Oppmodar til trafikksikker åtferd ved Låtefoss og i Oddadalen elles
25.7.2024 14:39:32 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Sommaren med mange turistar og festivalar har også i år gitt store trafikale utfordringar i Oddadalen. Statens vegvesen og politet åtvarar mot trafikkfarleg åtferd.

Størst er problema ved landemerket Låtefoss. Der oppstår det fleire gongar om dagen trafikkfarlege situasjonar på den tronge vegen.
– Vegbreidda på strekninga får me ikkje gjort så mykje med, men me vil oppfordra folk til god trafikantåtferd, seier fung. avdelingsdirektør Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen og politistasjonssjef Øystein Torsnes i Hardanger.
Dette er problema
Sommaren gjer at det er mykje meir trafikk enn vanleg, mellom anna med bubilar. Det har vore lange køar og stuving av trafikk.
Det vert parkert ulovleg ute i vegen, og folk går ut på brua for å fotografera utan tanke på trafikktryggleik.
Me forstår at mange ynskjer å oppleva den flotte fossen på nært hald, men bodskapen frå Vegvesenet og politiet er klar, seier Navarsete og Torsnes.
– Det er både forbode og farleg å parkera i vegbana. Både naudetatar, næringstransport og andre er avhengige av framkomsten på vegen. Parkerte bilar i vegbana gir redusert framkomst og er sikthinder som kan skapa farlege situasjonar, understrekar dei.
– Tenk trafikktryggleik, både som sjåfør eller fotgjengar. Ikkje gå ut på brua ved Låtefossen og ta bilete viss det ikkje er trygt. Og vér merksam på at lyden frå fossen gjer at du ikke høyrer trafikken, legg dei alvorleg til.
Mykje trafikk nokre veker til; dette vert gjort no
Festivalsommaren er ikkje over, så dei trafikale utfordringane i Hardanger vil vara endå nokre veker.
Statens vegvesen får trafikkdirigentar på jobb ved Låtefoss. Respekter jobben dei gjer, og følg tilvisingane.
Statens vegvesen varslar trafikantane på aktuelle digitale vegskilt, og i digitale kanalar.
Nøkkelord
Kontakter
Henny-Kristin Asperanden NavarseteFungerande avdelingsdirektørStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95559923henny-kristin.navarsete@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Øystein TorsnesPolitiet
Tel:95066780oystein.torsnes@politiet.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid på E39 i Vestnes4.11.2026 13:32:06 CET | Pressemelding
Arbeidet skjer mellom Furnes og Vestnes kyrkje.
Styrker vinterdriften på riksveg 3 i Østerdalen4.11.2026 12:11:12 CET | Pressemelding
Statens vegvesen vil styrke vinterdriften på riksveg 3 i Østerdalen. Hensikten er å bedre framkommelighet og beredskap vinterstid.
Éin million har lasta ned Vegvesen trafikk4.11.2026 11:36:02 CET | Pressemelding
Vegvesen trafikk har passert éin million nedlastingar. Appen gir trafikantane oppdatert informasjon om trafikk, vêr og framkomst og bidrar til tryggare og meir føreseielege reiser.
Avlyser utvida stengetid i Nappstraumtunnelen3.11.2026 12:59:22 CET | Pressemelding
Statens vegvesen innfører ikkje utvida nattestenging av Nappstraumtunnelen slik tidlegare varsla. Ordinær nattestenging frå kl. 23.00 til 06.00 gjeld framleis.
Nå får tungbilsjåførene nye hvileplasser ved E18 i Telemark2.11.2026 15:18:54 CET | Pressemelding
Den nye døgnhvileplassen ved Grenlandsporten blir et nytt stoppested for hvile og lading for tungbilsjåfører langs E18.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom