Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS

Del

På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.

Mann med briller ser mot kamera
Per Karlsen er økonomidirektør i Helse Vest RHF Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

– Kortversjonen av denne styresaka er at vi får låne litt meir pengar til desse viktige byggjeprosjekta, og vi treng å spare opp litt mindre eigenkapital før vi kan få lån. Dette er bygg som trengst og er svært viktig for både medarbeidarar og pasientar at vi får bygd. Derfor vurderer vi dette som positivt, seier Per Karlsen, økonomidirektør i Helse Vest RHF. 

I Nasjonal helse- og samhandlingsplan har regjeringa foreslått å auke lånet til byggjeprosjekt frå 70 prosent i den såkalla P85-kostnadskalkylen til 90 prosent i den såkalla P50-kalkylen. Viss forslaget blir vedteke av Stortinget, vil det kunne gjelde frå statsbudsjettet i 2025.  

Les styresaka på helse-vest.no. 

Les om Årstadhuset på helse-bergen.no 

Les om byggetrinn 2 av Nye SUS på helse-stavanger.no 

Kan auke lånet frå 70 prosent til 90 prosent

Per no er det søkt om lån tilsvarande 70 prosent av kostnadsramma basert på P85, men dette kan da endrast til 90 prosent av P50. Det vil i praksis seie at lånet til Årstadhuset går frå 574 millionar til 596 millionar kroner, og lånet for fase ein i byggetrinn 2 på nye SUS går frå 1200 millionar til 1335 millionar kroner. 

– Dette vil gje auka tilgang på likviditet til å gjennomføre byggjeprosjekta. Det er framleis lån som vi må betale tilbake over tid. Sjølv om gjeldsbelastninga og rentekostnader blir høgare i framtida, vurderer vi det likevel samla sett som positivt å sikre likviditet til å gjennomføre investeringane. Dermed kan sjukehusa truleg starte bygginga av sjukehusbygga som vi verkeleg treng, litt tidlegare, seier Karlsen. 

Den endelege avgjerda om låneopptaket blir teke når forprosjekta blir behandla i styremøte i Helse Vest RHF.

Fakta: Kva vil P50 og P85 seie?  

Kostnaden på nye bygg er basert på kostnadskalkylar, som til dømes P50 og P85. Ein P50-kalkyle vil seie det sjukehusbygget normalt kjem til å koste, og ein P85-kalkyle vil seie ei øvre kostnadsramme som inkluderer uventa kostnader.  

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Illustrerte bygninger tegnet ovenifra
Byggetrinn 2 på Nye SUS (Stavanger universitetssjukehus)
Foto: Helse Stavanger
Last ned bilde
inngangsdør med grønne busker rundt
Årtsadhuset i Bergen
Foto: Helse Bergen
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye