonal rassikringsgruppe har lagt fram vårt syn på forslag til Statsbudsjett i den åpne høringen til transport- og kommunikasjonskomiteen og kommunalkomiteene på Stortinget. Vegene er helt sentrale som framføringsårer i fredstid eller i krig. Beredskapen vår er avhengig av at de er fremkommelige, sikre og åpne. «Regjeringa har bare levert en marginal økning på rassikringsrammen til fylkesveg. For riksvegene ser det enda verre ut der flere prosjekter er satt på vent. Det haster å sikre riks- og fylkesvegene våre og jeg håper at flertall på Stortinget ikke vil være bekjent av dette», sier leder i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom