KulturdirektoratetKulturdirektoratet

Over 12 000 søknadar til Statens kunstnarstipend: No er vedtaka klare

Del

18. mars får 1003 kunstnarar Statens kunstnarstipend. – Å satse på kunsten er å investere i demokrati og fellesskap. Det er særleg viktig i tida vi lever i no, seier fungerande utvalsleiar Arnfinn Bjerkestrand.

Filmkunstnar Thea Hvistendahl er blant dei 1003 kunstnarane som får Statens kunstnarstipend. Ho får eittårig arbeidsstipend. Hvistendahl er aktuell med filmen «Håndtering av udøde». Foto:
Filmkunstnar Thea Hvistendahl er blant dei 1003 kunstnarane som får Statens kunstnarstipend. Ho får eittårig arbeidsstipend. Hvistendahl er aktuell med filmen «Håndtering av udøde». Foto: Erika Hebbert

Statens kunstnarstipend er tilskot som går direkte til enkeltkunstnarar slik at dei kan fordjupe seg i kunstnariske prosjekt som dei sjølv definerer. I år kom det inn over 12 237 søknadar frå kunstnarar i 23 ulike kunstnargrupper over heile landet. Alderen på søkjarane går frå starten av 20-åra til over 80 år. Utvalet for Statens kunstnarstipend har no bestemt kven som får tilskot.   

Sjå alle vedtaka i vedlegget nedst i saka.

– Å satse på kunst og kultur er å investere i demokrati og fellesskap. Det er særleg viktig i ei usikker og krevjande tid som no. Kunstnarar må sikrast gode levekår til å jobbe med fri og uavhengig kunst. Det kjem heile samfunnet til gode, seier fungerande utvalsleiar for Statens kunstnarstipend Arnfinn Bjerkestrand. 

44 nye stipendheimlar i 2024

Kultur- og likestillingsminister Lubna JafferyKultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Foto: Ilja C. Hendel
Regjeringa styrka Statens kunstnarstipend med 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024.

– Stipenda er viktige for å sikre at kunstnarar får tid og rom til å drive med kunstnarisk utviklingsarbeid og stipenda går direkte til kunstnarskap. Regjeringa styrkte ordningane under Statens kunstnarstipend med 20 millionar kroner for 2024 og det betyr mellom anna 44 nye stipendheimlar til fordeling i år. Dette er med på å sikre fleire kunstnarar ein meir stabil og føreseieleg økonomi i ei krevjande tid, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Stor konkurranse om midlane

Det rekordstore talet på søknadar vitnar om høg kunstnarisk aktivitet og kvalitet i Noreg. Konkurransen om midlane er stor.

– Vi har 120 representantar i 23 komitear som har vurdert søknadene. Dei har gjort tøffe prioriteringar og svært mange kvalifiserte søkjarar får avslag. Dersom vi skal følgje opp kulturmeldingas mål om levande kunstnarmiljø over heile landet, er ei framleis styrking av kunstnarstipenda det mest effektive tiltaket. Utvalet vil halde fram med å jobbe for det, seier Arnfinn Bjerkestrand. 

Nøkkelord

Kontakter

Arnfinn BjerkestrandFungerende utvalgsleder for Statens kunstnerstipend

Tel:91684281

Bilder

Arnfinn Bjerkestrand, fungerande utvalsleiar i Statens kunstnarstipend
Arnfinn Bjerkestrand, fungerande utvalsleiar i Statens kunstnarstipend
Last ned bilde
Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister
Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Statens kunstnarstipend

Statens kunstnarstipend legg til rette for at enkeltkunstnarar, gjennom å få direkte tilskot frå staten, skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. Ved tildeling skal det leggjast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet. 23 stipendkomitear utnemnde av kunstnarorganisasjonane vurderer og innstiller søkjarar. Til slutt er det utvalet for Statens kunstnarstipend, utnemnt av Kultur- og likestillingsdepartementet, som vurderer innstillingane frå stipendkomiteane og gjer vedtak. Kulturdirektoratet er sekretariat for Statens kunstnarstipend.

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye