Høgskulen i Volda

Å lære koding gir unge trua tilbake

Del

Med rett hjelp kan gaming-interesse bli både IT-kompetanse og ny giv. Unge i utanforskap får motivasjon og moglegheiter gjennom Nav-tilbodet «Grunnleggande programmering», viser forsking frå Høgskulen i Volda.

Samarbeidspartnarar frå HVO, Nav og Jobloop.
Godt samarbeid om programmering mot utanforskap (f.v.): Marte Jelle, leiar for Nav Ørsta-Volda, Ole Kristian Myrbostad, seniorrådgivar i Nav Møre og Romsdal, John-Arne Lillebø, tiltaksleiar og kursleiar i Jobloop, Terje Rolén, seniorrådgivar i Nav Møre og Romsdal, og Erlend Walseth, førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag på Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset

– Programmering, det er sånn: Mange gonger føler eg at eg ikkje får det til, men så når ein endeleg løyser problemet, så blir det liksom: «Yes!»

Det fortel ein av dei unge deltakarane i eit nytt Nav-tiltak til forskarar frå Høgskulen i Volda (HVO).

Den ferske forskingsrapporten Forskarblikk på Nav-tiltaket «Grunnleggande programmering» viser korleis unge i utanforskap som er interesserte i dataspel (gaming), har opplevd meistring og moglegheiter gjennom eit praktisk retta årskurs i programmering.

Forskinga botnar i eit samarbeid mellom HVO og Nav Møre og Romsdal, og kurstilbodet har selskapet Jobloop gjennomført på oppdrag frå Nav i Kristiansund, Ørsta og Ålesund.

Ein meiningsfull overgang til arbeidslivet

«Kurset gir ei kjensle av å vere på veg mot noko og å ta tilbake kontrollen i eige liv», skriv forskarane om den sosiale verdien ved Nav-tiltaket.

Tilbodet er retta mot unge i aldersgruppa 18–30 år som ikkje er i arbeid, utdanning eller opplæring. Den potensielle målgruppa er enorm: 114 000 unge vaksne (20–29 år) stod utanfor norsk arbeidsliv i 2024.

Kurset består av seks månader med teori og deretter like lang praksis i ei bedrift. Kva dei lærer, er tilpassa etterspørselen i den lokale IT-bransjen.

Målet er at dei unge i utanforskap skal få relevant IT-kompetanse og sosial støtte som skal styrkje overgangen deira til arbeidslivet.

– Tilbodet er for godt til å takke nei

Dei som har forska på korleis dette har fungert, er professor Roar Stokken, førsteamanuensis Erlend Walseth og masterstudent Gracia Mukulu ved HVO.

Analysen til forskarane viser at deltakarane synest tiltaket er meiningsfullt og framtidsretta.

– Nokre av deltakarane har opplevd tilbodet som for godt til å takke nei til! Mange har fått ei positiv innstilling gjennom at problem er snudde til moglegheiter, seier HVO-forskar Walseth.

Gjennom kurset har dei unge tileigna seg viktige og arbeidsrelevante ferdigheiter, både fagleg og sosialt.

– Det gir oss også noko å stå opp til, og ikkje berre liggje og dra seg i senga, fortel ein av deltakarane som er intervjua i rapporten.

– Verda er litt sånn tullerusk akkurat no. Så det å ha noko å gå til og halde på med, og det å ha eit fellesskap, det er godt, fortel ein annan.

Bedriftene ringjer og vil ha kursdeltakarar

Kursdeltakarane som forskarane har intervjua, er frå det første kullet på Nav-tilbodet i Møre og Romsdal. Tiltaket byrja i Bergen for fem år sidan og byggjer vidare på gode erfaringar mellom anna derifrå.

– Bedriftene ringjer oss og lurer på kva tid neste kull er klare. Bedriftene vil gjerne ha kursdeltakarane på praksis sjølv om dei berre har seks månader teori og inga formell utdanning bak seg. Deltakarane er så motiverte, og dette viser igjen på arbeidskapasiteten deira etter kurset – dei vil så gjerne, fortel John-Arne Lillebø, som er tiltaksleiar i Møre og Romsdal og kursleiar i Ørsta for Jobloop.

Frå jobben med å kurse dei unge gjennom Nav-tiltaket kjenner Lillebø seg godt igjen i forskingsresultata.

– Rapporten bekreftar det eg sjølv har sett: progresjonen til deltakarane, meistringskjensla dei har fått undervegs, trua på livet og gleda av å kunne bidra i samfunnet.

Nav har endra perspektivet

Nav byrja allereie i 2016 å utforske korleis dei kunne knyte gaming-interesse blant unge i utanforskap til eit målretta, praktisk tiltak. Det fortel Ole Kristian Myrbostad, seniorrådgivar i Nav Møre og Romsdal.

– I staden for å seie at du må kutte ut gaming og kome deg ut i arbeid og utdanning, kan vi heller sjå på korleis ein kan bruke det som relasjonsbygging, og korleis hobbyen til dei unge kan ha overføringsverdi til arbeid og utdanning.

Nav-kollega og seniorrådgivar Terje Rolén fortel at rekrutteringa til kurset har bestått av at Nav-rettleiarar har presentert tilbodet i intervju av unge brukarar med gaming- eller datainteresse.

– Mange av dei har verken hatt ei interesse for programmering tidlegare eller visst heilt kva det dreiar seg om, men så har dette vakse på dei undervegs i kurset.

Deltakarane får attraktiv kompetanse

Nav i Møre og Romsdal er no pilotfylke saman med Troms og Finnmark for å utvikle tiltak knytte til gaming. Myrbostad fortel at det også er viktig å knyte dette til kva næringslivet treng.

– Vi veit at samfunnet har eit stort behov for IT-kompetanse framover, og her tenkjer vi at mange i utanforskap er ein uutnytta ressurs vi kan oppkvalifisere, seier Myrbostad og Rolén.

Programmeringskurset som HVO-forskarane har undersøkt, heng saman med ungdomsgarantien i Nav. Denne skal sikre god og tett oppfølging av unge under 30 år, med mål om at fleire fullfører utdanning og kjem i arbeid.

Forskarane dreg fram ein klar arbeidslivsrelevans i rapporten, der dei mellom anna skriv at kompetansen frå kurset gir deltakarane eit konkurransefortrinn på tvers av bransjar: «Tiltaket gir dei ikkje berre eit yrkesretta løp, men også høve til å bli sjølvstendige og ansvarlege aktørar i eige liv.»

– Dette er ei viktig politisk satsing for ei samansett gruppe, og Nav skal jobbe mykje med å innrette gode tiltak. Vi har potensial til å bruke mykje meir forsking for å forstå korleis vi skal forvalte dette, fortel Myrbostad.

Utfordrande, men rask meistring

HVO-forskar Erlend Walseth ser interessante sider ved korleis Nav møter gaming-interesserte i utanforskap med mindre pisk og meir gulrot samanlikna med tidlegare.

– I rapporten ser vi på kor viktige relasjonane er. Nokre av ungdommane gir i intervjua inntrykk av at dei tidlegare ikkje berre har opplevd å ha stått stille, men føler at dei nærmast har gått bakover. Gjennom dette tilbodet har dei fått ei meiningsfull handsrekking som kvalifiserer dei til noko dei sjølve har trua på.

Det at dataprogrammering er ei krevjande ferdigheit å tileigne seg, ser ikkje ut til å skremme bort deltakarane som står utanfor utdanning og arbeidsliv.

– Fordelen med programmering er at det gir rask meistring. Du får synlege resultat og rask tilbakemelding på om du meistrar det. Kjensla av meistring er også planlagd inn i eit godt pedagogisk opplegg, seier Walseth.

Når Noreg treng både meir IT-kompetanse og fleire unge ut i arbeid, ser forskarane mange gevinstar ved eit tiltak som stettar ulike samfunnsbehov samtidig.

– Nav har samfunnsmandat til å tryggje og hjelpe unge, men også støtte og sikre ein velfungerande arbeidsmarknad. Dette tiltaket skaper derfor ein veldig fin vinn-vinn-situasjon, meiner Walseth.

Ein av deltakarane uttrykkjer det slik overfor forskarane:

– Eg er så glad. For no kan eg kjenne at talenta mine og ferdigheitene mine faktisk blir tekne i bruk.

Fruktbart samarbeid mellom Nav og høgskulen

Nav Ørsta-Volda, som har rekruttert fleire av deltakarane, blir leia av Marte Jelle. Ho synest det er verdifullt at HVO-forskarane har analysert korleis tiltaket har treft ei viktig satsingsgruppe for Nav.

– Det er veldig spennande at ein no har funne og fått testa eit målretta tiltak for unge med gaming-interesse. Det er nyttig sjå korleis det sosiale aspektet med arbeid i eit fellesskap har vore positivt for deltakarane, og korleis dei konkrete oppgåvene har skapt meistring undervegs. Eg trur vi kan lære av den gode metodikken vidare i slike prosjekt og tiltak retta mot brukarar under 30 år.

Sjølv om deltakarane fortel mykje positivt om tilbodet i forskingsrapporten, er nokre også kritiske til informasjonsflyten frå Nav og at oppfølginga ikkje er tett og tydeleg nok undervegs.

– I rapporten ser vi kor viktig denne kontakten er, altså at Nav held godt i deltakarane gjennom kurset. Dette gjeld også i andre tiltak, at brukarane våre har den nødvendige støtta frå sin trygge rettleiar, seier Jelle.

Forskingsrapporten byggjer på eit godt og utstrekt samarbeid mellom HVO og Nav i Møre og Romsdal.

– Eg er veldig glad for at ein er så tett på, og no jobbar vi med fleire idear i dette samarbeidet, så det er mykje spennande som kan skje framover, smiler Jelle.

HVO-forskar Walseth har stor tru på gevinstane ved meir samarbeid mellom Nav og høgskulen sitt fagmiljø innan sosialt arbeid.

– Vi kan spele kvarandre sterke. Det gjeld både det regionale nedslagsfeltet til høgskulen og framtidige arbeidsplassar for studentane våre. Tidlegare forsking har kanskje stått mykje på utsida og kritisert, men vi må også forske meir på tilboda som faktisk fungerer for dei som treng det, meiner Walseth.

Éin kursdeltakar kjem med ei klar oppmoding i rapporten:

– Meir sånne tiltak som dette her kunne frigjort ressursar i Nav. Liknande kurs som dette her, berre for andre sektorar og slikt. Det hadde vore veldig fint.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Samarbeidspartnarane frå Nav, HVO og Jobloop.
Samarbeidspartnarane frå Nav, HVO og Jobloop møttest nyleg på høgskulen for å diskutere forskingsrapporten og nye idear til framtidige prosjekt.
Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye