Statens vegvesen

Skal leggja mellombels bru over E134 Klevastaul bru

Del

Statens vegvesen skal leggja ei ny bru over dagens E134 Klevastaul bru, vest for Vinje. E134 blir derfor stengd frå kl. 07 til 18 laurdag 19. oktober. 

Statens vegvesen skal leggja ei mellombels bru over E134 Klevastaul bru for å sikra framkomme og tryggleik for trafikantane.
Statens vegvesen skal leggja ei mellombels bru over E134 Klevastaul bru for å sikra framkomme og tryggleik for trafikantane. Foto: Halvor Kåsa, Statens vegvesen.

Bakgrunnen for denne avgjerda er at Statens vegvesen har oppdaga skadar på landkaret på Klevastaul bru.

Tryggleiken går føre

– For oss er tryggleiken viktigast. Derfor tek me ingen sjansar og monterer ei mellombels bru over dagens bru. Dette blir eit mellombels tiltak fram til ei permanent løysing er på plass, forklarer Halvor Kåsa, bruforvaltar i Statens vegvesen.

Montering av den mellombelse brua skjer førstkommande laurdag. E134 blir derfor stengd medan dette arbeidet går føre seg.

– Me startar arbeidet kl. 07.00 denne laurdagen, og arbeidet er planlagt å vara fram til kl. 18. Medan E134 er stengd, blir det skilta omkøyring via fv. 37 og fv. 362 mellom Åmot og Edland, seier Kåsa.

Omkøyringsvegen er ikkje tillaten for modulvogntog.

Beredskapsbru sikrar E134-trafikken

Kor lenge den mellombelse brua blir liggjande over E134 er førebels usikkert.

– Det er for tidleg å seia noko om. Men så lenge me har denne brua liggjande, kan E134-trafikken gå som normalt, fortel bruforvaltaren.

Den mellombelse brua er henta frå Statens vegvesen sitt lager med beredskapsbruer.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Statens vegvesen skal leggja ei mellombels bru over E134 Klevastaul bru for å sikra framkomme og tryggleik for trafikantane.
Statens vegvesen skal leggja ei mellombels bru over E134 Klevastaul bru for å sikra framkomme og tryggleik for trafikantane.
Foto: Halvor Kåsa, Statens vegvesen.
Last ned bilde
Dagens E134 Klevastaul bru, vest for Vinje i Telemark.
Dagens E134 Klevastaul bru, vest for Vinje i Telemark.
Foto: Halvor Kåsa, Statens vegvesen
Last ned bilde
E134 Klevastaul bru, vest for Vinje blir stengt frå kl. 07 til 18 førstkommande laurdag. Medan E134 er stengd, blir det skilta omkøyring via fv. 37 og fv. 362 mellom Åmot og Edland.
E134 Klevastaul bru, vest for Vinje blir stengt frå kl. 07 til 18 førstkommande laurdag. Medan E134 er stengd, blir det skilta omkøyring via fv. 37 og fv. 362 mellom Åmot og Edland.
Kart: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye