Landbruks- og matdepartementet

Kommunane må auka innsatsen for å ta vare på matjorda

Del

I eit felles brev frå landbruks- og matminister Geir Pollestad og kommunal- og distriktsminister Erling Sande, gjer dei kommunepolitikarane merksame på det ansvaret kommunane har for at Noreg skal nå målet om å bygge ned mindre matjord.

Tresking på nedbyggingsklart jorde på Moer, Ås i Viken.
©Oskar Puschmann/NIBIO

Stortinget har vedteke ein ny nasjonal jordvernstrategi, etter framlegg frå regjeringa. Strategien inneheld eit nytt og skjerpa nasjonalt mål for omdisponering av dyrka jord, og nye konkrete tiltak for å nå målet. I brevet frå dei to statsrådane bes kommunane om å vurdere nøye om det er viktige samfunnsomsyn som ligg til grunn når ein går inn for å omdisponere matjord til utbygging, og om ein har vurdert alle alternativ.

– Vi må gjera meir for å redusere nedbygginga av matjorda vår. Mattryggleik og sikring av areal for matproduksjon er blitt høgaktuelt og livsviktig. Vi er i gang med å følge opp den nye strategien. For å redusere omdisponeringa av dyrka jord er vi heilt  avhengig av kommunane tek sin del av ansvaret, sidan dei styrar arealpolitikken lokalt. Kommunane har gjennom arealplanlegginga eit stort ansvar for korleis landbruksareala blir forvalta, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Det viser seg no at moglegheita til å dyrke opp nye areal er særs avgrensa. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har i ein rapport frå 2023 synt at vi har låge reservar av jord som kan dyrkast opp, og lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

– Det viktigaste kommunestyret kan gjere, er å sørge for at kommunen har oppdaterte planar som tar jordvern på alvor. Gjennom god arealplanlegging, kan kommunane bidra til å ta vare på den dyrebare matjorda vår. Eg håpar alle lokale folkevalde vil vere med å sikre at også framtidige generasjonar har areal å dyrke mat på, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

I den nye jordvernstrategien er målet for omdisponering av dyrka mark satt til maksimalt 2000 dekar pr år, og målet skal nås innan 2030.

Nøkkelord

Om Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye