Kulturdirektoratet

Stor interesse for samisk kunst og kultur, men svak økonomi hindrar samarbeid

Del

Ein ny rapport viser at kulturverksemder over heile landet arbeider med samisk kunst og kultur. Men samiske aktørar som kan hjelpe fleire verksemder med å satse på samisk kunst og kultur, blir hindra av svak økonomi og liten kapasitet.

Techno Áhcci med DJ Idja
Techno Áhcci med DJ Idja. Foto: Elisabeth Rasmussen/Wonderline productions

264 kulturverksemder har svart på ei undersøking frå Kulturdirektoratet, Sametinget og Samerådet om korleis dei arbeider med samisk kunst og kultur. Litt over halvparten av verksemdene som ikkje er samiske seier at dei har programmert eller formidla samisk kunst og kultur det siste året.

– Sannings- og forsoningskommisjonen understrekar kunst- og kulturverksemders rolle i forsoningsarbeidet og oppmodar verksemdene til å bidra til å synleggjere, ta vare på og formidle samisk kunst og kultur. Eg er glad for at undersøkinga vår viser at mange kulturverksemder i Noreg arbeider med samisk kunst og kultur, og at dei gjer det fordi dei synest det er kunstnarisk interessant, seier direktør i Kulturdirektoratet Kristin Danielsen.

Eit kollektivt ansvar

Undersøkinga tyder på at det blæs ein samisk vind over det norske kulturlandskapet. Både internasjonale straumdrag, samepolitiske saker i Noreg og ikkje minst rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen blir nemnd som årsaker til engasjementet for å arbeide med samisk kunst og kultur. Samtidig seier 40 prosent av verksemdene som ikkje er samiske at dei ikkje reknar det som relevant å jobbe med samisk kunst og kultur.

– Kulturverksemder er kunnskapsstader og møteplassar som er med på å definere vår historie, samtid og framtid. Ved sida av Sametinget, har kulturpolitikken, offentleg forvaltning og kulturverksemder eit ansvar for å ta vare på, utvikle og formidle samisk kunst og kultur. At utstillingar, oppsetjingar, program og publikasjonar rommar mange og ulike stemmer er ein føresetnad for eit samfunn rikt på kunst og kultur, seier Danielsen.

Svak økonomi hindrar meir samisk samarbeid

Mange kulturverksemder peikar på at samarbeid med samiske aktørar kan gi dei nødvendig kunnskap og kompetanse til å satse meir på samisk kunst og kultur. Undersøkinga viser òg at samiske verksemder i aukande grad fungerer som rådgivarar for andre verksemder, men dei er gjennomgåande små, med svak økonomi og liten kapasitet til å drive samarbeid.

– Samiske kulturinstitusjonar- og aktørar er gode bidragsytarar til slike samarbeid, men då er det heilt nødvendig å styrkje rammene og ressursane deira slik at dei blir sette kapasitetsmessig i stand til å kunne komme den auka interessa i møte og ønskjer om samarbeid, i tillegg til å vareta kjerneoppgåvene sine, seier sametingsråd for kultur Maja Kristine Jåma.

Leiar for kulturavdelinga i Samerådet, Christina Hætta er spent på gjennomgangen av støtteordningane for samiske kunst- og kulturverksemder som regjeringa varsla om i kulturmeldinga «Kunstnarkår» (2023).

– Ein slik gjennomgang er rett startstad for å kartleggje og styrkje vilkåra for likeverdige samarbeid mellom samiske kulturverksemder og andre delar av sektoren, seier Hætta.

Vurderer tilrådingar

Rapporten foreslår fleire tiltak som kan auke kunnskap og byggje nettverk om samisk kunst og kultur, mellom anna ein kunnskapsbank og eit kompetanseprogram, og fleire arenaer for formidling og nettverksbygging. Det er òg eit behov for meir kunnskap og data.

– Kulturdirektoratet fortset samarbeidet med Sametinget og Samerådet om tilrådingane som kjem fram i rapporten. Vi vurderer òg tilrådingane opp mot stortingsbehandlinga av rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen seinare i år, seier Kristin Danielsen.

Fakta om undersøkinga

  • Proba samfunnsanalyse har gjennomført ei undersøking av korleis samiske og andre kulturverksemder over heile landet arbeider med samisk kunst og kultur. Kulturdirektoratet er oppdragsgivar i samarbeid med Sametinget og Samerådet. 
  • 599 kulturverksemder, blant desse 39 samiske verksemder, fekk tilsendt undersøkinga. 264 svarte på ho. Verksemdene får tilskot til drift av ein viss storleik innan felta musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst, museum og kulturarv. I tillegg er det gjennomført intervju med representantar frå 13 verksemder, blant dei samiske verksemder.
  • Undersøkinga gir innsikt i korleis kulturverksemdene arbeider med samisk kunst og kultur, kva dei legg vekt på i arbeidet og i kva grad ulike verksemder samarbeider om samisk kunst og kultur. Den klargjer også kompetansen for verksemdene på samisk kunst og kultur, og relevante kompetansehevingstiltak.
  • Rapporten er tilgjengeleg på norsk og nordsamisk.

Kontakter

Bilder

Techno Áhcci med DJ Idja
Techno Áhcci med DJ Idja. Foto: Elisabeth Rasmussen/Wonderline productions
Last ned bilde
Kristin Danielsen, direktør i Kulturdirektoratet
Kristin Danielsen, direktør i Kulturdirektoratet
Last ned bilde
Maja Kristine Jåma, sametingsråd for kultur
Maja Kristine Jåma, sametingsråd for kultur
Last ned bilde
Christina Hætta, leiar for kulturavdelinga i Samerådet
Christina Hætta, leiar for kulturavdelinga i Samerådet
Last ned bilde

Lenker

Om Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet har som formål å stimulere samtidens mangfoldige kunst- og kulturuttrykk og skal bidra til å løfte fram kulturens rolle i samfunnet.

Kulturdirektoratet gir statlige tilskudd til kunst og kultur over hele landet, driver utviklingsarbeid og er rådgiver for staten i kulturspørsmål.

Direktoratet er også sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnerstipend og Fond for lyd og bilde, som alle gir tilskudd på armlengdes avstand fra myndighetene.

Gjennom støtte til profesjonelle kunstnere, arrangører, utgivere og ulike kulturvirksomheter bidrar Kulturdirektoratet og de tre armlengdesorganene til at kunst og kultur skapes, dokumenteres, bevares og gjøres tilgjengelig for flest mulig. Målet er at Norge skal ha et levende og mangfoldig kunst- og kulturliv.

Vi har omtrent 150 ansatte og har kontorer i Oslo, Bodø og Trondheim.

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye