Onsdag vert E16 Borgunds- og Seltatunnelen stengd i to timar grunna beredskapsøving

Det vil bli kolonnekøyring gjennom tunnelane frå klokka 17.00–1800 og 20.00–2100 i begge retningar, og heilt stengde tunnelar frå 1800–2000. Det blir kolonnekjøring om fv. 630 i tidsrommet tunnelane er stengde.
Det vil bli brukt røyk under øvinga og det vil vera ein del utrykkingskøyretøy til stades.
Det er naudetatar, 110-sentralen og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier sikkerheitskontrollør Svein Rune Vie i Statens vegvesen.
Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.
E16 Borgundstunnelen og Seltatunnelen er nyleg oppgraderte for å tilfredstilla tunneltryggleiksforskrifta. Dei ligg på E16, strekninga Lærdal–Borlaug.
Seltatunnelen ligg nokre få hundre meter frå Borgundstunnelen, og vert derfor også påverka av øvinga.
Nøkkelord
Kontakter
Svein Rune VieSikkerheitskontrollørStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:97161150svein.rune.vie@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
No startar Fellesprosjektet Arna-Stanghelle berg- og skredsikringsarbeid langs E169.5.2025 20:30:01 CEST | Pressemelding
Neste veke startar berg- og skredsikringsarbeid på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Arbeidet vil føre til kolonnekøyring på E16 på dagtid.
Sikring av Strindheimtunnelen og utbedring av Trønderbanen: Bruk kollektivtransport og alternative ruter9.5.2025 15:34:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og Bane NOR oppfordrer til bruk av kollektivtransport og alternative ruter når det skal gjennomføres sikringsarbeider for Strindheimtunnelen og modernisering av Trønderbanen parallelt.
Her skal Vegvesenet hindra flaum i framtida9.5.2025 14:26:43 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal byta ei stikkrenne på rv. 13 Verken for å unngå framtidige flaumar.
Stenger E10 ved Sæter i Hårvika to netter i mai9.5.2025 12:09:59 CEST | Pressemelding
E10 ved Sæter mellom Lødingen og Tjeldsundbrua må stenges helt natt til 14. og natt til 15. mai grunnet vegarbeid. Det er ingen omkjøringsmulighet ved arbeidsstedet.
Ekspertutvalg har gransket Morskogen-skredet i februar8.5.2025 10:22:03 CEST | Pressemelding
Ekspertutvalget mener kravene til geologisk oppfølging av veiskjæringer må bli bedre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom