Det gjekk på engelsk – og norsk?
Engelsk, engelsk, engelsk, litt norsk, engelsk. Slik er mediekvardagen for barn og unge. Gjer det noko?
Du har kanskje sett animasjonen der ein aldrande Steve Buscemi har kapsen bak fram og eit rullebrett under armen. Han skal infiltrere ein ungdomsskule og gir seg ut for å vere ein tenåring. Han helsar medelevane med frasen «How do you do, fellow kids?». Animasjonen blir brukt når godt vaksne folk prøver å verke kule og ungdomlege (som regel utan å lykkast særleg godt).
Statlege byråkratar i 50-åra kan nok kjenne seg att i dette når temaet er TikTok, dataspel og ungdomskultur. Vi har ikkje tenkt å gå i gamlingfella her, og vi skal heller ikkje skulde på ungdomen for at engelsk har så stor plass i mediekvardagen deira. Derimot meiner vi at det er viktig å snakke om kva for ambisjonar vi skal ha for medieinnhald på norsk som kan treffe unge målgrupper.
Nye tal frå Medietilsynet viser nemleg at engelsk er språket flest barn og unge brukar mest når dei er på sosiale medium, når dei ser på film, seriar eller fjernsynsprogram, eller når dei ser på YouTube. Norsk er språket flest brukar mest for å lese, sjå eller høyre nyheiter.
På tvers av aktivitetane er det endå fleire som seier at dei i all hovudsak brukar engelsk i 2024 enn for fire år sidan, då vi undersøkte dette sist. Unntaket gjeld når barn og unge ser på film, seriar eller fjernsynsprogram, der bruken av norsk faktisk har auka litt dei siste åra.
Mindre dikt, meir data
Desse tala kjem neppe som ei overrasking. Norske barn og unge er ivrige deltakarar i ein engelskspråkleg ungdomskultur. Vi er på ingen måte imot at ungdomane blir gode i engelsk. Men vi registrerer at kanalar der norsk dominerer, tapar terreng, og vi fryktar at dette på sikt fører til at unge kan oppfatte språket sitt som irrelevant i sin eigen kvardag.
Å møte og bruke både engelsk og norsk er vel og bra, men det oppstår eit problem når engelsk innhald blir for dominerande i forhold til det norske. Dersom det blir slik at norsk berre blir brukt i «gamaldagse» medium som bøker og aviser, medan engelsk dominerer i sosiale medium, dataspel og på andre digitale flater, erfarer barn og unge at norsk ikkje fungerer i ei moderne verd.
Når vi i tillegg veit at bruken av «tradisjonelle» medium stadig går ned, er det grunn til å rope varsku. SSBs store tidsbrukundersøking som vart publisert i september i år, viser at tida vi brukar på lesing, har falle drastisk. Aldersgruppa 16–24 år las i snitt 38 minutt kvar dag i 1980. I dag les same aldersgruppe 9 minutt. Tida blir heller brukt på sosiale medium, fjernsynssjåing og dataspel. Det vil seie at vi brukar mindre tid på medium der norsk står sterkt, og meir og meir tid på plattformer der engelsk dominerer.
Det er dimed mange ulike faktorar som gjer at tilgangen til norsk er dårlegare for barna våre enn før. Det treng vi vaksne å tenkje litt over.
Norsk blir valt når det er relevant
Men ikkje alt er svart, for det finst område der norsk står sterkt. Årsrapporten frå Kantar 24Timer viser at vi som bur i Noreg, brukar stadig meir tid på norske nettaviser, og auken er størst blant unge vaksne. Vi er opptekne av det som er nært oss. Vi vil lese om det som skjer i gata vår og i byen vår. Det er ikkje så relevant for oss om gatene er strødde i London eller om asfalten er holete i New York.
Dette viser at norskspråkleg innhald har ein fordel, nemleg at det er lokalt og potensielt hyperrelevant for lesargruppene. Desse fordelane må vi utnytte. Vi trur at det gode innhaldet blir valt uavhengig av kva plattform innhaldet finst på.
Vi treng ein fleksibel politikk som tek høgd for at medievanane er i rask endring. Men kanskje viktigast av alt treng vi høge ambisjonar for medietilbodet til barn og unge. For å skape trygge språkbrukarar trengst det gode språklege førebilete. Norske ungdommar må få sjå språket sitt i bruk i samanhengar som er relevante for dei, altså på dei digitale flatene dei liker best.
Handling framfor ord
Vi kan ikkje forby alt vi er skeptiske til, men vi kan leggje til rette for det vi vil ha meir av. Noreg har ein offensiv medie- og kulturpolitikk som har gitt barn og unge eit rikt tilbod gjennom tradisjonelle medium. Det finst generelle tiltak som til dømes momsfritak for festivalar, kinoar og scenekunst og nullsats for bøker og aviser. I tillegg kjem direkte tilskot til til dømes NRK, filmproduksjon, redaktørstyrte medium og andre aktørar som syter for mangfald innanfor eit felt. Det er viktig at tiltaka omfattar ordningar som treffer dei unge, og som byggjer opp om formidling og distribusjon av norsk innhald.
Og til slutt: Vi vaksne er førebilete for barna, og våre eigne val er viktige. I staden for å seie «yo, kids, snakk litt meir norsk» til ungdomen kan vi sjølve lese bøker og aviser og velje gode norske filmar, seriar og spel.
Helsing staten :-)
Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, pressefoto her.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, pressefoto her.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noMari Velsanddirektør i Medietilsynet
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet sanksjonerer tre lokale kringkastere6.12.2024 06:50:00 CET | Pressemelding
To lokal-tv-kanaler har fått advarsel og en lokalradio-kanal må betale gebyr etter at Medietilsynet har hatt tilsyn med reklamereglene hos lokale kringkastere.
2024-undersøkelser om barn og unges digitale hverdag er klare29.11.2024 14:13:01 CET | Pressemelding
Medietilsynet har publisert alle resultatene fra undersøkelsene Barn og medier 2024 og Foreldre og medier 2024.
Ny undersøkelse fra Medietilsynet: Sosiale medier er nyhetskilden barn og unge bruker oftest27.11.2024 06:50:00 CET | Pressemelding
Cirka åtte av ti 9–18-åringer får nyheter fra sosiale medier og tv, men sosiale medier er hyppigere brukt enn tv som nyhetskilde. Det viser Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2024.
Unge synes de får for mye reklame i sosiale medier25.11.2024 06:50:00 CET | Pressemelding
To av tre 9–18-åringer synes det er for mye reklame i sosiale medier. Det viser tall fra Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2024.
Norsk tapar terreng i mediekvardagen til barn og unge22.11.2024 08:52:22 CET | Pressemelding
Engelsk er det språket flest barn og unge bruker mest når dei er på sosiale medium, eller når dei ser på film og seriar. Det viser nye tal frå Medietilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom