Polaris Media

Dag H. Nestegard tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende

Del

Styret i Fjordenes Tidende AS har tilsett Dag Hestetræet Nestegard (55) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Nestegard er i dag seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet og har lang erfaring som journalist, redaktør, forfattar og rådgjevar i mellom anna NRK Dagsrevyen, Bok & Samfunn, Redd Barna og Samferdselsdepartementet. Nestegard har nyleg laga dokumentarfilm om kraftutbygging og industriutvikling i Svelgen.

- Eg er oppriktig glad i folket og kulturen på kysten og gleder meg til å byggje vidare på det gode arbeidet dei tilsette i Fjordenes Tidende har lagt ned over mange år. Vi skal halde fram med fornyinga av lokalavisa slik at lesarane får eit stadig betre produkt, seier Dag H. Nestegard.

Fjordens Tidende er det største mediehuset i Nordfjord og har eit opplag på om lag 4.500. Lokalavisa gjev lesarane kvalitetsinnhald digitalt heile døgnet og kjem ut med papiravis to gonger i veka. Fjordenes Tidende er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media ASA. Nestegard som oppvaksen i Bremanger gleder seg til å ta fatt på jobben.

- Eg gleder meg til å flytte heim. Det skjer mykje spennande i regionen med eit sterkt næringsliv og Stad skipstunell som er eit eineståande prosjekt internasjonalt. Vi skal lage god journalistikk og utvikle Fjordenes Tidende vidare saman med lesarane og annonsørane.   

Dag H. Nestegard vil starte i stillinga 1. mars 2024 og tar over etter redaktør Håvar Fagerli som skal i gong med nye prosjekt.

- Vi er veldig godt fornøgd med tilsettinga av Dag H. Nestegard som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i mediehuset. Han har lang erfaring som journalist og redaktør og kjenner lesarane, nærmiljøet og næringslivet godt. Med Dag på laget skal vi ta nye steg og gje lesarane god journalistikk på alle plattformer, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.

Kontakter

Frank Støyva EmblemStyreleiar

Tel:98855952

Følg pressemeldinger fra Polaris Media

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Polaris Media på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Polaris Media

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye