Riksantikvaren

Dampbåten D/S Bjoren blir freda

13.6.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.

En dampdrevet båt med røyk fra skorsteinen seiler på en innsjø, omgitt av grønne åser og fjell under en delvis overskyet himmel.
D/S Bjoren fredes nå av Riksantikvaren. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

– Dampbåten D/S Bjoren er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom fredinga av Bjoren tek me vare på eit levande kulturminne og ei viktig forteljing om samferdsel, teknologi og daglegliv i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

– At dampbåten framleis er i bruk kvar sommar, til glede for turistar og lokalsamfunn, er eit viktig døme på korleis ein kan ta vare på kulturminne gjennom bruk, legg han til. 

Eit levande kulturminne 

D/S Bjoren er ein av dei siste vedfyrte, flytande dampbåtane i Noreg, og representerer tidleg samferdsle på Sørlandets innsjøar.

Båten vart bygd i 1867 ved Akers Mekaniske Verksted og har i hovudsak vore i drift på Byglandsfjorden. 

– Bjoren er det 17. fartøyet som vi gjer den høgthengande statusen som freda skip for sin store nasjonale verdi. Den er òg berre det femte av dei freda skipa som seilar i ferskvatn, seier riksantikvar Hanna Geiran.  

– Den er eit sjeldan døme på eit fartøy med svært lang og samanhengande historie på same staden. Fredinga sikrar at denne historia lev vidare også i framtida, seier Geiran.  

Gjennom fleire tiår var Bjoren ein sentral del av transportsystemet i Setesdal, og fungerte som eit viktig bindeledd mellom kyst og innland.

– Saman med jernbanen spelte dampbåtane ei avgjerande rolle i utviklinga av samferdsla i Noreg, og Bjoren er eit levande vitne om denne historia. Båten er framleis i drift i dag, og fraktar passasjerar kvar sommar, seier fylkesordførar i Agder, Arne Thomassen.

Heider til frivillig innsats 

Fredinga er òg ei anerkjenning av innsatsen til dei mange frivillige og eldsjelene som gjennom fleire tiår har teke vare på fartøyet. 

– Det er takka vere denne innsatsen at Bjoren framleis er eit levande kulturminne, til glede for både innbyggjarar og tilreisande, seier dagleg leiar ved Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira. 

Program for dagen 

Markeringa startar lørdag 13. juni, klokken 12.00 med musikalsk innslag, etterfølgd av talar frå mellom andre fylkesordførar Arne Thomassen.

Det blir òg formidling av historia til Bjoren, før riksantikvar Hanna Geiran gjer den høgtidelege fredinga av båten. 

Etter det offisielle programmet blir det mingling på brygga med servering, aktivitetar for barn og høve for publikum til å bli med på båttur. 

Praktisk informasjon 

Tid: Laurdag 13. juni kl. 12.00 
Stad: Bjoren brygge, Bygland 

Arrangementet er ope for alle. Ved dårleg vêr blir delar av programmet gjennomført i telt.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

En dampdrevet båt med røyk fra skorsteinen seiler på en innsjø, omgitt av grønne åser og fjell under en delvis overskyet himmel.
D/S Bjoren fredes nå av Riksantikvaren.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
D/S Bjoren, en hvit passasjerbåt, med mennesker om bord beveger seg på en Byglandsfjorden, omgitt av tett, grønn skog og bratte åser.
D/S Bjoren fredes nå av Riksantikvaren.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
D/S Bjoren seiler på Byglandsfjorden omgitt av grønne skoger og åser under en overskyet himmel.
D/S Bjoren fredes nå av Riksantikvaren.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
D/S Bjoren, en dampdrevet båt med hvit røyk stiger opp fra skorsteinen mens den beveger seg over Byglandsfjorden.
D/S Bjoren fredes nå av Riksantikvaren.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
Portrettbilde av riksantikvar Hanna Geiran
Riksantikvar Hanna Geiran
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye