Vinn fram med samarbeid og gode løysingar
Bioingeniør – eit yrke for framtida? Heilt klart, meiner direktør Gunnar Mellgren på Laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus. No har han og resten av klinikken fått Helse Vest sin utdanningspris, for å bidra til å heve det faglege nivået på bioingeniørutdanninga.
Vi lever lenger enn før, vi får fleire sjukdommar, og kan stille fleire diagnosar. Vi kan raskare identifisere mikrobar for å finne rett antibiotikum, og i kreftforskinga gjerast det stadig gjennombrot. Dette er nokre av faktorane som gjer at vi i åra framover kjem til å ha bruk for endå fleire bioingeniørar til å arbeide med prøver av blod og vev, for å kunne stille diagnosar og vise vegen til rett behandling.
På Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er det til ei kvar tid studentar i praksis frå det Bergensbaserte bioingeniørstudiet til Høgskulen på Vestlandet (HVL). Her rettleier dei også master- og doktorgradstudentar, og tek imot internasjonale studentar i praksis.
– Vi har hatt eit godt samarbeid med høgskulen gjennom mange år, og var nok eit viktig talerøyr for dei for å auke talet på studieplassar på bioingeniørutdanninga til 60 for nokre år sida. Vi har vore sterkt engasjerte i korleis utdanninga kan bli best mogleg, seier klinikkdirektør Gunnar Mellgren på Laboratorieklinikken.
Innovative prosjekt
I grunngivinga frå juryen blir det trekt fram at Laboratorieklinikken i samarbeid med HVL har bidrege til utvikling og forbetring av bioingeniørutdanninga, mellom anna gjennom fleire innovative prosjekt. Nettsida epraksis.no er døme på tiltak som har skapt verdi.
Epraksis.no er ein digital læringsarena for bioingeniørutdanninga på HVL, og inneheld informasjon om praksisstudiane og ulike læringsressursar om analyseprinsipp og metodikk i medisinsk laboratorieteknologi.
– Vi har hatt gode studentprosjekt som også har ført til utvikling av ny teknologi, og desse er blant dei. Det er ulike tekniske løysingar som kan bidra til å gi endå betre undervisning, og gjer det mogleg å gjere tilgjengeleg det studentane skal lære på ein enklare måte, seier Mellgren.
Tilsett gjerne
Men det er først og fremst gjennom meister-svein-tankegangen at studentane skal lære. Ved å vere med erfarne bioingeniørar, og sjå korleis dei arbeider.
– Studentane får grunnutdanninga gjennom bachelorstudiet og praksis på 60 dagar i studietida, og så er vi veldig opptekne av å rekruttere dei til oss etterpå. Vi vil gjerne tilsetje mange bioingeniørar, understrekar Mellgren.
Mange studentar jobbar deltid i klinikken på kveldar, i helgar eller når det er fri frå studia.
– Desse har vi stor glede av.
Blodprøvetaking
Laboratorieklinikken har fem store og nokre mindre avdelingar der dei gjer analytisk arbeid innan medisinsk biokjemi, mikrobiologi, immunologi og transfusjonsmedisin, farmakologi, patologi, medisinsk genetikk og kreftgenomikk. Biobank Haukeland er også ein del av Laboratorieklinikken. Studentane er organiserte slik at dei er i praksis der ei stund for å få god kjennskap til seksjonen dei er knytt til, dei får intern opplæring og deltek i arbeidet som skjer i seksjonen.
– Blodprøvetaking er også ei viktig oppgåve til Laboratorieklinikken. Grunnlaget for det vi gjer er knytt til blodprøver eller vevsprøvar. Dette er viktige arenaer for læring, seier Mellgren.
Prisvinnar Laboratorieklinikken har også utmerkt seg gjennom engasjementet sitt i internasjonalt samarbeid og studentutveksling.
– Vi legg til rette for at utanlandske studentar kan ha praksis her, og har mange internasjonale studentar både i praksis og knytt til forskingsgruppene i Laboratorieklinikken, med studentar innanfor fleire fag, seier Mellgren.
Fleksibel utdanning
Direktøren ser at det vil vere behov for endå fleire bioingeniørar i framtida, og derfor har klinikken meldt frå om at dei ønsker endå ein auke i talet på studieplassar på HVL.
– Bioingeniørutdanninga er fleksibel, og gir eit godt grunnlag for arbeid mange stader innan laboratoriemedisin. Vi har hatt ein stor vekst innan medisinsk diagnostikk og talet på analysar er dobla dei siste ti åra, fortel han.
Den demografiske utviklinga i Noreg med fleire eldre og betre diagnostikk med fleire behandlingsmoglegheiter er blant det som dannar bakteppet for behovet.
– Sjølv om vii brukar teknologi til å automatisere ein del av det vi gjer, ser vi at det mang nye metodar som er personalkrevjande. Bioingeniør er eit yrke for framtida – det er heilt sikkert, seier Mellgren.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noHilde Brit ChristiansenDirektør for medarbeider, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.
Tel:41533809hilde.christiansen@helse-vest.noBilder
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Feira framsteg innan blodkreft, demensforsking og barnehelse1.11.2024 10:41:29 CET | Pressemelding
Helse Vest har delt ut prisar for framifrå forsking og innovasjon. Prisane gjekk til initiativ som har forbetra behandling av blodkreft, gitt ny kunnskap om demens, og styrkt helsetenester for barn og unge. Initiativ som har hatt mykje å seie for pasientbehandling og helsearbeid i regionen.
Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi27.9.2024 17:26:08 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetidene.
Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS28.8.2024 14:47:30 CEST | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.
Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk21.6.2024 15:30:00 CEST | Pressemelding
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.
Felles innsats for å få ned ventetidene20.6.2024 10:50:27 CEST | Pressemelding
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom