Nattestengjer E16 for å ta ned steinblokk
26.6.2024 12:15:59 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen må fjerna ei steinblokk i fjellsida ved E16 Flenjatunnelen, på austsida mot Flåm.

Det var i samband med ein rutinemessig geologisk inspeksjon det vart oppdaga sprekker bak ei steinblokk.
– For trafikktryggleiken si skuld ser vi oss nøydde til å ta vekk blokka, seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.
Jobben skal gjerast natt til fredag denne veka.
– I samband med rigging av jobben (sikring av tunnelportal, skilt og tekniske installasjonar), blir det kontinuerleg ledebilkøyring i området frå klokka 18.00 torsdag. Frå midnatt stengjer me vegen, og den blir stengd til vi har fått ned blokka, og rydda eitt køyrefelt. For naudetatar freistar vi å få opp eit køyrefelt så snart som mogleg.
Denne saka at er eit døme på at Statens vegvesen har eit strengt inspeksjonsregime på landets riks- og europavegar.
– Ved å ha inspeksjonar med faste intervall har me oversikt over tilstanden på og ved vegen. Då avdekkjer me tilhøve som dette, og har grunnlag for å setja inn rett tiltak til rett tid. I dette høvet er det riktig å ta ned steinblokka med ein gong, slik at vi skal kunna tilby trafikantane trygg veg. Vi forstår at stengd veg kan skapa konsekvensar for trafikantane, men konsekvensane kan bli større viss me ikkje gjer dette, avsluttar Morten Ørbech Mo.
Nøkkelord
Kontakter
Morten Ørbech MoStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90132904morten.orbech.mo@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Godt i gang med skredsikring på Skredestranda22.5.2026 12:57:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er godt i gang med skredsikring på E39 Skredestranda i Stad kommune i Nordfjord.
Vegarbeid på E136 ved Førnessvingen i Vestnes kommune22.5.2026 12:49:23 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter i juni vegarbeid på E136 ved Førnessvingen, mellom Gjermundnes og Hjelvika i Vestnes kommune. Arbeidet skal pågå til desember 2026.
Lyser ut konkurranse om ny Fale bru i Sunndal22.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har lyst ut konkurransen om å bygge ny bru på Rv. 70 over elven Driva. Anslått kostnad er på 453 millioner kroner.
Brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen21.5.2026 18:49:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, saman med nødetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.
Statens vegvesen avslørte «postkassefirma»21.5.2026 12:53:21 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tilbakekalt alle transportløyvene til et transportselskap som kun var etablert i Norge med en postadresse, uten reell drift i landet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom