Skredsikring som verkar
19.8.2024 09:53:26 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Sjå skilnaden på rv. 15 Dårflot i Stryn før og etter skredsikring.

For to år sidan bygde Statens vegvesen skredsikringsanlegg ved rv. 15 Dårflot i Oppstryn, ved Djupesvora.
Lesja Bulldozerlag AS gjorde jobben for ein kontrakt på 9 millionar pluss moms.
Dette er jobben som vart gjort
Magasinet nærast vegen vart utvida. Slik har det fått større kapasitet både ved skred og høg vassføring. Det er til stor hjelp i dette området som er utsett både for sørpe-, flaum- og snøskred.
I skredkanalen vart det etablert tersklar og erosjonssikring på utsette område. Tersklar er høgdeforskjellar i terrenget. Desse bidreg til å ta farten og energien ut or skreda.
Kulverten under vegen vart forlengt inn i terrenget, og det vart montert betongrekkverk mellom elva og vegen.
I tillegg vart det høgare i terrenget bygd to flaumskredgjerde av typen Geobrugg VX-140 for å samla opp skredmasse. Dette bidreg til å ta energi ut av dei store skreda som kan koma ned den bratte fjellsida.
… og slik har det verka
Nyleg gjekk det eit skred i dette området. Bileta viser tydeleg at skredsikringa verkar.
– Som vi ser av bileta, så fungerte skrednetta etter hensikta. Dei stoppa store mengder med til dels stor stein som elles kunne ha kome inn på vegen. At stein vert stoppa, bidreg og til at magasinet betre kan handtera mengdene som kjem ned der. I tillegg har dreneringa har god funksjon, seier geolog Jens Tveit i Statens vegvesen.
– Når skredfaren er over, vert skrednetta rydda. Som ein del av prosjektet sytte vi for å byggja tilførselsvegar slik at vi utan problem kjem heilt inn til skredkanalen for å rydda opp, seier Pål-Anders Rindal som var Statens vegvesen sin byggeleiar for prosjektet.
Nøkkelord
Kontakter
Jens TveitStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:97013790jens.tveit@vegvesen.noPål-Anders RindalByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41622049pal.anders.rindal@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder









Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nå bygges ny Tevla bru på E1422.10.2026 14:10:05 CEST | Pressemelding
Trafikken på E14 i Teveldalen er lagt over på en midlertidig veg mens Statens vegvesen river den gamle Tevla bru og bygger en ny. Den nye brua skal få bedre bæreevne og gi bedre flomsikkerhet.
Utsetter asfaltarbeid på E18 kommende helg22.10.2026 09:33:58 CEST | Pressemelding
Store nedbørsmengder gjør at asfalteringen i Fornebukrysset må utsettes. Statens vegvesen forventer derfor mindre kø enn tidligere meldt.
Skredsikringa i Fjæra er i hamn21.10.2026 11:10:29 CEST | Pressemelding
Sju månader etter det store steinskredet som stengde E134 Fjæra i Etne, er skredsikringsarbeidet i området på det næraste avslutta.
Kreativitet løste krevende skredsikring21.10.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Ved hjelp av kreative løsninger fra entreprenør har Statens vegvesen skredsikret Svotunnelen på rv. 13 i Rogaland.
Øving i E39 Bogstunnelen21.10.2026 08:15:00 CEST | Pressemelding
Det blir øving i Bogstunnelen i Høyanger, rett på nordsida av Sognefjorden og nordaust for Lavik ferjekai, onsdag 28. oktober.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom