Nytt samarbeid aukar tilgangen til internasjonal forsking
Tilgang til internasjonale publiseringskanalar er ein nødvendig føresetnad for å driva forsking. Ein ny avtale aukar tilgangen til tidsskrift, fagbøker og farmasiressursar.
I 2022 kutta Helsebiblioteket betydeleg i tilgangane til tidsskrift som er forhandla fram nasjonalt og som tidlegare har vore tilgjengelege for alle helseføretak. No har Helse Vest RHF og Universitetet i Bergen inngått eit viktig samarbeid som sikrar brei tilgang til sentrale tidsskrift for helseforsking.
– Forsking er ein stor og viktig del av helsevesenet, og tilgang til internasjonale tidsskrift er avgjerande for at tenesta skal ha tilgang på oppdatert fagkunnskap. Dette dannar grunnlaget for kvalitetssikring og utvikling av tenestetilbodet, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Eit etterlengta tilbod
Den nye avtalen gir tilgang til mange av dei største og viktigaste tidsskrifta innan medisin, i tillegg til Cochrane Library. Clinical Key gir tilgang til omtrent 800 fleire tidsskrift, 900 fagbøker i medisin og 2500 farmasiressursar, og ei samling med fagprosedyrar. Avtalen gjeld for Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger, Helse Vest RHF, Sjukehusapoteka Vest, Helse Vest IKT og private ideelle sjukehus. Helse Bergen har, som dei andre regionssjukehusa, ein eigen avtale.
– Det er svært gledeleg at me no får enklare tilgang til ny og oppdatert litteratur. Dette er etterlengta for alle forskarane i Helse Stavanger (Stavanger universitetssjuehus), men ikkje minst for alle klinikarar som treng enkel og rask tilgang til artiklar, seier viseadministrerande direktør og professor Elisabeth Farbu ved Stavanger universitetssjukehus.
Også Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen er positive til avtalen som styrkjer det regionale samarbeidet.
– Universitetet i Bergen og Helse Vest har lenge samarbeidt om forsking, innovasjon og utdanning. At me no utvidar samarbeidet til å omfatta tilgang til faglitteratur, er heilt avgjerande og vil styrkja begge partane. Me ser fram til å utforska vidare kva for nokre nye moglegheiter som ligg i dette, seier bibliotekdirektør Maria-Carme Torras-Calvo.
Eit stort løft for kunnskapsutvikling og kvalitet
– Helse Vest og Universitetet i Bergen har også inngått ein samarbeidsavtale for å styrkja felles innsats innan forsking, undervisning og opplæring, ved å bruka den auka tilgangen til medisinske tidsskrift. Eit felles samarbeid og engasjement mellom helsetenesta og akademia gir eit stort løft for kunnskapsutvikling og kvalitet i helsetenesta, seier Bjørn Egil Vikse.
I tillegg vil Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høyskolen på Vestlandet halda fram med å leggja til rette for meir tradisjonelle bibliotektenester ved dei ulike lærestadene og helseføretaka i regionen.
Bilder
Om Helse Vest
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Feira framsteg innan blodkreft, demensforsking og barnehelse1.11.2024 10:41:29 CET | Pressemelding
Helse Vest har delt ut prisar for framifrå forsking og innovasjon. Prisane gjekk til initiativ som har forbetra behandling av blodkreft, gitt ny kunnskap om demens, og styrkt helsetenester for barn og unge. Initiativ som har hatt mykje å seie for pasientbehandling og helsearbeid i regionen.
Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi27.9.2024 17:26:08 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetidene.
Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS28.8.2024 14:47:30 CEST | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.
Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk21.6.2024 15:30:00 CEST | Pressemelding
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.
Felles innsats for å få ned ventetidene20.6.2024 10:50:27 CEST | Pressemelding
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom