Luftfarten i 2024: 5 prosent vekst totalt, og store variasjonar mellom lufthamnene

Del

I 2024 reiste 51 millionar passasjerar til og frå Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på fem prosent samanlikna med 2023. Talet på utanlands reisande auka med ni prosent, og innanlands auka med to prosent i fjor.

Talet på passasjerar på Avinors lufthamner, i heile 2024, var 95 prosent av 2019-nivået.

I Europa var talet på passasjerar om lag 3 prosent høgare enn i 2019*, og på verdsbasis var passasjertrafikken 6,8 prosent høgare enn i 2019.** 

Flyrørsler på same nivå som i 2023

I heile 2024 har det vore 618.000 kommersielle flyrørsler til og frå Avinor sine flyplassar. Det er om lag på same nivå som i 2023 (-1 %).

I desember var talet på flyrørsler 45.000, ein auke på tre prosent frå 2023.

Noreg er ein attraktiv marknad for turisme

-Stadig fleire turistar kjem til Noreg for naturopplevingar som nordlyset og Noreg som vinterdestinasjon. Marknaden til og frå utlandet har vore ein viktig drivar for utviklinga gjennom 2024, og indirekte for marknaden innanlands, seier Abraham Foss, konsernsjef i Avinor.  

-Talet på besøkande til Noreg har auka gjennom året, og er no tilbake på nivået vi såg før pandemien. Turisme er den viktigaste drivaren, og Noreg vil vere ein attraktiv marknad for utanlandske ferierande også framover, fortel Foss. -Vi ser at vinterturismen framleis aukar, både i Sør-Noreg med sitt betydelege nettverk av alpindestinasjonar kombinert med storbyar, og i Nord-Noreg med nordlys og det arktiske som trekkplaster.

Talet på innanlandsreisande i Noreg vaks ikkje like mykje, og det er venta ein betydeleg svakare vekst her enn frå utlandet.  Den veksten som er venta, vil i stor grad kome av at fleire utanlandske turistar reiser innanlands i Noreg.

Rekordfulle fly

Eit viktig utviklingstrekk i 2024 har vore at flya har vore rekordfulle gjennom året. Dette skuldast svakare kapasitetsutvikling enn utvikling i etterspurnaden hos flyselskapa.

Leveringsutfordringar og tekniske utfordringar på motorsida har ført til at eit stort tal fly har blitt sett på bakken. Den norske marknaden har merka dette i form av ei svakare utvikling enn hos ein del andre lufthamner i Europa, som har klart å trekke til seg meir kapasitet frå flyselskapa.

-Vi står no framfor eit år der det stadig er utfordringar på kapasitet, noko som igjen resulterer i ei svakare forventing til trafikkutviklinga enn vi såg i 2024. For 2025 ventar vi ein vekst på 1,6 prosent reisande, framleis driven av marknaden utanlands. -For at Noreg sine ambisjonar om utvikling av reiselivet skal realiserast, er vi heilt avhengige av at rutetilbodet stadig blir utvikla. Avinor legg stor vekt på dette arbeidet, gjennom dialog med reiseliv og flyselskap nasjonalt og internasjonalt. Flyselskapa må sjå at det er attraktivt å leggje ruter til Noreg. Og det er viktig at Avinor stadig maktar å vere sjølvfinansiert og yte dei beste tenestene til den næringa vi er til for, forklarar Abraham Foss.

Desember

I desember isolert heldt trenden vi såg inn i vinteren, med sterk vekst blant utlendingar, fram. Veksten var på heile 13 prosent utanlands og tre prosent innanlands.

I volum bidreg Oslo lufthamn med 66 prosent av veksten totalt, men Tromsø lufthamn veks kraftigast i prosent (16,5 prosent).

Store skilnader

Dei fire største lufthamnene har alle ein auke i passasjertala i 2024 samanlikna med 2023. Med 26 millionar passasjerar, har Oslo lufthamn ein auke på fem prosent.

Deretter kjem Bergen lufthamn med passasjerrekord i 2024. Med 6,5 millionar reisande er det ein auke på to prosent samanlikna med 2023, og fleire passasjerar enn nokon gong. 

Trondheim og Stavanger hadde og fleire passasjerar i 2024 enn i 2023, med auke på respektive to prosent og ein prosent.

Mange lufthamner har lågare passasjertal enn i 2019, som var siste normalår før pandemien. Men Bergen, Tromsø og 15 andre lufthamner hadde fleire reisande enn i det tidlegare toppåret 2019.

Sjå vedlegg for passasjertal per lufthamn.

Rekord i droneflyging 

I desember vart det meldt inn 1007 flygingar med drone i Ninox Drone.

–Dette er ein auke på nesten 30 prosent samanlikna med desember 2023, seier Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til Avinor. 

- I 2024 vart det totalt meldt inn 24.282 droneplaner, som er nesten 10.000 fleire enn i 2023, fortel Gjertsen.

* 24-12-03 Europes airports continue strong passenger growth in October PRESS RELEASE.pdf

**Air Passenger Market Analysis (november)

Kontakter

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye