Doktordisputas: Dag Erik Wold
2.11.2026 10:08:48 CET | Høgskulen i Volda | Pressemelding
13. november 2026 skal Dag Erik Wold forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.

Dag Erik Wold forsvarer avhandlinga si for ph.d.-graden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda fredag 13. november 2026.
Avhandlinga har tittelen Barske vekttall. Hvilke forståelser lå til grunn for utviklingen av friluftsliv i høyere utdanning?
Disputasen i Volda er avsluttande del av doktorgradsstudiet «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling», gitt av Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.
- Programmet for disputasen: https://www.hivolda.no/disputas/disputas-dag-erik-wold
Om avhandlinga
Avhandlinga gir eit historisk innblikk i korleis friluftsliv har blitt eit eige fag i høgare utdanning, i spenninga mellom teknisk ferdigheitstrening og breiare danningsmål.
Ved å granske historiske dokument og intervjue nøkkelpersonar viser Wold korleis faget har forma seg i spenningar mellom urbane overskotsverdiar og økologisk medvit. Avhandlinga peikar på dilemma som har vore der sidan friluftsliv vart etablert innanfor høgare utdanning. Tidlege pedagogiske idear, slik som langferda sine krav om varigheit og ikkje-konvensjonelle mål, blir drøfta i lys av nyare transformativ læring.
Wold argumenterer for at dagens friluftslivsutdanning bør gi ny kraft til desse økofilosofiske røtene for å hjelpe studentane til å ta eit større økologisk ansvar i samfunnet.
Bakgrunn
Bakgrunnen for doktorgradsarbeidet er Wold si eiga erfaring gjennom mange år som lærar i friluftsliv. Herifrå vaks det fram ei stor nysgjerrigheit på kva forståingar som låg til grunn for etableringa av friluftslivsfaget i høgare utdanning, og kva tankar og utviklingslinjer pionerane bak utviklinga av fagfeltet stod for.
Friluftsliv som eige tema kom inn i høgare utdanning på slutten av 1960-talet, men vart først rundt 20 år seinare eit større fagfelt ved fleire universitet og høgskular. Fagfeltet var frå byrjinga nært knytt til idretts- og kroppsøvingsutdanning, men har etter kvart utvikla seg til eigne bachelorutdanningar, som i dag også er kopla til både guideutdanning og helsefag. Sjølv om utdanningane innan friluftsliv har endra seg mykje, har det i liten grad vore forska systematisk på denne institusjonshistoriske utviklinga fram til no.
Kva betydning kan forskinga få?
Forskingsarbeidet er relevant i friluftslivsundervisninga i høgare utdanning. Forskinga bidreg til å synleggjere sentrale spenningar i faget – som tilhøvet mellom instrumentell tilpassing og frigjerande danning. Forskinga peikar også på konkrete vegar vidare for korleis utdanningane kan kople saman praktiske ferdigheiter og naturforståing, danning (økodanning) og transformativ læring.
Studien identifiserer tid, fordjuping og ei langsam tilnærming som avgjerande kvalitetar for å endre studentane sitt tilhøve til naturen. Samstundes gir arbeidet viktig kunnskap til avgjerdstakarar og institusjonar innan høgare utdanning som skal forvalte og forme friluftslivsfaget i framtida. Men innsikta kan òg vere relevant for tilgrensande skuleslag som folkehøgskular og fagskular.
I ein større samanheng viser avhandlinga korleis dei historiske og økofilosofiske røtene til friluftslivet kan gi viktige bidrag til å møte dagens natur- og miljøutfordringar.
Om doktoranden
Dag Erik Wold (53) har sidan 2007 arbeidd som høgskulelektor i friluftslivsfag ved Høgskulen i Volda. Han har tidlegare arbeidd som folkehøgskulelærar, og han har òg brei praksis med friluftslivsrettleiing for barn og unge, frivillige organisasjonar og redningsarbeid.
Wold har graden cand.scient. (2002) og hovudfag i idrett frå Noregs idrettshøgskole (2001) med oppgåva «Ved indianernes leirbål og i offiserenes rekker – en analyse av friluftslivet i norsk speiderbevegelse». Han har også toårig utdanning i friluftslivsfag, kultur- og naturrettleiing frå Høgskolen i Telemark, mellomfag i historie frå Universitetet i Oslo og PPU frå Høgskolen i Hedmark.
Nøkkelord
Kontakter
Kommunikasjonskontoret
kommunikasjon@hivolda.noBilder

Lenker
Om oss
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Doktordisputas: Reidar Haug20.2.2026 12:39:38 CET | Pressemelding
6. mars skal Reidar Haug forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Velkomen til Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda9.2.2026 13:44:51 CET | Presseinvitasjon
Onsdag 11. februar inviterer Høgskulen i Volda til Internasjonal dag – ein festdag og markering av internasjonal aktivitet ved høgskulen.
Hans Strøm 300 år: Jubileet opnar med lunsjseminar 23.1.13.1.2026 11:19:05 CET | Presseinvitasjon
I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Fredag 23. januar kl. 11.30 ønskjer vi velkomen til opning av 300-årsjubileet med lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda.
Å lære koding gir unge trua tilbake8.1.2026 13:59:00 CET | Pressemelding
Med rett hjelp kan gaming-interesse bli både IT-kompetanse og ny giv. Unge i utanforskap får motivasjon og moglegheiter gjennom Nav-tilbodet «Grunnleggande programmering», viser forsking frå Høgskulen i Volda.
Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad1.12.2025 10:27:06 CET | Pressemelding
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom