Statens vegvesen

Arbeid i to rv. 5-tunnelar i Sunnfjord

18.11.2026 08:15:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen gjer elektroarbeid i Hornnes- og Bjørnsnestunnelen mellom Førde og Naustdal kommande veke.

Hornnes- (til høgre) og Bjørnsnestunnelen på rv. 5 mellom Førde og Naustdal. Illustrasjon: Statens vegvesen
Hornnes- (til høgre) og Bjørnsnestunnelen på rv. 5 mellom Førde og Naustdal. Illustrasjon: Statens vegvesen

Slik blir trafikkreguleringa 

21.00-23.00: Kontinuerleg ledebilkøyring. 

23.00-05.00: Timestengingar. Avgang frå Førde-sida kvar heile time med retur frå Naustdal-sida. 

05.00-06.00: Kontinuerleg ledebilkøyring. 

– Elles køyrer vi tilleggskolonner for eventuell rutegåande trafikk og utrykkingskøyretøy får passere så raskt som mogleg, seier byggeleiar Knut Roger Leivdal i Statens vegvesen. 

– Vi gjer alltid det vi kan for å minimere ulempene for trafikantane. Derfor har vi lagt arbeidet til natta, den tida av døgnet då det er minst trafikk, legg han til.  

Dette skal gjerast 

Arbeidet Statens vegvesen skal gjere, er å erstatte gamle lysarmaturar med nye LED-lysarmaturar.  

Vi skannar også tunnelane for å lage ein digital modell av dei, slik at vi har nøyaktig oversikt over utstyr og installasjonar, legg Leivdal til. 

– Desse opplysningane vert registrerte i Nasjonal vegdatabank (NVDB). Dette gir oss eit betre grunnlag for å kunne ta raske og riktige avgjerder viss det skjer noko i tunnelane. Dette er ein del av beredskapen som avgjerande for oss som veg- og tunneleigar, noko som bidreg til trafikktryggleiken, avsluttar Leivdal.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye