Statens vegvesen

Statens vegvesen åtvarar mot køyring inn i sprengings-område

Del
Statens vegvesen med kraftig varsko: Trafikantar ignorerer trafikkdirigering og køyrer inn i område der det skal sprengast på E134 Haugalandet.
Frå anleggsområdet på E134 Austreim i Vindafjord. Foto: Statens vegvesen
Frå anleggsområdet på E134 Austreim i Vindafjord. Foto: Statens vegvesen

Det er på Austreim i Vindafjord at Vegvesenet no opplever ei trafikkåtferd som både er ulovleg og i verste fall livsfarleg.

I løpet av første veke på anlegget har vi registrert tre slike tilfelle. Dette er alvorleg! seier ein sterkt prega byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

– Slik kan vi ikkje ha det

Vi sprenger på staden, og er redde for at trafikantar skal havna inn i ein salve med dei alvorlege konsekvensar det i verste fall kan få, legg han bekymra til.

Slik kan vi ikkje ha det, og vil minna om at trafikkdirigentar er der for ein grunn. Og det er for å sørga det som alltid kjem først for Statens vegvesen på alle våre 10.600 kilometer med veg: Nemleg sikkerheita, seier han med ettertrykk.

Nullvisjon for drepne og hardt skadde

Trygge vegar er eit samfunnsoppdrag i Statens vegvesen og samarbeidspartnarar kvar dag, heile året, går dedikert inn for å løysa, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.

Då er det heilt avgjerande at trafikantane tek sin del av ansvaret her, mellom anna ved å følga signal frå trafikkdirigentar. Vi ønsker ikkje å setja nokon i potensielt farlege, og spesielt ikkje livsfarlege, situasjonar. Det gjeld alle stader der det er vegarbeid, og særleg der vi sprenger. Vi har ingen fleire å mista. Følg lysregulering og trafikkdirigentane sine beskjedar, for vårt alles beste, appellerer Stange.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Frå anleggsområdet på E134 Austreim i Vindafjord. Foto: Statens vegvesen
Frå anleggsområdet på E134 Austreim i Vindafjord. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye