Løftar fram kulturarven frå kyst og landbruk
Riksantikvaren har levert forslag til bevaringsstrategiar for landbrukets og kystens kulturmiljø til Klima- og miljødepartementet.

Dei nye bevaringsstrategiane skal stake ut kursen for forvaltinga av kulturminne, kulturmiljø og landskap i Noreg. Kulturmiljøforvaltinga skal styrke samarbeidet på tvers av sektorar. Dette kan høvesvis vere reiselivet som vil vise fram kulturminne og -miljø, eller innbyggjarar i lokalmiljø som brenn for å ta vare på heimstaden sin.
- Eigarar, frivillige og lokal og regional forvalting gjer ein stor innsats for kulturarven vår seier riksantikvar Hanna Geiran. - Den beste forma for vern er gjennom aktiv bruk, og det ønskjer vi å leggje betre til rette for gjennom dei nye bevaringsstrategiane.
Nærare samarbeid med eigarar, frivillige og næringsliv blir viktigare når ein skal bruke og ta vare på kulturarven innan kyst og landbruk i framtida. Strategiane vil erstatte dagens bevaringsprogram.
-
Bevaringsprogramma har vore særs viktig for å ta vare på kulturarven vår, seier riksantikvar Hanna Geiran. - Når vi no leverer utkast til bevaringsstrategiar til regjeringa er det ei vidareføring og nødvendig fornying av forvaltinga av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Kulturminne langs kysten og i landbruket skal løftast opp og fram, og no er arbeidet med gå frå bevaringsprogram til bevaringsstrategiar i gang, seier Geiran.
På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeider Riksantikvaren forslag til bevaringsstrategiar for utvalde kulturmiljøtema. Bevaringsstrategiane blir eit av de viktigaste nye grepa i forvaltinga av kulturmiljø framover og skal bidra til at dei nasjonale måla på feltet blir nådd.
-
Med dei nye bevaringsstrategiane så byggjer vi vidare på eit imponerande arbeid som er gjort gjennom bevaringsprogramma dei siste tjue åra, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø og bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø
Kulturmiljøforvaltninga – Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget - har gjennom fleire år arbeida med kulturminne og kulturmiljø langs kysten og i landbruket. Landets kyst har rik historie og eit stort mangfald av kulturmiljø som eksempelvis sjøhus og naust, handelsstader og fiskevær. Det same gjeld for landbruket der bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap frå jordbruk, skogbruk og reindrift er viktige identitetsmarkørar.
Riksantikvaren ønskjer eit tettare strategisk samarbeid med aktørar knytt til kystens- og i landbrukets kulturmiljø, og meiner det vil løfte arbeidet med viktige kulturmiljø.
Kulturmiljøa langs kysten og i landbruket er mange og særs viktige for å fortelje landets historie. Endringar i demografi, næringsliv og klima gjer bevaring utfordrande. Målet er å finne gode, langsiktige løysingar, der bevaring, bruk og utvikling sest i samanheng.
Strategiane har ulike deltema som er prioriterte område innan dei ulike felta. For landbruket er det Bygningar i jordbruket, Jordbrukslandskapet, Kulturmiljø i skog og Kulturmiljø etter reindrift. For kysten er det Sjøvegen, Naust og sjøhus – sjøen som ressurs og Ferie og fritid langs kysten. Deltemaa er valde fordi det finst utfordringar for kulturminna innanfor desse temaa, men også moglegheiter.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder






Dokumenter
Lenker
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Se oversikten: 8 millioner til arkeologiske kulturminner14.4.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren har fordelt 2025-potten til sikring av bergkunst og skjøtsel og formidling av andre arkeologiske kulturminner. NTNU Vitenskapsmuseet mottar mest.
Tildeler sju forskningskontrakter for kulturarv9.4.2025 07:15:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren gir til sammen 2,2 millioner til forsking og utvikling. Prosjektene spenner fra hemmeligheter på havbunnen, overvåkning av våre eldste kulturminner og til reiseruter for romanifolket.
Setter i stand stavkirker for 7,2 millioner1.4.2025 07:07:05 CEST | Pressemelding
Riksantikvarens tilskudd til stavkirkene er fordelt for 2025. Se hvilke elleve prosjekter som fikk.
Victoria terrasse blir fredet21.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Det kjente bygningskomplekset har en unik plass i norsk historie. Nå fredes bygningene av Riksantikvaren.
Lyser ut 12 millioner for kyst og landbruk6.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut tilskudd til verdiskaping i kulturmiljø. I 2025 vil søknader for kysten og landbruket bli prioritert.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom