Vossabia vinn Vestlandspris!
Renate Lunde og hud- og hårpleieprodusenten Vossabia AS får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 i Vestland fylke.

- Det er ei stor glede å kunne gi Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland fylke til Renate Lunde og Vossabia AS, ei innovativ bedrift med utspring fra gården på Bulken ved Voss. Å kombinere gardsliv med produksjon av hud- og hårpleieprodukter er eit glitrande eksempel på kva som er mogleg om ein tenkjer kreativt. Dei har verkeleg gjort seg fortjent til prisen, seier Aslak Sverdrup, regiondirektør i Innovasjon Noreg Vestland.
Den ferske prisvinnaren er stolt over anerkjenninga:
- Det er ei stor ære for meg og heile Vossabia-teamet å vinne BU-prisen for Vestland. Å få slik anerkjenning for over 20 år med hardt arbeid rører meg djupt, og eg er uendeleg takksam. Eg håpar denne prisen bidreg til at endå fleire oppdagar Vossabias bodskap, og blir inspirerte til å sjå verdien i å kombinere gardens ressursar med fokus på helse, berekraft og naturmangfald, seier ein stolt Renate Lunde i Vossabia.
Med Vossabia på huda
Renate Lunde driv og eig garden på Bulken ved Voss. Garden og ressursane der er sjølve kjerna i Vossabia. Med sine hud- og hårpleieprodukt, omvisningar, utstrekt formidlingsaktivitet med føredrag, kurs og opplevingar på garden jobbar Lunde med å auke bevisstheita rundt ressursar som finst på ein gard og naturen rundt:
- For meg gikk det sport i å kartlegge gardens ressursar då eg overtok for 25 år sidan, og heile tida prøve å sjå verdi og moglegheiter i det dei fleste av oss tek for gitt. Dette brenn eg framleis for og ser enormt potensial i å nytte stadig meir av det ein gard har å by på, fortel Lunde.
Vossabia nyttar lokale, økologiske råvarer som honning, bivoks og ville urter i hudpleieprodukta sine som sikrar høg kvalitet og berekraft. Ved å lage verksame produkt av det andre bønder kallar ugras, har Renate blitt ein pioner innan naturleg kosmetikk. Men nokre utfordringar har det vore:
- Då eg vart sjuk i starten av tjueåra, fekk det meg til å bli bevisst på førebyggjande helse og naturlege ingrediansar, både i mat og kosmetikk. Biene opna auga mine for garden sitt biologiske mangfald, og då mamma vart kreftsjuk gav det meg ein kraftig dytt til å skape dei produkta eg sjølv sakna, fortel prisvinnaren.
Ny driftsbygning
Med god marknadsføring og gode produkt har Renate nådd ut til over 100.000 kundar og 120 forhandlarar i heile landet og med det fått ei imponerande vekst med sunn økonomi og resultat for den innovative gardsbedrifta.
No planlegg Lunde ein ny stor driftsbygning på tomta, og vil føre tunet tilbake til slik det såg ut ein gong, men med moderne drift basert på gardens ressursar.
Om BU-prisen
Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen Bedriftsutviklingsprisen (BU-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. BU-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda.
Kandidatane vert vurdert etter kriteria berekraft og innovasjon/nyskaping i landbruket.
Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noInnovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Garanti for suksess19.12.2025 12:15:00 CET | Pressemelding
Bedrifter i en tidlig fase får lån de ellers ikke ville ha fått gjennom samarbeid mellom bankene og Innovasjon Norge. Mange bedrifter har mulighet til å betjene lån, men kan ikke stille sikkerhet. Da garanterer Innovasjon Norge 75 prosent av lånet og kreditten.
«Skyssen» vinn landbrukspris!10.12.2025 13:50:16 CET | Pressemelding
Oldedalen Skyss AS kåra til fylkesvinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2025 i Vestland.
Innovasjon Norge får ansvar for næringslivsbesøk til Norge26.11.2025 11:13:58 CET | Pressemelding
Innovasjon Norge har fått ansvaret for innkommende næringslivsdelegasjoner til Norge, og lager et system der utenlandske miljøer kan søke om hjelp til besøk til Norge. Målet er å bidra til økt eksport, investeringer og verdiskapende samarbeid mellom norske og utenlandske aktører.
Innovasjon Norge fordeler 19 millioner til innovasjonsmiljøer25.11.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
I alt får 13 ulike miljøer opp mot tre millioner kroner i tilskudd fra Innovasjon Norge til å utvikle og levere innovasjonstjenester til oppstartsbedrifter. Målet er å styrke miljøene og aktørene som bidrar til å utvikle entreprenørskap og innovasjon i Norge.
Ingar Valvik ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland21.11.2025 09:00:00 CET | Pressemelding
Av over 70 søkarar til stillinga, trakk Ingar Valvik det lengste strået.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom