Ny rapport om nasjonal naturrekneskap
Miljødirektoratet utviklar ein nasjonal naturrekneskap etter rammer frå FN og EU. Ein ny rapport gir status for arbeidet, som skal vere ferdig i 2026.

FN har utvikla ein standardisert måte å samanlikne kunnskap, i det vi kallar ein naturrekneskap. Denne rekneskapen beskriv utbreiinga til økosystema og økologiske tilstand, og dei goda og tenestene som naturen gir oss. Desse blir ofte omtalte som økosystemtenester.
Norske styresmakter er i gang med å etablere ein nasjonal naturrekneskap etter FNs rammar, og etter krav som er venta å komme frå EU.
– Vi må slutte å bruke naturen som eit kredittkort utan grense. Naturrekneskapen gjer at kan vi følgje med på korleis naturen blir påverka av aktiviteten vår og kva nedbygging faktisk kostar oss i tap av natur og naturgode. Dette er ein aller første versjon som må utviklast vidare. Det er likevel eit svært viktig steg for å prioritere natur rettare i politiske avgjerder, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Første rapport viser status for arbeidet
No har Miljødirektoratet levert første rapport om dette arbeidet til Klima- og miljødepartementet.
Rapporten tek utgangspunkt i data som allereie er tilgjengelege om norsk natur, og blir derfor rekna som eit førstegenerasjons arbeid.
Naturregnskap basert på eksisterende data - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Sjølv om vi har mange gode data om norsk natur, er det ikkje rett fram å bruke dei i ein naturrekneskap etter rammene sett av FN og EU.
Rapporten viser at det står att mykje fagleg utviklingsarbeid før vi har på plass ein nasjonal naturrekneskap. Fram mot 2026 skal nye metodar blir utvikla. I tillegg skal eksisterande data tilpassast, og ny informasjon blir henta inn.
– Ein naturrekneskap vil gi oss oversikt over kva gode naturen gir oss, på same måte som ein nasjonalrekneskap gir oversikt over verdiskapinga i samfunnet. Dette vil bli eit viktig verktøy i arbeidet med å nå nasjonale miljømål og internasjonale forpliktingar, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.
For å ta arbeidet eit steg vidare, har Miljødirektoratet allereie sett i gang fleire utviklingsoppgåver og gitt oppdrag til forskingsmiljø.
Bakgrunn for oppdraget
Noreg har slutta seg til internasjonale konvensjonar og mål om ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og har også fastsett nasjonale mål for forvaltning av naturmangfald og naturgode.
For å kunne styre mot desse måla må naturforvaltninga byggje på relevant og oppdatert kunnskap om økosystema, og kunnskap om kva tilstand dei er i. I tillegg må vi vite kva gode og tenester naturen bidreg med, og kva betydning desse har for økonomi og samfunn.
Endringar i bruk av areal er den viktigaste drivaren for tap av natur og naturgode. Tilstanden i naturen blir i tillegg påverka negativt av forureining, overhausting, spreiing av framande artar og klimaendringar.
Lær meir om naturrekneskap: Naturregnskap - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Vil forby en av verdens mest skadelige fremmede krabber27.3.2025 20:16:01 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår å forby import av levende eksemplarer av den svært skadelige kinaullhåndskrabben, og seks andre krabbearter.
Vil forby ein av dei mest skadelege framande krabbane i verda27.3.2025 20:16:01 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår å forby import av levande eksemplar av den svært skadelege kinaullhåndskrabben, og seks andre krabbeartar.
Ødelagt natur skal repareres 50 nye steder27.3.2025 08:57:09 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet deler i år ut 21,5 millioner kroner i tilskudd til å reparere natur som ødelagte bekker, myrer og kulturlandskap.
Øydelagt natur skal reparerast 50 nye stader27.3.2025 08:57:09 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet deler i år ut 21,5 millionar kroner i tilskot til å reparere natur som øydelagde bekker, myrar og kulturlandskap.
Fant flere ulovlige produkter i nettbutikker27.3.2025 07:39:18 CET | Pressemelding
Miljødirektoratets kontroll av nettbutikker viste at flere produkter var ulovlige fordi de inneholdt helse- og miljøfarlige stoffer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom