Høgskulen i Volda

Tanken bak ei nyheitssak

Del

Kva er ei god sak for ein nyheitsredaksjon? Ei fersk bok frå journalistikkmiljøet ved Høgskulen i Volda zoomar inn på kvardagen i store norske mediehus.

HVO-forfattarane bak boka Tett på nyheitene.
Sju av ni forfattarar bak den nye fagboka frå journalistikkmiljøet ved Høgskulen i Volda (HVO). F.v.: Sandra Wangberg, Hild Nordal, Steinar Høydal (red.), Ellen Lexerød Hovlid, Rebecca Strand, Ivar John Erdal og Idar Flo. Medforfattarane Paul Bjerke og Charlotte Helleland var ikkje til stades. HVO / Steinarr Sommerset.

Har du nokon gong himla med auga over ei nettavis og tenkt: Er no dette noko å skrive om? Då har du, meir eller mindre bevisst, vurdert nyheitskriteria bak det du ser.

På den andre sida av overskriftene sit redaksjonane og vurderer det same – 100 prosent bevisst og i takt med ein heseblesande nyheitspuls. Men på kva måte gjer dei det? Dette er temaet for ei ny fagbok frå Institutt for journalistikk ved Høgskulen i Volda (HVO): Tett på nyheitene. Nyheitsvurderingar i fem redaksjonar (Cappelen Damm Akademisk).

Fluge på veggen … på desken

Førstelektor Steinar Høydal er redaktør for den nye boka som han og åtte HVO-kollegaer har forfatta. Saman har dei undersøkt det praktiske mediearbeidet i fem nasjonale redaksjonar.

Volda-teamet har vore «fluge på desken» hos NRK, TV 2, Nettavisen, Aftenposten og VG. Her har dei observert korleis redaksjonane gjer nyheitsvurderingar i praksis, og kva kvalitetskriterium dei legg til grunn når dei prioriterer og presenterer nyheiter på løpande band. Til hausten blir boka journalistpensum.

– Målet vårt har vore å formidle fersk innsikt i kva som føregår i mediebransjen, og at studentane skal få oppdatert pensum om korleis dei store media tenkjer. Kva ser dei på som ei god sak? Og kva avgjerder ligg bak ei sak som ikkje kjem på trykk? Redaksjonane gjer særs mange viktige vurderingar frå ein idé først blir lufta på eit morgonmøte og fram til ei sak blir publisert, fortel Høydal.

Store endringar på ti år

Utgivinga er ein «uoffisiell oppfølgjar» til boka Nyhetsvurderinger (2012), som også kom frå journalistikkmiljøet ved HVO. Eit drygt tiår seinare har mykje endra seg.

–  Dei grunnleggjande journalistiske prinsippa held jo stand. Men vi har sett korleis tempoet og krava til kva du skal levere, aukar.

Redaktøren beskriv ei utvikling der det har blitt sterkare kamp mellom ulike medium og overfor sosiale medium og dei store globale plattformene – og ein informasjonsstraum som har teke heilt av for både pressa som avsendar og vanlege folk som mottakar.

– For ti år sidan såg vi heller ikkje satsing på bestemte målgrupper, medan innhaldet no blir tungt spissa inn mot dei segmenta som mediehusa vil satse på eller ser at dei ikkje treffer. Samtidig har mange av dei nasjonale media blitt veldig like, og det kan skape meir grobotn for uavhengige medium, utdjupar Høydal.

Korleis klarte de å kome innunder huda på drivne og årvakne journalistar i arbeidet med boka?

 – Det handlar nok om korleis vi observerte utan innblanding, og at dei tenkte dette var folk dei kunne stole på: Vi forfattarane har sjølve alle jobba i ein redaksjon før, slik at vi skjønar kva som er greitt å bruke med omsyn til kjeldevern og presseetikk.

Vesentleg vaktbikkje

Det fremste kriteriet for at ein journalist skal lage ei nyheit om noko, er at saka skal vere vesentleg. Dette knyter seg til samfunnsoppdraget pressa har: «Den fjerde statsmakta» skal følgje nøye med på dei første tre – storting, regjering og domstol – som ei «vaktbikkje» som avslører maktmisbruk.

Den vanlege hugseregelen journalistar lærer for nyheitskriteria, er dei fem bokstavane i «VISAK»: vesentleg, identifikasjon, sensasjon, aktualitet og konflikt.

– I boka har vi også lagt til nokre ekstra bokstavar i «VISAK» som vi tenkjer kan vere veldig interessante, avslører Høydal.

Kva har de lagt til?

– Det kan ein lese om i boka, smiler redaktøren lurt, vel vitande om å ha kasta ut eit pirrande agn. Samarbeidet bak boka er eit godt døme på korleis journalistikkmiljøet ved HVO held seg fagleg oppdatert og samtidig praktisk retta.

– Blir dei tilsette innan profesjonsstudiet reine akademikarar utan kontakt med mediebransjen, har ikkje Volda dei lærekreftene som trengst for å oppretthalde eit forsvarleg journalistikkstudium. Vi må spegle mediebransjen – samtidig som vi må liggje i forkant av dei, understrekar Høydal.

Ser lyst på framtida for journalistyrket

I boka viser forfattarane korleis medieverda har endra seg mykje det siste tiåret. Men kva med framtida? Vi kjem ikkje utanom kunstig intelligens (KI). Fiffig nok: Volda-forfattarane var fluge på veggen i redaksjonane akkurat den veka ChatGPT blei lansert – chatroboten som for alvor opna auga våre for kunstig intelligens (KI).

– Eg trur ikkje KI er ein trussel, men noko som kan hjelpe journalistane med å få konsentrere seg om gravejournalistikk framfor det meir rutinemessige. Og i møte med falske nyheiter har det aldri vore større behov for fagleg dyktige journalistar som ser kva som er rett. Eg trur ikkje journalistyrket kjem til å sjå nokon nedgang på grunn av KI, meiner Høydal.

Redaktøren er nøgd med at HVO-kollegiet har laga ei bok som kan vere til nytte for både studentar, journalistar, medieinteresserte og dei som sjølve figurerer i pressa.

– I tillegg til innblikka i redaksjonane har vi også kapittel som oppsummerer medieutviklinga det siste tiåret, løftar pressejuridiske perspektiv og drøftar kva journalistikk eigentleg er. Eg synest vi byr på spennande lesing med mykje å fortelje, og eg trur boka dokumenterer noko viktig for den tida vi er i, avsluttar Høydal.

Fakta om boka

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

HVO-forfattarane bak boka Tett på nyheitene.
Sju av ni forfattarar bak den nye fagboka frå journalistikkmiljøet ved Høgskulen i Volda (HVO). F.v.: Sandra Wangberg, Hild Nordal, Steinar Høydal (red.), Ellen Lexerød Hovlid, Rebecca Strand, Ivar John Erdal og Idar Flo. Medforfattarane Paul Bjerke og Charlotte Helleland var ikkje til stades.
HVO / Steinarr Sommerset.
Last ned bilde
HVO-førstelektor Steinar Høydal med boka «Tett på nyheitene», som han har redigert.
Redaktør Steinar Høydal er nøgd med at HVO-kollegiet har laga ei bok mange kan ha nytte av.
HVO / Steinarr Sommerset
Last ned bilde

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye