Arbeid på E39 ved Troldhaugen
19.11.2026 12:15:50 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen gjer fram til jul arbeid på E39 Skiparvik bru, sørgåande retning, like sør for Troldhaugen i Bergen.

Vedlikehaldsarbeidet starta denne veka, og pågår heile døgnet fram til 21. desember. Det vil også bli arbeid etter jul, fram til april.
Brufugene skal byttast til tette fuger for å ta vare på konstruksjonen under. Det er nødvendig med ein del utstyr i samband med arbeidet, noko som gjer at både venstre og høgre køyrefelt er stengd. Trafikken vert leia over på banketten, altså stripa langs kanten av køyrebana.
– Vi har forståing for at dette vegarbeidet er krevjande for trafikantane på denne høgt trafikkerte strekninga, men dette er nødvendig bruvedlikehaldsarbeid som ikkje kan venta, seier byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens vegvesen.
Brua vart bygd i 1978 og skal den vare i 50 år til må dette gjennomførast.
Det kan bli noko venting, i verste fall opp mot 60 minutt.
Statens vegvesen tilrår trafikantar som kan, å velja andre køyrevegar, til dømes til og frå Bergen lufthavn Flesland. Knappetunnelen er eit godt alternativ.
Statens vegvesen tilrår som alltid trafikantar å planlegga ruta si via appen Vegvesen trafikk, eller på Vegvesenets nettside 175.no.
Kontakter
Gunnar JuuhlByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41614293gunnar.juuhl@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid i to rv. 5-tunnelar i Sunnfjord18.11.2026 08:15:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen gjer elektroarbeid i Hornnes- og Bjørnsnestunnelen mellom Førde og Naustdal kommande veke.
Mer venting på E6 i Salten18.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Fra mandag øker ventetida på E6 ved Setså i Saltdal kommune i Nordland.
Opna ¼ av OPS Hålogalandsvegen17.11.2026 17:59:47 CET | Pressemelding
I dag blei E10/rv. 85 Kanstadbotn–Langvasseid offisielt opna. Det sikrar trygg, rask og god framkomst mellom Lødingen og Sortland.
Spuntarbeider forårsaket strømbrudd i Sarpsborg16.11.2026 12:30:59 CET | Pressemelding
I forbindelse med spuntarbeider på anlegget for prosjektet "Rv. 22 Hafslund-Dondern" ble det mandag morgen strømløst på et stort område.
Skal du finna eigaren av eit køyretøy? Sjekk om du kan få opplysningane gratis16.11.2026 10:11:26 CET | Pressemelding
På vegvesen.no finn du kven som eig eit køyretøy gratis.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom