Millionpris for handtering av farleg avfall
13.11.2024 13:11:17 CET | Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) | Pressemelding
Fagskolen Vestfold og Telemark vann utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning 2024 for framifrå arbeidet med tilpassa utdanning i handtering av farleg avfall og miljøgifter. Prisen er på ein million kroner.

Møter kompetansebehovet i framtida innan avfall og gjenvinning
HK-dir delar årleg ut Utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning. Prisen skal påskjøne framifrå arbeid med utdanningskvalitet i norsk høgare yrkesfagleg utdanning, og stimulere institusjonane til systematisk arbeid med å vidareutvikle kvaliteten på utdanningane sine. I år går prisen til Vestfold og Telemark Fagskole for arbeidet sitt med eit spesialtilpassa utdanning innan handtering av farleg avfall.
– Utdanningskvalitetsprisen løftar fram institusjonar som viser framifrå arbeid med utdanningskvalitet, og prosjektet frå Vestfold og Telemark Fagskole er eit strålande døme. Gjennom tett samarbeid med bransjen har dei skapt eit studieprogram med høg utdanningskvalitet som treffer på kompetansebehov i arbeidslivet og styrkjer evna sektoren har til å ta samfunnsansvaret sitt, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.
Utdanninga er den einaste av slaget sitt i Noreg og er utforma for ei mangfaldig studentgruppe, med ulike utdanningsbakgrunnar og praktisk erfaring. Utdanninga svarer på konkrete behov i arbeidslivet og bidreg til at avfalls- og gjenvinningssektoren kan ta samfunnsansvaret sitt på ein effektiv måte.
Skule gratulerer vinnarane i år: – Eg håpar dette vil inspirere fleire til nytenking og samarbeid i utvikling av studietilbod. Gratulerer så mykje med ein velfortent pris, avsluttar Skule.
Eit unikt og vedvarande samarbeid med bransjen
– Det å vinne utdanningskvalitetsprisen heng høgt, og vi er stolte av erkjenninga av det gode samarbeidet vårt med bransjeorganisasjonane. Eg trur at dette prosjektet beskriv viktige sider av eigenarten til fagskulane og korleis vi skal jobbe, seier Pål Kyrkjebø, prosjektleiar og avdelingsleiar ved Fagskolen Vestfold og Telemark.
I tett samarbeidde med bransjeorganisasjonen Norsk foreining farleg avfall (NFFA) har fagskulen utvikla Noregs første formelle utdanning innan handtering av farleg avfall og miljøgifter. Samarbeidet har halde fram og er no sett i system. Det gode partnarskapet har resultert i ei spesialisert utdanning og fem bransjeprogram som har som mål å auke kompetanseutviklinga i sektoren.
Kyrkjebø meiner prisen stadfestar posisjonen til skulen som ein truverdig kompetanseaktør og styrkjer omdømmet deira i framtidige prosjekt for kompetanseutvikling.
– Evna til raskt å kunne drive kunnskapsoverføring krev ei symbiotisk samarbeidsform med aktørane i bransjane. I slike høgt spesialiserte utdanningstilbod må fagskulane bidra med den pedagogiske styrken sin, strukturering av læringsarbeidet, og kvalitetssikring av utdanninga, medan teknologien og kompetansen hovudsakleg blir utvikla av bransjen sjølv, forklarer Kyrkjebø
Eit skreddarsydd utdanningstilbod
Prosjektet "Sammen om å komme kompetansebehovet i møte i avfalls- og gjenvinningsbransjen: Handtering av farleg avfall og miljøgifter" er spesielt tilpassa behova i bransjen. Med ein hybrid modell som kombinerer digital og fysisk undervisning er den også tilgjengeleg for studentane, som ofte jobbar i bransjen. Gjennom eit nært og varig samarbeid med bransjen, sikrar fagskulen at opplæringa held fram med å vere relevant og yrkesretta.
– Prosjektet imponerer med den innovative hybridlæringsmodellen sin. På ein presis og praksisnær måte møter dei kompetansebehovet i avfalls- og gjenvinningsbransjen. Samarbeidet mellom studentar, undervisarar og næringslivet sikrar høg relevans og motiverer til læring. Dette er ein velfortent vinnar av Utdanningskvalitetsprisen for Høgare Yrkesfaglig Utdanning 2024," seier juryleiar Ole Dibbern Andersen.
Fakta:
For å kunne ta imot prisen må tiltaket oppfylle følgande kriterier:
Tiltaket:
- bidrar til oppdatert og yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning;
- bidrar vesentleg til utvikling og betring av studentane sitt læringsutbytte;
- vert gjennomført i eit aktivt samarbeid mellom studentar, tilsette og arbeidsliv;
- er velorganisert og basert på systematisk innhenta informasjon;
- har overføringsverdi til annan høgare yrkesfagleg utdanning.
Tilskotsbeløp er 1 000 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Aleksander Aven ThirenRådgiverKommunikasjon
Pressekontakt HK-dir (09.00 - 16.00)
Bilder

Om oss
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit, NSD og NOKUT.
Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.
Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Nå har alle fått svar på søknaden om studieplass18.7.2026 07:58:00 CEST | Pressemelding
– 150 000 søkere har nå fått svar på søknaden til høyere utdanning gjennom Samordna opptak. Gratulerer til alle som har fått studieplass, sier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).
Over 11 000 personer tok norskprøven i mai3.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Totalt tok 11 107 personer minst én delprøve i norsk i mai. For mange er prøven en døråpner til jobb, studier og varig opphold i Norge.
Fra 2026 blir livsmestring obligatorisk også for ukrainere23.6.2026 15:53:07 CEST | Pressemelding
En ny rapport fra Fafo viser at mange kommuner allerede tilbyr livsmestringskurs til flyktninger fra Ukraina. Samtidig varierer innhold og kvalitet betydelig mellom kommunene.
Studenttallet ved fagskolene økte med seks prosent i 202523.6.2026 14:46:28 CEST | Pressemelding
Det var 36 086 studenter i høyere yrkesfaglig utdanning i 2025, en økning på seks prosent fra året før. Veksten er størst innen tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag, viser Tilstandsrapport for høyere yrkesfaglig utdanning 2026.
Halvparten av nye barnehagelærerstudenter velger fleksible studier10.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Halvparten av studentene som startet på barnehagelærerutdanningen i 2025, valgte et fleksibelt studium som kan kombineres med jobb. Det er den høyeste andelen som er registrert de siste ti årene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom