Statens vegvesen

Stenger rv. 36 for å løfta på plass ny bru

Del

Laurdag 31. august blir rv. 36 ved Gvarv stengt for å montera ny bru langs gang- og sykkelvegen. Vegen blir stengd frå kl. 20.50 og utover kvelden til brua er på plass.

Laurdag kveld blir rv. 36 stengde for å løfta på plass ny bru til gang- og sykkelvegen som blir bygd mellom Gvarv og Mannebru. Brua som skal monterase, vil gå over jernbanen rett nord for brua over riksveg 36
Laurdag kveld blir rv. 36 stengde for å løfta på plass ny bru til gang- og sykkelvegen som blir bygd mellom Gvarv og Mannebru. Brua som skal monterase, vil gå over jernbanen rett nord for brua over riksveg 36 Foto: Jørn Einar Liverød, Statens vegvesen.

Ny bru er ein del av arbeidet med å byggja ny gang- og sykkelveg langs riksveg 36 mellom Gvarv og Mannebru.

Brua som skal monterast, vil gå over jernbanen, og anleggsområdet vil primært vera mellom Gvarvkrysset og kryssa Sjøbuhaugen rett nord for riksvegbrua.

To kraner heiser bru på 25 meter

Den nye brua har eit spenn på 25 meter og er fem meter brei. På laurdag blir ho heiste på plass av to store kraner.

– Brua har vorte transportert heil med spesialtransport frå Brevik til Gvarv. Fredag morgon startar entreprenøren å rigga til kraner på begge sider av jernbanesporet. For trafikantane blir det endring frå laurdag ettermiddag. Entreprenøren startar skilting og rigging frå kl. 18, og rv. 36 blir stengde for trafikk frå kl. 20.50, fortel Turid Homme Claussen, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Arbeidet med å løfta sjølve brua på plass startar laurdag kveld etter at riksvegen er stengd og vil gå føre seg utover kvelden.

– Kor lang tid dette tek er litt vanskeleg å seia, men det kan vera me treng nokre nattetimar på å få alt ferdig. Me vil prøva å avgrensa aktiviteten på søndagen til eit minimum, seier Claussen.

Tryggleiken er viktig

Å sjå ei heil bru bli løfta på plass, kan sjølvsagt vera spennande å sjå, men byggjeleiaren oppmodar alle skodelystne til å halda seg på rett side av sperringane.

– Det er viktig at alle respekterer sperringane og dei skilta som er sett opp. Dette er av omsyn til eigen tryggleik, seier Claussen.

Statens vegvesen vil opna igjen rv. 36 så snart det lèt seg gjera. Medan vegen er stengd vil det bli skiltet omkøyring. Arbeidet, kraner og køyretøy kan gi litt støy medan arbeidet går føre seg.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Brua som skal monterast, vil gå over jernbanen rett nord for brua over riksveg 36.
Brua som skal monterast, vil gå over jernbanen rett nord for brua over riksveg 36.
Foto: Jørn Einar Liverød, Statens vegvesen
Last ned bilde
Entreprenøren arbeidde med å setja opp brupilarane. Biletet er teke i mai i år. Den nye gang- og sykkelvegbrua vil liggja like nord for riksvegen.
Entreprenøren arbeidde med å setja opp brupilarane. Biletet er teke i mai i år. Den nye gang- og sykkelvegbrua vil liggja like nord for riksvegen.
Foto: Jørn Einar Liverød, Statens vegvesen.
Last ned bilde
Illustrasjon som viser plasseringa av brua i terreng.
Illustrasjon som viser plasseringa av brua i terreng.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye