Tilsynsrapport mot Telenor klar på nyåret
Dei gjentekne hendingane hos Telenor som har råka naudnummer-tenestene i haust, har ført til omfattande arbeid med tilsynsrapporten for myndigheitene. – Vi treng meir tid til å kvalitetssikre informasjonen og analysane våre før vi kan ferdigstille rapporten.
Det seier sikkerheitsdirektør i Nkom, Svein Scheie. Tidlegare har Nkom varsla at dei planla å publisere hovudfunn og førebels konklusjon før jul.
– Vi forstår at mange har behov for å få svar på kvifor dette har skjedd og kva konsekvensane blir for Telenor, og vi kan forsikre om at vi jobbar så effektivt og grundig som mogleg. Tilsynet omfattar fleire alvorlege hendingar, og det har vore nødvendig å utvide tilsynsarbeidet fleire gonger. Det er også grunnen til at arbeidet tek noko lengre tid før vi kan offentleggjere våre hovudfunn og førebelse konklusjonar, seier Scheie.
Tidslinja for arbeidet med tilsynsrapporten i 2024
Dette er hendingane:
- 29. august var 112 råka av utfall i nesten 2,5 timar, og innringarane fekk ikkje kontakt med naudsentralane.
- 16. september oppstod det ein feil som gjorde at samtalar til naudnumra blei oppfatta som stumme anrop hos naudetatane. Anropa frå Telenors kundar til 113 viste dessutan tidvis feil telefonnummer frå innringar.
- Utfallet natta mellom 17. og 18. oktober varte i over tre timar. Naudnumra 110 og 112 blei råka, men situasjonen blei avhjelpt av reserveløysingar.
- 13.november opplevde Telenor feil på fleire system knytta til mobilnettet. 110, 112 og 113, pluss 02800, fungerte ikkje som normalt frå kl. 10.25 til kl. 16.40. I tillegg var det i same periode lang oppkoplingstid for vanlege samtalar.
Nøkkelord
Kontakter
Svein Sundfør ScheieSikkerhetsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Tel:95211189sss@nkom.noRita Lund ThuneKommunikasjonsdirektørNasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Tel:+47 922 06 466rlt@nkom.noBilder
Dokumenter
Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Flere bør levere nødnummertjenester i Norge16.12.2024 10:38:26 CET | Pressemelding
– Norge må få på plass løsninger som sikrer nødnummer bedre enn i dag.
Nå har det blitt vanskeligere å “spoofe” mobilnummeret ditt9.12.2024 14:45:08 CET | Pressemelding
I januar i år ba myndighetene mobilselskapene om å samarbeide tettere for å hindre telefonsvindel. Det har gitt resultater.
Avdekket feilrapportering i program for forsterket ekom27.11.2024 09:36:12 CET | Pressemelding
Nkom har avdekket at Telia uriktig har mottatt 8,7 millioner kroner fra staten som kompensasjon for forsterkningstiltak i en rekke kommuner.
Black Week er i gang: – Ver på vakt!22.11.2024 14:26:53 CET | Pressemelding
Black Friday. Black Weekend. Cyber Monday. Black Month. Singles’ Day. Black Week. Alle konsepta har til felles at dei kan utnyttast av svindlarar som prøver å stele informasjon frå deg.
Tilsynsrapport truleg klar før jul21.11.2024 10:26:36 CET | Pressemelding
I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane. Nkom arbeider med tilsynsrapport som skal omfatte alle desse, og den skal etter planen vere klar før jul.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom