Gjeve prisar til kreft- og stamcelleforsking
Forskar og overlege Lars Andreas Akslen får i år Helse Vest sin forskarpris for sitt arbeid innan kreftforsking. Prisen for årets unge forskar går til Siddharth Vivek Shanbhag, for jobben han gjer innan gjenoppbygging av bein i munnen.
Det handlar om tumormarkørar i kreftforsking og regenerasjon av beindefektar for vinnarane av årets forskarprisar i Helse Vest.
Overlege Lars Akslen ved Patologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Institutt for Klinisk medisin, Universitetet i Bergen fekk hovudprisen.
Siddharth Vivek Shanbhag, postdoktor ved Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland Universitetssjukehus og forskar ved Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen fekk prisen for årets unge forskar.
Begge prisane vart delte ut på Helse Vest sin forskingskonferanse 16. november.
– Det er sjølvsagt stort for meg å få denne prisen no. Det er ei anerkjenning av det eg, og vi, har jobba med, og det er veldig stas å bli sett pris på, seier Lars Andreas Akslen, som har forska på kreftsjukdom i heile karriera si.
Biomarkør i kreftforsking
I 2013 starta han jobben med å bygge opp «Centre for Cancer Biomarkers», eit senter som i dag husar kring 220 forskarar og støttespelarar. Det er her han har jobba mest med tumormarkørar.
– Ein biomarkør viser karakteren og identiteten til ein kreftsvulst, det er som eit fingeravtrykk. Vi ser for eksempel etter innhald av bestemte protein i svulsten, og ut frå ulike variablar kan vi sjå om han er aggressiv eller roleg. Ved bruk av slike styringsmarkørar kan vi tilpassae behandlinga etter sjukdommen hos den enkelte pasienten, fortel han.
Som lege har Akslen alltid jobba for pasientar. Framleis er han overlege på Haukeland sjukehus, der han har hatt ei bistilling i 35 år. Sidan 1988 har han jobba som overlege.
Detektiven som ville løyse kreftgåta
Ung Forskar-prisen
Prisen til ung forskar er ein pris i samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest. 38 år gamle Siddharth Vivek Shanbhag fekk prisen i år.
– Det er veldig stas å vinne pris. Det er min første pris frå Helse Vest, og det gir meg ein enorm motivasjon til å jobbe vidare. Eg kjenner at eg gjer eit relevant arbeid, og at eg er på riktig spor, seier Shanbhag.
Den indiske forskaren er utdanna tannlege. Han fullførte sin odontologiske utdanning i India, tok vidareutdanninga i Storbritannia og Sverige, og kom til Noreg i 2016 som doktorgradskandidat ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), Det medisinske fakultet på Universitetet i Bergen. Han har brukt fleire år på forskinga om gjenbygging av bein i munnen.
Stamceller frå munnhola
I si doktoravhandling forska Shanbhag på bruk av stamceller til beinregenerasjon. Regenerasjon av beindefektar er ei viktig behandling innan odontologi, ortopedi og traumatologi, der behandlingsalternativa i dag er lite effektive. Stamcelleterapi gir nye og lovande moglegheiter til pasientar med avansert tap av vev. Forskinga blei gjennomført ved bruk av diverse metodar og analyser i både in vitro-studiar og dyreforsøk.
– Når ei tann er skada og trekt ut, vil bein og vev under tanna etterkvart forsvinne. I dag blir dette erstatta med implantat, slik at den nye tanna har noko å stå på. Når det er mange tenner som manglar, har vi eit problem. Det ikkje nok bein i munnen til å feste implantata i.
I dag blir nytt beinvev dyrka fram av stamceller frå beinmarg frå hoftebeinet. Gjennom forskinga si, har Shanbhag sett på moglegheita av å ta ut stamceller frå munnholene i staden. Samstundes har han forbetra måten cellene blir dyrka i laboratoriet ved bruk av eit nytt vekstfaktorsupplement – platelysat. På den måten kan cellene bli hausta på ein enklare måte og vekse i sitt naturlege miljø.
Fakta:
- Helse Vest sin forskarpris går til Lars Andreas Akslen Overlege Lars Akslen, ved Patologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Institutt for Klinisk medisin, Universitetet i Bergen.
- Akslen vinn pris for si banebrytande forsking på tumormarkørar i kreftforsking
- Prisen for Ung Forskar går til Siddharth Vivek Shanbhag, postdoktor ved Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland Universitetssjukehus og forskar ved Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen.
- Shanbhag vinn pris for studien han har gjort innan regenerasjon av beindefektar.
- Helse Vest delar kvart år ut pris til god forsking. Den årlege forskingsprisen består av 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.
- Ung forskar-prisen fokuserer på talentfulle unge forskarar innan helsevitskapane i regionen.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder
Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Feira framsteg innan blodkreft, demensforsking og barnehelse1.11.2024 10:41:29 CET | Pressemelding
Helse Vest har delt ut prisar for framifrå forsking og innovasjon. Prisane gjekk til initiativ som har forbetra behandling av blodkreft, gitt ny kunnskap om demens, og styrkt helsetenester for barn og unge. Initiativ som har hatt mykje å seie for pasientbehandling og helsearbeid i regionen.
Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi27.9.2024 17:26:08 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetidene.
Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS28.8.2024 14:47:30 CEST | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.
Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk21.6.2024 15:30:00 CEST | Pressemelding
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.
Felles innsats for å få ned ventetidene20.6.2024 10:50:27 CEST | Pressemelding
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom